Personleg økonomi

  • Kvifor er det viktig å ha god kontroll på økonomien?
  • Kva brukar du mest pengar på?
  • Kva for faktorar påverkar forbruket ditt?
  • Kva skal til for å ha god livskvalitet?

Dei fleste vaksne menneske får løn, trygd eller pensjon éin gong i månaden. Mange lagar eit budsjett. Eit budsjett er ein plan for korleis pengane skal brukast.

Litt over trettifem prosent av forbruket til norske hushald går til bustadutgifter, medan eit gjennomsnittshushald brukar om lag elleve prosent av budsjettet til mat (SSB, 2022). Mange ulike faktorar påverkar forbruket vårt. Slike faktorar kan til dømes vere kor stor familien er, kva slags aktivitetar familiemedlemane har lyst til å vere med på, eller rett og slett kva ein opplever som vanleg i nettverket sitt.

Tips til undervisningen

Snakk sammen

Her er det selvfølgelig viktig at læreren tilpasser undervisningen til deltakergruppas tidligere erfaringer. Hvor kjent er de med systemet i Norge? Er de for eksempel vant til å disponere en fast sum penger for en måned av gangen? Er de vant til å ha personlig ansvar for alle utgifter? Osv.

Har forholdet til penger og økonomi endret seg som følge av migrasjonen?
Hva tenker deltakerne om egen økonomi om for eksempel fem år?

Diskuter gjerne begrepene rikdom og fattigdom. Er det å være rik og fattig det samme i Norge og i deltakernes hjemland?

Snakk om kunstverket

Kopp med skål og tallerken på en kjøkkenbenk foran et vindu. Blått. Maleri.
Foto: Nasjonalmuseet/Jacques Lathion «Det blå kjøkken» malt av Ludvig Karsten.(1913).

Tips til undervisninga

Snakk saman

Her er det sjølvsagt viktig at læraren tilpassar undervisninga til deltakargruppa sine erfaringar. Kor godt kjenner dei systemet i Noreg? Er dei til dømes vane med å disponere ein fast sum pengar for ein månad om gongen? Er dei vane med å ha personleg ansvar for alle utgifter? Osv.

Har migrasjonen endra forholdet deira til pengar og økonomi?
Kva tenkjer deltakarane om sin eigen økonomiske situasjon til dømes om fem år?

Diskuter gjerne omgrepa rikdom og fattigdom. Tyder det å vere rik og fattig det same i Noreg som i heimlanda til deltakarane?

Snakk om kunstverket

Kopp med skål og tallerken på en kjøkkenbenk foran et vindu. Blått. Maleri.
Foto: Nasjonalmuseet/Jacques Lathion «Det blå kjøkken» malt av Ludvig Karsten.(1913).