Historie, geografi og levesett

Kort om Noregs historie

Vikingskip

Vikingtida

Åra mellom 800 og 1050 e.Kr. kallar vi vikingtida. I byrjinga av vikingtida var ikkje Noreg eitt land, men bestod av mange små land med kvar sin konge. I år 872 vart vikingen Harald Hårfagre konge over heile Noreg. Mange vikingar reiste til andre land. Nokre vikingar var handelsmenn og kjøpte og selde varer, og andre var krigarar som stal og drap. I dag tenkjer vi ofte på krigarane når vi snakkar om vikingane. Kristendomen vart innført i Noreg på 1000-talet. Kristendomen tok over for den gamle norrøne gudetrua.

Borgund stavkirke

Unionen mellom Danmark og Noreg

I løpet av 1300-talet fekk Danmark meir og meir innverknad over Noreg, og frå 1397 var Noreg i ein formell union med Danmark og Sverige. Unionen hadde éin felles konge. Etter kvart trekte Sverige seg ut av unionen, men unionen mellom Danmark og Noreg varte heilt fram til 1814. Politikken vart styrt frå Danmark. København var det kulturelle senteret i unionen, og nordmenn las og skreiv på dansk. Norske bønder betalte skatt til kongen i København.

Unionsoppløysing og ny union

Eidsvoll 1814 - © Stortingsarkivet/ foto: Teigens fotoatelier as

1814 er eit viktig år i norsk historie. Den 17. mai dette året fekk Noreg si eiga grunnlov. Det var fleire krigar i Europa på starten av 1800-talet. Det var blant anna ein stor krig med England på den eine sida og Frankrike på den andre. Danmark-Noreg stod på Frankrike si side, og då Frankrike tapte krigen, måtte den danske kongen gje frå seg Noreg til Sverige som hadde stått på England si side. I 1814 vart unionen mellom Danmark og Noreg oppløyst.

Ein del nordmenn vona at Noreg ville bli eit sjølvstendig land etter unionsoppløysinga, og og 112 mektige menn frå dei sørlege landsdelane kom saman på Eidsvoll. Dei ville blant anna skrive ei grunnlov for det sjølvstendige Noreg. Noreg vart likevel tvinga inn i ein union med Sverige, og i november 1814 var unionen mellom Sverige og Noreg eit faktum. Unionen med Sverige var lausare enn den tidlegare unionen med Danmark. Noreg fekk behalde si eiga grunnlov med nokre endringar og hadde også indre sjølvstyre. Utanrikspolitikken vart styrt frå Sverige, og kongen over dei to landa var svensk.

Eidsvollsbygningen

Nasjonalromantikk og norsk identitet

Brudeferd i Hardanger (Hans Gude & Adolph Tidemand, © Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design)

I Europa voks det rundt midten av 1800-talet fram ei retning innanfor kunst og kultur som vi kallar nasjonalromantikken. Det vart viktig å peike på nasjonale særtrekk og gjerne både forstørre og forskjønne desse. I Noreg vart særleg den vakre naturen trekt fram, og bondesamfunnet vart rekna som det «typisk norske». Nasjonalromantikken kom til uttrykk i både litteratur, biletkunst og musikk. På denne tida vart nordmenn meir og meir medvitne sin eigen nasjonale identitet. Hjå mange voks det fram ein stoltheit over å vere norsk, og som følgje av dette eit sterkt ønske om at landet skulle bli sjølvstendig.

Etter fleire hundre år i union med Danmark var skriftspråket i Noreg dansk. Det skriftspråket vi i dag kjenner som bokmål, er ei vidareutvikling av dette. I den nasjonalromantiske perioden var det mange som meinte at nordmenn burde ha eit eige skriftspråk som ikkje kom frå det danske språket. Språkforskaren Ivar Aasen (1813–1896) reiste derfor rundt i Noreg og samla språkdøme frå dei ulike dialektane. Frå desse døma laga han eit nytt skriftspråk, nynorsk. Både nynorsk og bokmål har utviklet seg mykje sidan 1800-talet, men Noreg har framleis to offisielle målformer av norsk i tillegg til samisk og kvensk.

