Heile folket i arbeid!

Heile folket i arbeid!

Det er eit mål at flest mogeleg er i arbeid. I Noreg er arbeidsløysa relativt låg. Du kan lese meir om arbeidsløyse på nettsidene til Statistisk sentralbyrå.
Sjå SSB si nettside om arbeidsløyse.

Den norske staten bruker store ressursar kvart år på tiltak for å skape eller oppretthalde arbeidsplassar. Her er nokre eksempel på slike tiltak:

  • Staten kan gi økonomisk stønad til bedrifter som har det vanskeleg i ein periode, slik at bedrifta ikkje må leggje ned eller nedbemanne.
  • Myndigheitene kan påverke inntektene til folk gjennom lønnsforhandlingar og rentepolitikk.
  • Staten kan senke bedriftene sine avgifter og skattar.
  • Det offentlege kan påverke sysselsetjinga i offentleg sektor. I dag jobbar ca. 750 000 menneske i denne sektoren.
  • Det er mogeleg å redusere arbeidstida eller senka pensjonsalderen.

Nav
Det offentlege bruker mykje pengar gjennom Nav på forskjellige arbeidsmarknadskurs. Desse kursa skal vere med på å kvalifisere deltakarane til å kome i arbeid. I tillegg får deltakarane dagpengar eller individstønad når dei går på slike kurs. Nav kan gi lønnstilskot. Det betyr at dei spleiser på lønnsutgiftene med ein arbeidsgivar i ein periode dersom det kan gjere at ein arbeidssøkjar blir tilsett fast eller mellombels.

Nav samarbeider med mange arbeidsgivarar om ein avtale om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen). Tanken bak denne avtalen er blant anna at

  • det offentlege og arbeidsgivaren skal gjere det lettare for langtidssjukemelde å kome tilbake i arbeid
  • det offentlege og arbeidsgivaren skal leggje til rette slik at funksjonshemma lettare skal kunne vere i arbeid
  • eldre arbeidstakarar skal kunne vere i arbeid lenger

Alle nyleg komne flyktningar i Noreg får tilbod om introduksjonsprogram frå kommunen dei bur i. Dei som deltek i introduksjonsprogrammet, får gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Mange er i språkpraksis eller arbeidspraksis i forskjellige bedrifter i løpet av programmet. Formålet med introduksjonsprogrammet er at deltakaren skal kvalifisere seg til å kome i arbeid eller til å ta vidare utdanning. Introduksjonsprogrammet varer vanlegvis i to år på full tid, og deltakarane får introduksjonsstønad for å delta.

Personar som har vore utan arbeid i lang tid, og som er avhengige av økonomisk sosialstønad, kan få tilbod om å delta i eit kvalifiseringsprogram gjennom Nav. Kvalifiseringsprogrammet skal gi kvar deltakar tilpassa opplæring og arbeidstrening slik at han eller ho lettare skal kunne kome i arbeid. Kvalifiseringsprogrammet varer vanlegvis i inntil eitt år på full tid, og deltakarane får kvalifiseringsstønad for å delta.

Bedrifter kan få økonomisk hjelp til å setje i gong kurs for tilsette som treng meir opplæring i lesing, skriving, rekning, munnleg, ikt og norsk eller samisk. På denne måten kan tilsett bli kvalifiserte til både å halde på den jobben dei har, og å søkje andre jobbar.