Historisk utvikling
Noreg har lange tradisjonar når det gjeld skule og utdanning. På 1700-talet var den økonomiske situasjonen i landet svært dårleg. Likevel vart utdanning sedd på som så viktig at det vart bestemt at alle barn skulle gå på skule, og at staten skulle betale for dette.
- Alt i fyrste halvdel av 1700-talet vart det innført obligatorisk, gratis skulegang for alle barn, både gutar og jenter. Tanken var at alle skulle lære å lese, slik at dei kunne lese i Bibelen sjølv. Alle skulle også få undervisning i kristendom.
- På den tida var det ikkje vanleg å gå på skulen kvar dag. Mange barn gjekk på skulen annankvar dag eller berre nokre veker i året.
- Etter kvart kom det fleire fag inn i skulen. Skriving, matematikk og song vart til dømes obligatoriske fag på starten av 1800-talet.
- I 1936 vart det bestemt at alle barn skulle gå minimum sju år på skule. Frå 1997 har det vore ti års opplæringsplikt.
- Politikarane på Stortinget godkjenner alle læreplanane som blir brukte på ulike skular. På denne måten blir innhaldet i skulen ganske likt i heile landet.