Vaksne og utdanning
Samfunnet endrar seg heile tida. Det kjem stadig ny teknologi, og dette har konsekvensar for arbeidslivet. Dette krev at arbeidstakarane må halde seg oppdaterte og lære nye ting.
Vaksne kan ta ei heilt ny utdanning, byggje vidare på tidlegare utdanning eller ta grunnskulefag for å møte dei nye krava frå arbeidslivet.
Mange arrangørar tilbyr ulike kurs til vaksne. Dette kan til dømes vere hobbykurs, språkkurs og kvalifiserande kurs. Staten finansierer ofte delar av desse kursa.
Kommunen har ansvaret for å tilby grunnskuleopplæring, og fylkeskommunane har ansvaret for å tilby vidaregåande opplæring til vaksne. Vaksne med rett til grunnskule eller vidaregåande opplæring skal få denne undervisninga gratis. Det finst også mange privatskular som tilbyr vidaregåande opplæring for vaksne.
Arbeidssøkjarar kan få tilbod om ulike kurs gjennom Nav. Målet er å kvalifisere kursdeltakarar til arbeid. Nav dekkjer kostnadene og betaler ofte også kurspengar til deltakarane på slike kurs.