Bustad

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Boligstandarden i Norge i dag er høy, og rundt halvparten av befolkningen bor i eneboliger. Hver nordmann har i gjennomsnitt 40 kvadratmeter å bo på. Nesten alle boliger har innlagt vann og strøm, og ofte er det flere bad i en bolig. Boligene varmes opp med elektrisk strøm, parafin, gass eller olje. Mange bruker ved i tillegg. Nordmenn synes det er koselig å fyre i peisen. De bruker også mye tid og penger på å gjøre det fint inne i, og rundt. boligene sine.

Se filmen

Videoen består av syv klipp som viser prosessen med å kjøpe en bolig for et ungt samboerpar. I første klipp ser vi paret snakke sammen mens de ser på en PC, før vi ser et budsjett og en kalkulator. Deretter begynner de å spare, og setter penger oppi et spareglass. I fjerde klipp går paret på visning, før de drar på et møte i banken. De to siste klippene viser at de får nøklene til sin nye bolig, og flytter tingene sine inn i stua.

Forslag til spørsmål:
Er det mange som eier boligen sin i ditt hjemland?
Hvilke sparetips ville du gitt en venn som prøver å spare til bolig?
Hva synes du det er viktig å tenke over når man kjøper bolig?
Hvilke fordeler og ulemper er det ved å kjøpe seg bolig?

Samtalestarter

Datteren: Rommet mitt er så lite! Jeg får ikke plass til en sofa en gang!
Moren: Du da! Du har jo i alle fall eget rom! Da jeg var liten, måtte jeg dele rom med lillesøsteren min.
Bestemoren: Vi har det jo så godt nå. Da jeg var liten, bodde mor og far og alle vi seks barna i en liten leilighet. Jeg husker godt hvor kaldt det var å gå på utedoen i bakgården om vinteren.

Bruk eventuelt den ekstra teksten om å eie og leie bolig. Den har også samtaleoppgaver.

Tips til undervisninga

Bustandarden er høg i Noreg, og om lag halvparten av innbyggjarane bur i einebustader. I gjennomsnitt har kvar nordmann 40 kvadratmeter å bu på. Nesten alle bustader har innlagt vatn og straum, og mange har fleire bad. Bustadene blir oppvarma med elektrisk straum, parafin, gass eller olje. Mange brukar ved i tillegg. Nordmenn synest at det er koseleg å fyre i peisen. Dei brukar òg mykje tid og pengar på å gjere det fint inne i og rundt heimane sine.

Se filmen

Videoen er sett saman av sju klipp som følgjer eit ungt sambuarpar gjennom prosessen med å kjøpe bustad. I det første klippet ser vi paret snakke saman medan dei ser på ei datamaskin, før vi ser eit budsjett og ein kalkulator. Så byrjar dei å spare og legg pengar i eit spareglas. I det fjerde klippet går paret på visning, og så ser vi dei på møte i banken. Dei siste to klippa viser at dei får nøklane til den nye bustaden sin og flyttar tinga sine inn i stova.

Framlegg til spørsmål

Er det mange som eig sin eigen bustad i heimlandet ditt?
Kva for sparetips ville du gjeve til ein ven som prøver å spare pengar til bustad?
Kva synest du det er viktig å tenkje over når ein skal kjøpe seg bustad?
Kva er fordelane og ulempene ved å kjøpe seg bustad?

Samtalestartar

Dottera: Rommet mitt er så lite! Eg får ikkje plass til ein sofa eingong.
Mora: Du då! Du har i alle fall ditt eige rom! Då eg var lita, måtte eg dele rom med veslesystera mi.
Bestemora: Vi har det jo så godt no. Då eg var lita, budde mor og far og alle vi seks barna i ei lita leilegheit. Eg hugsar godt kor kaldt det var å gå på utedoen i bakgarden om vinteren.

Bruk eventuelt den ekstra teksten om å eige og leige bustad. Det høyrer òg samtaleoppgåver til denne teksten.

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Muntlige ferdigheter
Digitale ferdigheter

Tverrfaglige tema

Folkehelse og livsmestring

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

samtale om hvordan arbeid, inntekt og forbruk kan påvirke personlig økonomi, levestandard og livskvalitet

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet
Video

Sjå filmen

Bustad

Bustad

Det finst mellom 2,7 og 3 millionar bustader i Noreg. Om lag halvparten av dei er einebustader. I store byar, til dømes Oslo, er mange av bustadene blokker og bygardar. I mindre kommunar er ofte mesteparten av bustadene einebustader. Rundt åttito prosent av hushalda eig bustaden sin, medan dei andre atten prosentane leiger bustad.

  • Sjølveigarbustad: Du eig bustaden sjølv. Du kan pusse og opp leige ut bustaden utan at du må spørje nokon. Du betaler alle utgifter til bustaden sjølv (kommunale avgifter, huseigarforsikring og vedlikehaldskostnader). Du finansierer heile bustadkjøpet sjølv.
  • Burettslag: Du eig ein part i burettslaget. Du har einerett til å bruke bustaden din. Burettslaget har mange reglar og vedtekter som du må følgje. Du betaler eit innskot når du kjøper leilegheita. Dette innskotet finansierer du sjølv. I tillegg betaler du husleige kvar månad. Husleiga skal dekkje din del av fellesgjelda i burettslaget, kommunale avgifter og huseigarforsikring.

Finansiering av bustad

En kalkulator og en liten trefigur av et hus er plassert oppå papirer på et bord. Foto
GettyImages

Ein bustad kostar mange pengar, og dei fleste lånar pengar i banken for å kjøpe bustad. Det er vanleg å betale ned på lånet kvar månad i mange år. Vi kan ikkje låne heile kjøpesummen i banken. Vi må òg ha pengar sjølve. Dette heiter eigenkapital. Hovudregelen er at vi må ha spart opp 15 prosent av kjøpesummen sjølv. Då kan vi låne 85 prosent av kjøpesummen i banken. Men vi treng fast inntekt eller anna økonomisk sikkerheit for å få låne pengar i banken. Banken må vere sikker på at vi kan klare å betale avdraga og rentene.

Snakk saman

  • Snakk om fordelar og ulemper ved å eige eller leige bustad.
  • Snakk saman om ulikskapane mellom sjølveigarbustader og bustader i burettslag.
  • Kva tenkjer du om å låne pengar i banken? Kva må til?
  • Gå gjerne inn på finn.no eller ei anna nettside og sjå på bustader som er til sals i nærleiken av der du bur. Kva slags bustader er det? Kva kostar dei?
GettyImages
GettyImages

Vel rett svar.

Kor mange bustader finst det i Noreg?

Vel rett svar.

Kva for bustadform har som kjenneteikn at du

  • har einerett til å bruke bustaden din
  • må ta omsyn til vedtekter og reglar
  • betaler eit innskot når du kjøper leilegheita
  • betaler husleige kvar månad

Vel rett svar.

Kor mykje av kjøpesummen må vi ha sjølve når vi skal kjøpe bustad? Kor mykje kan vi låne frå banken?

Vel rett svar.

Kva kjenneteiknar ein sjølveigarbustad?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Dei fleste lånar pengar frå banken når dei skal kjøpe bustad.
Rundt åttito prosent av hushalda eig bustaden sin sjølve.
Nitti prosent av bustadene i Oslo er einebustader.
Eigenkapital er pengar vi har spart opp sjølve.
Ein treng fast inntekt eller anna økonomisk sikkerheit for å få låne pengar i banken.