Berekraft

  • Diskuter omgrepet berekraftig utvikling. Kva tyder det i praksis? Kva tyder det for kvart einskilt menneske?
  • Har de nokre døme på berekraftig utvikling?
  • Har de nokre døme på utvikling som ikkje er berekraftig?

På slutten av 1980-åra kom omgrepet berekraftig utvikling inn i språka i verda. FN oppretta verdskommisjonen for miljø og utvikling i 1983. Kommisjonen blei leia av den tidlegare norske statsministeren Gro Harlem Brundtland og blei difor ofte kalla Brundtland-kommisjonen. Kommisjonen leverte innstillinga si i 1987, og omgrepet bærekraftig utvikling gjekk som ein raud tråd gjennom rapporten.

Berekraftig utvikling er ei samfunnsutvikling som sørgjer for at menneska sine forbruksbehov blir dekte, samstundes som vi ikkje øydelegg moglegheitene for dei generasjonane som kjem etter oss.

Tips til undervisningen

Snakk sammen

Stikkord til diskusjonen om bærekraftig utvikling: kortreist mat og andre varer, kollektivtransport til fordel for privatbilisme, økologisk jordbruk, sprøytemidler, kjøttproduksjon og kjøttforbruk, bruk-og-kast, overkjøp av varer, søppelhåndtering, fordeling av goder globalt sett, klimaendringer, bruk av naturressurser

Snakk om kunstverket

Skog, knauser og mose i dystert motiv. Maleri.
Foto: Nasjonalmuseet/Jacques Lathion «Utdøende urskog» malt av August Cappelen (1852).

Tips til undervisninga

Snakk saman

Stikkord til diskusjonen om berekraftig utvikling: kortreist mat og andre varer, kollektivtransport og privatbilisme, økologisk jordbruk, sprøytemiddel, kjøtproduksjon og kjøtforbruk, bruk-og-kast, overkjøp av varer, søppelhandtering, fordeling av gode i eit globalt perspektiv, klimaendringar, bruk av naturressursar

Snakk om kunstverket

Skog, knauser og mose i dystert motiv. Maleri.
Foto: Nasjonalmuseet/Jacques Lathion «Utdøende urskog» malt av August Cappelen (1852).