Politisk engasjement
Sjå filmen
Politisk engasjement
Alle som bur i eit demokrati, har eit ansvar for at demokratiet skal fungere. Det er viktig at innbyggjarane er aktive og følgjer med på det som skjer. Det er òg viktig at alle får ha sine eigne meiningar og gjev uttrykk for dei.
Unge nordmenn er meir politisk aktive enn før. Valdeltakinga mellom dei yngste veljarane gjekk opp med meir enn ti prosent frå 2007 til 2011 og har sidan halde seg høg. Politiske ungdomsorganisasjonar har òg opplevd auka medlemstala.
Medlemskap i ulike organisasjonar gjev kjennskap til og trening i ulike demokratiske prosessar, som til dømes diskusjonar, styrearbeid, val og avstemmingar.
Uformell politisk deltaking:
underskriftskampanjar, demonstrasjonar og diskusjonar i sosiale medium
Formell politisk deltaking:
fremje saker i eit politisk parti eller delta i valkamp
Snakk saman
- Kva er eigentleg politikk?
- Er det vanleg at menneske engasjerer seg politisk i land du kjenner godt?
- Synest du det er viktig å engasjere seg politisk? Kvifor eller kvifor ikkje?
- Må ein vere med i eit politisk parti eller ein organisasjon for å engasjere seg politisk?
- Diskuter samanhengen mellom politisk engasjement og det å høyre til.
- Korleis kan du engasjere deg politisk der du bur?
Kari: No vil fleire politikarar setje opp ein bomring rundt byen. Det synest eg er veldig dumt.
Marie: Dumt? Nei, det er eg ikkje samd med deg i. Folk køyrer alt for mykje bil, og bilane forureinar.
Kari: Kva skal vi gjere, då? Vi skal jo rekke både barnehagar og jobb og å handle!
Marie: Ja, men busstilbodet blir nok betre når kommunen får inn pengar frå bomringen.
Kari: Det tek uansett mykje lenger tid å reise med buss enn med bil! Og kvifor skal eg betale for at andre skal køyre buss?
Marie: Fordi rein luft er bra for alle!
- Diskuter det Kari og Marie seier.
- Kva kan Kari gjere for at meiningane hennar skal bli høyrde?
- Kva kan Marie gjere for at hennar meiningar skal bli høyrde?
- Er det andre saker enn bomringar og miljøvern ein kan engasjere seg i lokalt?
Fullfør setninga.
Det er viktig at innbyggjarane i eit demokrati ...
Fullfør setninga.
Unge nordmenn er ...
Vel rett svar.
Kva er døme på uformell politisk deltaking?
Vel rett svar.
Kva får ein vanlegvis kjennskap til gjennom medlemskap i politiske organisasjonar?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?