Natur- og miljøvern
Natur- og miljøvern
Natur- og miljøvern er eit omgrep for arbeidet med å ta vare på naturen og økosystema. Det handlar òg om å avgrense endringane i naturen og om å rydde opp i og reparere skade som menneska har gjort på naturen. Natur- og miljøvern skal sikre at menneske, dyr og plantar skal ha eit godt livsmiljø, no og for ettertida.
Attbruk og attvinning
Attbruk tyder at ting vi av ulike grunnar ikkje har bruk for lenger, kan brukast på nytt av andre menneske. Attvinning tyder at tinga blir plukka frå kvarandre til råvarer og så sette saman att på ein ny måte, eller at dei blir smelta om til eit nytt produkt. Attbruk har blitt veldig populært dei siste åra. Mange menneske ønskjer å ha ei meir medviten haldning til forbruk og bruk-og-kast-mentaliteten og vel å kjøpe brukte klede, møblar og andre ting.
Kjeldesortering
Kvar innbyggjar i Noreg kastar fleire hundre kilo søppel i året. I mange kommunar sorterer innbyggjarane sitt eige søppel. Dette kallar vi kjeldesortering. Noko kan vi sortere heime, andre ting må vi kanskje ta med til eit returpunkt. På returpunkta er det søppelkonteinarar for ulike typar søppel. Mange kommunar har dessutan store attvinningsstasjonar der vi kan levere større ting vi vil kaste, slik som møblar, vaskemaskiner, hageavfall og målingsspann.
Matsvinn
Matsvinn er når mat som er etande, bli kasta eller brukt til noko anna enn menneskemat. På verdsbasis blir ein tredel av all mat som blir produsert, kasta. I Noreg kastar vi kvart år 417 000 tonn mat som kunne vore eten. Dette er mat frå matvareindustrien, matbutikkar, restaurantar og andre serveringsstader og frå private hushald. Maten som blir kasta på verdsbasis kvart år, ville vore nok til å fø alle svoltne menneske i verda.
Klimagassutslepp
I Noreg går utslepp av klimagassar jamt nedover. Dei største utsleppa kjem frå olje- og gassutvinning, industri og bergverk og vegtrafikk.
I 2024 var det for første gong fleire elbilar enn bensinbilar registrert i Noreg. Det er eit mål at nesten alle nye bilar som blir selde, skal vere nullutsleppsbilar. Ein nullutsleppsbil slepper ikkje ut klimagassar. Det er òg eit mål at all auke i persontransport i dei store byane skal gjerast med kollektivtransport og sykkel eller ved at menneska går. Så sjølv om innbyggjartala aukar, skal ikkje biltrafikken auke på same måten.
Snakk saman
- Kva kan kvar einskild av oss gjere for å ta vare på naturen og miljøet?
- Snakk saman om attbruk og attvinning.
- Kjøper du nokon gong brukte ting? Kvifor eller kvifor ikkje?
- Snakk saman om kjeldesortering. Kvifor kjeldesorterer vi? Kva vil hende om vi ikkje kjeldesorterer?
- Snakk saman om matsvinn. Kvifor kastar vi så mykje mat? Kastar du mat? Kvifor eller kvifor ikkje? Kva kan vi gjere for å kaste mindre mat?
- Snakk om å bruke privatbil kontra kollektivtransport. Har alle menneske i Noreg same moglegheita til å bruke kollektivtransport? Kvifor eller kvifor ikkje?
Vel rett svar.
Kva tyder attbruk?
Vel rett svar.
Kor mykje kastar kvar innbyggjar i Noreg kvart år?
Vel rett svar.
Kva gir størst utslepp av klimagassar i Noreg?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett bilete.
Kva for bilete viser korleis vi kan vere miljøvenlege i kvardagen? Det kan vere fleire rette svar.