Vegar til arbeid

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Det er vanlig å starte arbeidslivet sitt i Norge med vikariater, engasjementer, småjobber, osv.

Det er viktig å snakke om hva nettverk har å si, både for det sosiale sin del, men også for å få jobb. Diskuter hvordan man kan få flere mennesker i nettverket sitt. Fungerer dette på ulike måter i Norge og i deltakernes hjemland?

Tips til undervisninga

Det er vanleg å starte arbeidslivet sitt i Noreg med vikariat, engasjement, småjobbar osv.

Det er viktig å snakke om kva nettverk har å seie, både for det sosiale sin del, men òg for å få jobb. Diskuter korleis ein kan få fleire menneske i nettverket sitt. Fungerer dette på ulike måtar i Noreg og i heimlanda til deltakarane?

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

bruke kunnskap om arbeidslivet til å ta hensiktsmessige valg knyttet til opplæring, utdanning og arbeid

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Vegar til arbeid

Et nærbilde av en manns hender som skriver på en PC. På PC-en ser vi en CV. Mannen søker jobber. Foto
GettyImages

Du har fleire moglegheiter når du leitar etter jobb i Noreg. Du kan til dømes bruke

  • nettverket ditt
  • internett: nav.no og finn.no
  • vikarbyrå

Mange arbeidsgjevarar tykkjer at det er viktig med referansar. Då spør dei tidlegare arbeidsgjevarar om korleis søkjaren fungerte i jobben. Ein tidlegare sjef eller kollega kan gje gode referansar.

Det kan vere vanskeleg å få sin aller første jobb i Noreg fordi ein manglar referansar eller har eit lite nettverk. Det kan difor vere lurt å ta ein praksisperiode på ein arbeidsplass, gå på nokre kurs eller liknande. Gjennom praksis og ulike småjobbar kan ein byggje opp nettverket sitt og skaffe seg referansar.

Det seiest at mellom seksti og åtti prosent av jobbane i Noreg ikkje blir utlyste, men formidla gjennom nettverk. Nettverket vårt er alle menneske vi kjenner, møter og har kontakt med. Nettverket vårt kan bestå av familie, slekt, vener, kjenningar, kollegaer, naboar, lærarar og saksbehandlarar.

Snakk saman

  • Korleis er det vanleg å finne jobb i heimlandet ditt?
  • Snakk om ulike måtar å finne arbeid på i Noreg.
  • Kven var i nettverket ditt før du kom til Noreg? Kven er i nettverket ditt no?
  • Treng du eit større nettverk i Noreg? Korleis skal du få til det?

Vel rett svar.

Kva er ein referanse?

Vel rett svar.

Kva er eit nettverk?

Vel rett svar.

Er det vanleg å lyse ut ledige stillingar i Noreg?

Vel rett svar.

Kva for nettsider er det vanleg å gå inn på dersom ein leiter etter arbeid?

finn.no og regjeringen.no
nav.no og finn.no
stortinget.no og nav.no

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Ein bør bruke nettverket sitt når ein søkjer etter jobb.
Ledige stillingar kan ein finne på nav.no og finn.no.
Ein referanse er ein familiemedlem som fortel kva du er god til.
Det er ikkje tilrådd å ha praksis på arbeidsplassar for å få erfaring.
Mange stillingar blir aldri utlyste.