Arbeidsmarknaden i Noreg

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Se filmen

Videoen viser til sammen atten klipp fra ulike norske yrker. Først ser vi svart-hvitt-bilder av yrker som var vanlige før i tiden – jordbruk og fiske. Sår ser vi klipp fra moderne yrker, som oljeplattformarbeider, butikkmedarbeider og sykepleier.

Forslag til spørsmål

Hva er vanlige yrker i hjemlandet ditt? Er de samme yrkene vanlige i Norge?
Tror du det er vanlig å velge samme yrke som foreldrene sine? Hva er fordelene ved å gjøre det? Hva er ulempene?
Finnes det andre positive sider ved å jobbe enn at man får lønn?
Var det enkelt å få jobb i hjemlandet ditt? Tror du det er enklere eller vanskeligere å få jobb i Norge?
Hvilke yrker tror du vi har flere av i Norge enn i andre land?

Snakk sammen

Tilleggsspørsmål: Hvordan påvirker digitaliseringen av samfunnet deltakernes jobbmuligheter?

Tips til undervisninga

Sjå filmen

Videoen viser til saman atten klipp frå ulike norske yrke. Først ser vi svart-kvitt-bilete av yrke som var vanlege før i tida – jordbruk og fiske. Så ser vi klipp frå moderne yrke som plattformarbeidar, butikkmedarbeidar og sjukepleiar.

Framlegg til spørsmål

Kva er vanlege yrke i heimlandet ditt? Er dei same yrka vanlege i Noreg?
Trur du det er vanleg å velje same yrke som foreldra sine? Kva er fordelane med å gjere det? Kva er ulempene?
Finst det andre positive sider ved å jobbe enn at ein får løn?
Var det enkelt å få jobb i heimlandet ditt? Trur du det er enklare eller vanskelegare å få jobb i Noreg?
Kva for yrke trur du vi har fleire av i Noreg enn i andre land?

Snakk saman

Tilleggsspørsmål: Korleis påverkar digitaliseringa av samfunnet deltakarane sine jobbmoglegheiter?

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

bruke kunnskap om arbeidslivet til å ta hensiktsmessige valg knyttet til opplæring, utdanning og arbeid

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet
Utforsking
Video

Sjå filmen

Arbeidsmarknaden i Noreg

For 150 år sidan var jordbruk, skogbruk og fiske dei viktigaste næringane i Noreg. Mykje har endra seg sidan den tida. På slutten av 1800-talet blei det bygd fabrikkar, og mange flytta til byane og byrja å jobbe i industrien. I løpet av den første halvdelen av 1900-talet vart det skapt mange nye industriarbeidsplassar. Samstundes reiste mange nordmenn til USA og busette seg der.

Et svart-hvitt-fotografi viser en hest og en kjerre på en eng. Ved siden av og oppi kjerra står fire personer som samler høy og gress i kjerra. Foto
Midt-Telemark museum

I 1950 arbeidde meir enn tjue prosent av befolkninga med jordbruk. I dag har denne delen gått ned til under tre prosent. Likevel blir det produsert meir matvarer i Noreg enn før. Dette kjem i stor grad av at vi i dag har maskiner som gjer det lettare og meir effektivt å produsere mat.

Etter at det blei funne olje i Nordsjøen på slutten av 1960-talet, blei olje- og gassproduksjon ein viktig del av den norske industrien. Olje og gass har hatt mykje å seie for den norske økonomien og vil halde fram med å ha mykje å seie for Noreg òg i framtida, sjølv om klimautfordringane vil føre til at overgangen til «grøne» arbeidsplassar òg vil vere viktig.

I løpet av dei siste tretti åra har det igjen skjedd store endringar i den norske arbeidsmarknaden. Mellom anna har talet på menneske som jobbar i industrien, gått kraftig ned. I dag finn vi flest jobbar i serviceyrka. Det tyder at den som vil ha jobb i Noreg, har gode sjansar til å få jobb til dømes i ein butikk, helsevesenet, skule og barnehage eller innanfor persontransport. Mange vil òg kunne finne arbeid i yrke som har med utvikling av ny informasjonsteknologi å gjere.

Snakk saman

  • Kva fortel tabellen?
  • Korleis er fordelinga mellom ulike næringar i land du kjenner til?
  • Kva for yrke er det sannsynleg at du kan få jobb innanfor?

Vel rett svar.

Når blei olje- og gassproduksjon ein viktig del av den norske industrien?

Vel rett svar.

Kvar finst det flest jobbar i Noreg i dag?

Vel rett svar.

Kva var dei viktigaste næringane i Noreg for 150 år sidan?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

På slutten av 1500-talet blei det bygd fabrikkar, og mange flytta til byane.
I dag jobbar under 3 % i jordbruket.
Det blir produsert færre matvarer i Noreg no enn før i tida.
Mange nordmenn flytta til Amerika i løpet av den første halvdelen av 1900-talet.
Det blei funne olje i Nordsjøen på slutten av 1960-talet.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

For 150 år sidan var jordbruk, skogbruk og fiske dei viktigaste næringane i Noreg.
No finst det flest jobbar innanfor fiske og skogbruk.
I dag har vi maskiner som gjer det lettare og meir effektivt enn før å produsere mat i landbruket.
På grunn av klimautfordringane er det fokus på overgangen til «grøne» arbeidsplassar.
Olje og gass har hatt mykje å seie for den norske økonomien

Vel rett bilete.

I dag finn vi flest jobbar i serviceyrka. Kva for eit bilete viser serviceyrke? Det kan vere fleire rette svar.