Ulike tenester innvandrarar kan få bruk for

Ulike tenester innvandrarar kan få bruk for

Den som er ny i Noreg, får ofte kontakt med mange ulike kontor og instansar. Dette gjeld for eksempel Folkeregisteret, barnehagekontoret, legesenteret, Skatteetaten og Nav.

Her skal vi sjå litt nærare på nokon av desse.

Det er viktig å vite kva dei ulike kontora gjer, og korleis ein finn dei. Mange spørsmål til offentlege instansar og andre går via internett. Skjema kan hentast frå nettet, og ein finn mykje informasjon frå dei ulike aktørane på nettsidene deira. Alle kommunar har ei eiga nettside med informasjon til innbyggjarane.

Skatteetaten skal sikre at skattar og avgifter blir betalte. Når du skal jobba i Noreg treng du eit skattekort.Første gong du treng eit skattekort må du sjølv bestilla det på skatteetaten.no Det vert sendt direkte til arbeidsgiveren din og viser kor mye skatt som skal trekkjast frå løna di kvar månad.

Folkeregisteret er ein del av Skatteetaten. Det er eit offentleg register over alle personar som bur eller har vore busett i Noreg. Alle som byter adresse, må melde frå om dette til Folkeregisteret innan åtte dagar etter flytting. Dette kan gjerast på nettet. Folkeregisteret har også ansvar for namnendringar og utlevering av fødselsnummer og D-nummer. Dersom ein skal gifte seg, må ein vende seg til Folkeregisteret.

Nav er eit offentleg kontor som leverer mange ulike tenester. Nav har blant anna ansvar for:

  • barnetrygd
  • kontantstønad
  • sjukepengar
  • dagpengar
  • uføretrygd
  • pensjon

Nav tilbyr også tenester til dei som ikkje har jobb. Mange går på kurs som Nav betaler for, og målet med desse kursa er at deltakarane skal kome i jobb.

Rett til tolk
I tida før ein innvandrar har lært nok norsk, kan det vere nødvendig å bruke tolk. Offentlege tilsett i for eksempel Nav, politiet og helsestellet har plikt til å sørgje for at informasjon og rettleiing blir forståtte. Derfor er tolk ein rett innvandraren har, og det er det offentlege som skal betale for dette.