Natur og naturressursar
Sjå filmen
Natur og naturressursar
I løpet av dei siste hundre åra har Noreg blitt eit av dei rikaste landa i verda. Grunnlaget for denne rikdomen er dei rike naturressursane og måten menneska i Noreg har lært å bruke desse ressursane på. Naturressursane som Noreg har, er først og fremst fisk, skog og olje. Dessutan har vi mykje vatn i elvar og fossar som blir brukt til å lage elektrisk energi. I dei seinare åra har ein òg teke til med å produsere elektrisk kraft ved hjelp av vindmøller.
Det første oljefunnet i Noreg blei gjort i Nordsjøen mot slutten av 1960-åra. Olja har hatt mykje å seie for norsk økonomi.
Noreg eksporterer mange varer som er baserte på naturressursane. Metall er ei stor industrivare, særleg aluminium. Metallindustrien krev mykje elektrisk energi, og vasskrafta har gjort det mogleg å produsere store mengder metall. Fisk er òg ein viktig naturressurs for Noreg. Vi eksporterer fisk til mange land, og eksporten aukar år for år. Det er mykje skog i Noreg. Noko av tømmeret blir vidareforedla. Tømmer blir mellom anna brukt til å lage papir og byggjemateriale. Ein del tømmer blir dessutan eksportert.
Natur og friluftsliv
Naturen er òg ein ressurs i seg sjølv. Turistar kjem frå heile verda for å sjå fjordane og midnattssola. Mange som bur i Noreg, likar å slappe av og hente nye krefter ute i naturen. Uansett kvar vi bur i Noreg, har vi kort veg til naturen, og alle kan gå der dei vil. Dette kallar vi allemannsretten. I utmark (strand, myr, skog og fjell) kan vi ferdast overalt til fots og på ski og slå oss ned der vi vil. Vi kan overnatte under open himmel eller setje opp telt, men ikkje nærare hus og hytter enn 150 meter. Dersom vi vil vere meir enn to døgn på same staden, må vi be grunneigaren om løyve.
Det følgjer òg plikter med når vi brukar allemannsretten. Vi må ikkje skade dyr eller naturen. Vi må rydde opp etter oss og ikkje late det liggje att søppel. Vi må dessutan vere forsiktige med å gjere opp eld. Det er forbode å kveikje bål i skogen eller i nærleiken av skog i perioden frå 15. april til 15. september. Vi kan bruke eingongsgrill, men vi må vere svært varsame.
Dei fleste stader kan vi plukke bær, sopp og blomar. Mange nordmenn fiskar eller går på jakt i fritida. Du må som regel kjøpe fiskekort for å fiske i elvar eller vatn.
Snakk saman
- Kva for naturressursar finst i heimlandet ditt, og korleis blir dei brukte?
- Snakk om fordelar og ulemper ved oljeproduksjon og vindkraft.
- Snakk om allemannsretten. Finst det liknande lover i land du kjenner til?
Vel rett svar.
Kva eksporterer Noreg mykje av?
Vel rett svar.
Kva kallar vi retten til å gå kvar ein vil i naturen?
Vel rett svar.
Kva for plikter har ein når ein går i naturen?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Klikk i biletet.
Klikk på rett stad i biletet. Kva kan vi ikkje gjere i skogen eller i nærleiken av skog i perioden frå 15. april til 15. september?