Industrialiseringa av Noreg

Fabrikkarbeidere 1880, (Oslo Museum, fotograf: Per Adolf Thorén)

På midten av 1800-talet budde rundt 70 prosent av befolkninga i Noreg på landsbygda. Dei arbeidde stort sett med jordbruk og fiske. Livet var hardt for mange. Folketalet auka, og det var ikkje nok jord og arbeid til alle. Samtidig skjedde det forandringar i byane. Fleire og fleire fabrikkar vart starta opp, og mange flytte frå landsbygda til byane for å få arbeid. Livet i byen var vanskeleg for mange arbeidarfamiliar. Arbeidsdagane var lange, og buforholda var dårlege. Familiane hadde ofte mange barn, og det var ikkje uvanleg at fleire familiar budde saman i ein liten leilegheit. Mange barn måtte også jobbe på fabrikkane for at familien skulle overleve. I åra mellom 1850 og 1920 utvandra meir enn 800 000 nordmenn til Amerika.

Eit fritt og sjølvstendig land

I 1905 vart unionen med Sverige oppløyst. Det hadde lenge vore politisk usemje mellom det norske Stortinget og kongen i Sverige, og på starten av 1900-talet var det fleire og fleire som meinte at Noreg burde vere eit fritt og sjølvstendig land. 7. juni 1905 erklærte Stortinget at den svenske kongen ikkje lenger var konge av Noreg, og at unionen med Sverige dermed var oppløyst. Reaksjonane i Sverige var valdsame, og det braut nesten ut krig mellom Noreg og Sverige. Gjennom to folkeavstemmingar same året vart det slege fast at unionen med Sverige var oppløyst, og at den nye staten Noreg skulle vere eit monarki. Den danske prins Carl vart vald som ny konge i Noreg. Han tok det norske kongenamnet Haakon. Kong Haakon 7. var konge i Noreg frå 1905 til han døydde i 1957.

Fyrste halvdel av 1900-talet

Vasskraftverk
På slutten av 1800-talet tok Noreg til å utnytte vasskraft til å produsere elektrisitet. Som følgje av dette vart det etablert fleire industribedrifter. Behovet for arbeidskraft auka, og byane held fram å vekse. Ei eiga lov sørgde for at vasskrafta vart bygd ut av private, medan sjølve vasskraftressursen vart verande i offentleg eige.

I åra 1914‒1918 raste 1. verdskrigen i Europa. Noreg var ikkje aktivt med i denne krigen, men dei økonomiske konsekvensane kunne merkast også her. Under krigen var det mangel på varer som korn, kaffi og sukker, og det blei innført rasjonering på desse varene. I 1930-åra var det økonomisk krise i Europa og Nord-Amerika. Mange miste jobbane og heimane sine. Sjølv om situasjonen i Noreg ikkje var like ille som mange andre stader, snakkar vi likevel om «dei harde 30-åra».

2. verdskrigen 1939/1940‒1945

Stortinget med tysk banner 1940-45, (Oslo Museum, ukjent fotograf)
2. verdskrigen starta i september 1939 då Tyskland invaderte Polen. Noreg vart okkupert av tyske troppar 9. april 1940. Kampane i Noreg varte berre nokre veker før Noreg kapitulerte. Kongen og regjeringa flykta til England og held fram kampen for eit fritt Noreg derfrå. Noreg vart då styrt av ei tyskvenleg, og ikkje demokratisk vald, regjering leidd av Vidkun Quisling.

Sjølv om det ikkje var mange direkte kampar som fann stad på norsk jord, var det fleire motstandsgrupper som dreiv med sabotasje, gav ut illegale aviser og organiserte sivil ulydnad og passiv motstand mot den tyske okkupasjonsmakta. Mange som var med i motstandsgruppene, måtte flykte frå landet. Rundt 50 000 nordmenn flykta til Sverige i løpet av 2. verdskrig. I Nord-Noreg blei fleire drepe og det meste av Finnmark og Nord-Troms lagt i ruinar etter at tyskarane evakuerte områda. På ordre frå Hitler blei det meste av bygningar og infrastruktur sett fyr på for å hindre at den sovjetiske hæren kunne bruke ressursane. Etter kvart tapte tyskarane på fleire og fleire frontar, og i mai 1945 måtte dei kapitulere. Rundt 9500 nordmenn døydde som følgje av krigen.

