Utdanning og kompetanse

Høgare utdanning

Studentar på førelesing
Etter vidaregåande skule kan elevane halde fram med høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Dei fleste universitet og høgskular er offentlege, og undervisninga er gratis for studentane. Det er det offentlege som betaler. Det er likevel vanleg at studentane betaler ei lita semester- eller studieavgift. Det finst også private høgskular. Der betaler studentane ein eigendel for undervisninga.

Kostnader til offentlege skular og universitet blir betalte av det offentlege, og utdanninga er gratis for befolkninga. Men både i offentleg og privat høgare utdanning må studentane sørgje for alt studiemateriell sjølv. Dette inneber at dei sjølve må kjøpe pensumbøker og forbruksmateriell.

Sjølv om universitet og høgskular er gratis, treng ein pengar til andre utgifter medan ein studerer. Det er derfor vanleg å låne pengar hos Lånekassen slik at ein kan betale husleige, mat og andre nødvendige ting medan ein studerer. På denne måten har alle som ønskjer det, høve til å ta høgare utdanning heilt uavhengig av familieøkonomien. Mange studentar arbeider også ved sida av studia for å få nok pengar å leve for.

Eit likeverdig utdanningstilbod

Eit moderne samfunn er avhengig av høg sysselsetting, teknologi, produksjon og nyskaping. Noreg treng derfor ei høgt utdanna befolkning. Dette bidreg det offentlege til, blant anna ved å tilby eit likeverdig utdanningstilbod til alle.

Omlag 30 prosent av vaksne i Noreg i dag har høgare utdanning. Fleire og fleire unge tek høgare utdanning, og utdanningsnivået i Noreg blir stadig høgare. Over 60 prosent av studentane i dag er kvinner, og kvinner har eit litt høgare utdanningsnivå enn menn.

Alle som har studiekompetanse frå vidaregåande skule, kan søkje om studieplass på høgskular og universitet.

Samordna opptak styrer opptaket til høgskular og universitet.

Fakta

Statens lånekasse for utdanning

Lånekassa gjev stipend og lån til elevar og studentar i Noreg og til norske studentar som tek utdanning i utlandet.

Lånekassa skal medverke til

  • å fjerne ulikskap og fremje likestilling slik at alle kan få utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn og økonomisk eller sosial situasjon
  • at utdanninga går føre seg under tilfredsstillande arbeidsforhold slik at studiearbeidet kan bli effektivt
  • å sikre samfunnet tilgang på utdanna arbeidskraft

Vaksne kan også søkje stipend og/eller lån til grunnskule og vidaregåande opplæring.