Personleg økonomi
Personleg økonomi
Inntekter er alle pengar som kjem inn på bankkontoen vår (løn, trygd eller andre ytingar frå Nav, barnetrygd, kontantstøtte osv.).
Utgifter er alt vi brukar pengar på (husleige, renter og avdrag, mat, klede, transport, straum, internett, fritidsaktivitetar osv.).
Bruttoløn: Løn før skatt
Nettoløn: Løn etter skatt
Inntekter og utgifter
Det er dyrt å leve og bu i Noreg. I dei aller fleste familiane har begge foreldra løna arbeid utanfor heimen. I nokre familiar har mor og/eller far moglegheita til å ha litt redusert arbeidstid medan barna er små (deltidsarbeid), medan mange må jobbe full tid for å få økonomien til å gå rundt. Begge dei to vaksne i familien har ansvar for familien sin økonomi.
Dei fleste vaksne menneske i Noreg får løn, trygd eller pensjon éin gong i månaden. Dersom ein har barn som er under 18 år, får familien barnetrygd i tillegg. Foreldre får full kontantstøtte for små barn som ikkje går i barnehage.
Barnetrygd: Ein økonomisk stønad som blir gjeven for alle barn under 18 år som er busette i Noreg. Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter som følgjer med det å ha barn.
Kontantstøtte: Ein økonomisk stønad som blir gjeven for alle barn mellom eitt og to år som ikkje går i barnehage. Deltidsplass i barnehage gjev redusert kontantstøtte.
Du kan finne meir informasjon om barnetrygd og kontantstøtte på nettsidene til Nav.
Bankkonto
Alle vaksne i Noreg har eigen bankkonto. Det same har mange barn og unge. Når vi får løn, trygd eller pensjon, går desse pengane rett inn på bankkontoen vår. For å kunne opne ein bankkonto i Noreg treng du eit norsk personnummer eller eit norsk D-nummer.
Nettbank
Dei aller fleste vaksne nyttar nettbank. Då kan vi enkelt ha oversikt over bankkontoen vår, følgje med på inntekter og utgifter og betale rekningar. Nettbanken er tilgjengeleg frå datamaskin, nettbrett eller smarttelefon. For å logge deg inn i nettbanken må du anten ha BankID eller kodebrikke.
Banklån
I Noreg er det vanleg å låne pengar i banken for å kjøpe større ting, så som bustad og bil. Når vi låner pengar, lagar vi ein avtale med banken. Vi får ein nedbetalingsplan som viser kor mykje vi skal betale attende kvar månad eller kvart kvartal. Vi betaler både avdrag og renter til banken.
Avdrag: Det vi betaler ned på sjølve lånet, altså ei delvis nedbetaling av gjeld.
Renter: Vi betaler renter til banken. Renter er prisen for å låne pengar. Rentene blir rekna i prosent av gjelda vi har.
Vi betaler vanlegvis avdrag og renter kvar månad eller kvart kvartal.
Budsjett
Eit budsjett viser inntekter og utgifter i ein viss periode. Både bedrifter og privatpersonar lagar budsjett. Mange familiar lagar budsjett for éin månad om gongen. Det gjer det lettare å halde oversikt over inntekter og utgifter. Familien kan planleggje korleis dei skal bruke pengane sine. Budsjettet bør ha ein månadleg sum til sparing eller uventa utgifter.
Snakk saman
- Kva inntekter og utgifter har ein vanleg familie i Noreg?
- Kva kan uventa utgifter vere?
- Kva brukar du mest pengar på?
- Kva kan du gjere for å bruke mindre pengar?
Familien Berg sit samla i stova. Mor og far har sett opp eit budsjett med inntekter og utgifter for denne månaden. Når alle dei naudsynte utgiftene er dekte, sit dei att med rundt fire tusen kroner. No diskuterer dei kva dei skal bruke desse pengane på.
- Mor ønskjer seg ein ny kåpe. Den gamle er umoderne og sliten.
- Far vil spare pengane. Kanskje det kjem uventa utgifter?
- Sonen vil gjerne gå på fotballtrening saman med venene sine. Då treng han nye fotballstøvlar.
- Dottera treng ein ny skulesekk. Dessutan har ho vakse og treng fleire nye klede.
Snakk saman om korleis familien bør prioritere å bruke pengane.
Vel rett svar.
Kva er ei inntekt?
Vel rett svar.
Kva er bruttoløn?
Vel rett svar.
Kva er eit budsjett?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?