Noreg i moderne tid

En oljeplattform

Etter krigen måtte landet byggjast opp att. Varemangelen var stor, og det var ikkje nok bustader til folk. Samarbeid og solidaritet måtte til for at oppattbygginga skulle gå så fort som råd. Staten regulerte økonomi og forbruk strengt.

Like etter krigen vart Dei sameinte nasjonane (SN) oppretta. SNs fremste mål er å arbeide for fred og rettferd i verda. Noreg var blant dei fyrste landa som vart med i organisasjonen, i november 1945.

USA gav tilbod om økonomisk hjelp til land i Europa etter krigen. Denne økonomiske hjelpa er kjend under namnet Marshall-planen, og den stilte økonomiske og politiske krav til mottakarlanda. Noreg mottok rundt tre milliardar kroner i støtte. I 1949 underteikna Noreg og elleve andre land Atlanterhavstraktaten. Dette førte til opprettinga av den nordatlantiske forsvarsorganisasjonen, NATO. Det nære forholdet mellom Vest-Europa og USA har halde fram til i dag.

På 1950- og 1960-talet var økonomien i Noreg relativt god, og staten innførte mange reformer som skulle gje innbyggjarane betre liv. På 60-talet ønskte fleire selskap å leite etter olje og gass utanfor kysten av Noreg. Som med vasskrafta 50 år tidlegare vart også oljeressursane verande i offentleg eige, men private selskap fekk kjøpe rettar til å leite, bore og utvinne olje i avgrensa område og i avgrensa tidsrom. I 1969 vart det fyrste gong funne olje i Nordsjøen, og frå då av har Noreg utvikla seg til å bli ein oljenasjon og eksportør av olje. Dette har fått stor verdi for norsk økonomi.

Også dei store folkerørslene har hatt mykje å seie for framveksten av det moderne Noreg. Det er særleg arbeidarrørsla og kvinnerørsla som har vore sentrale. Arbeidarrørsla i Noreg har røter tilbake til 1600-talet, men vart meir organisert frå 1880-åra då det vart fleire industriarbeidsplassar. Frå 1920-talet fekk rørsla meir innverknad. Arbeidarrørsla har kjempa fram betre vilkår for arbeidarar, blant anna kortare arbeidsdagar, betre sikkerheitsforhold på arbeidsplassane, sjukeforsikringar og rett til økonomisk støtte ved arbeidsløyse.

Kvinnerørsla har kjempa for kvinners rettar i samfunnet, for likestilling mellom kjønna og like vilkår for menn og kvinner. Retten til skilsmisse, rett til prevensjon, fri abort og kvinners rett til å bestemme over sin eigen kropp har også vore viktige saker for kvinnerørsla. I 1978 kom “Lov om svangerskapsavbrott” (abortlova). Lova gir blant anna kvinna rett til å ta abort før veke 13 av svangerskapet. I dag er det lik rett til utdanning og arbeid, til eigedom og arv, til medisin og god helse for både kvinner og menn.

 

Fakta

Noreg i dag

Noreg er i dag eit moderne demokrati med høg velferd. Dei fleste i Noreg har god økonomi, og befolkninga har eit relativt høgt utdanningsnivå. Både menn og kvinner deltek i arbeidslivet. Samfunnet er styrt av ei rekkje lover og avtalar som sikrar innbyggjarane utdanning, helsehjelp og økonomisk hjelp etter behov.

Dei siste tiåra har det gått føre seg ei rask utvikling på teknologi- og dataområdet. Dette har også hatt sitt å seie for det norske samfunnet. Det skaper fleire arbeidsplassar, arbeidsoppgåver endrar seg, og privatlivet til folk flest endrar seg også.

I løpet av dei siste tiåra har Noreg vorte eit fleirkulturelt og mangfaldig samfunn.

 

LØS OPPGAVENE