Berekraftig utvikling

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Se filmen

Filmen viser 21 klipp. I de første ti klippene ser vi miljøproblemene vi står ovenfor: is som smelter, røyk og forurensning, biltrafikk, flytrafikk, brennende skog, forsøpling og isbjørner som står alene på et isflak. De neste to klippene viser miljøvennlig energi: vannkraft og vindkraft. De siste ni klippene viser hva vi som privatpersoner kan gjøre for å bekjempe klimakrisen: dyrke planter og grønnsaker, demonstrere for klimavennlige tiltak, sykle til jobben, ta toget, bruke el-bil, pante flasker, kjøpe brukte klær og reparere klærne vi allerede har.

Forslag til spørsmål

Hva tenker du på når du hører ordet «bærekraftig»?
Hva kan man gjøre for å leve bærekraftig? Hva burde man ikke gjøre?
Er det enkelt å leve bærekraftig? Hvorfor? Hvorfor ikke?
Hvem kan legge til rette for at mennesker skal kunne leve bærekraftig? Hvordan?
Hvilke råd ville du gitt til en venn som ønsket å være mer miljøvennlig, men ikke visste hvordan?

Snakk sammen

Læreren kan gjerne samle på og presentere ulike nyhetsoppslag om naturkatastrofer som flom, tørke, skogbranner, ekstrem hete osv. rundt i verden.

Under koronapandemien har vi sett at det er en fordel for et land å være selvforsynt med matvarer og også andre varer. Er det mulig for alle land å være like selvforsynte? Hva ville skjedd i Norge dersom vi bare kunne kjøpt mat og varer produsert i Norge?

Tips til undervisninga

Sjå filmen

Filmen er sett saman av 21 klipp. I dei første ti klippa ser vi miljøproblema vi står overfor: is som smeltar, røyk og forureining, biltrafikk, flytrafikk, brennande skog, forsøpling og isbjørnar som står åleine på eit isflak. Dei neste to klippa viser miljøvenleg energi: vasskraft og vindkraft. Dei siste ni klippa viser kva vi som privatpersonar kan gjere for å kjempe mot klimakrisa: dyrke plantar og grønsaker, demonstrere for klimavenlege tiltak, sykle til jobben, ta toget, bruke elbil, pante flasker, kjøpe brukte klede og reparere kleda vi allereie har.

Framlegg til spørsmål

Kva tenkjer du på når du høyrer ordet «berekraftig»?
Kva kan ein gjere for å leve berekraftig? Kva burde ein ikkje gjere?
Er det enkelt å leve berekraftig? Kvifor? Kvifor ikkje?
Kven kan leggje til rette for at menneske skal kunne leve berekraftig? Korleis?
Kva råd ville du gjeve til ein ven som ønskjer å vere meir miljøvenleg, men ikkje veit korleis?

Snakk saman

Læraren kan gjerne samle på og presentere ulike medieoppslag om naturkatastrofar som flaum, tørke, skogbrannar, ekstrem varme o.a. rundt om i verda.

Under koronapandemien har vi sett at det er ein fordel for eit land å vere sjølvforsynt, både med matvarer og andre varer. Er det mogleg for alle land å vere like sjølvforsynte? Kva ville skjedd i Noreg dersom vi berre kunne kjøpe mat og varer som er produserte i Noreg?

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Muntlige ferdigheter
Digitale ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

bruke kunnskap om hvilke konsekvenser bruk og misbruk av ressurser har for et bærekraftig miljø og samfunn

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet
Video

Sjå filmen

Berekraftig utvikling

En isbjørn står alene på et lite isflak i sola. Isbjørnen skriker, og det ser ikke ut som om den har det bra. Foto
GettyImages

Berekraftsmåla til FN er ein felles plan for berekraftig utvikling for heile verda. Målet for planen er at vi saman skal utrydde fattigdom, kjempe mot ulike typar ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

Klimaendringar

Vêr og klima er ikkje det same. Vêret er det vi opplever kvar dag når vi ser ut vindauget eller går ut, medan klimaet er gjennomsnittet av vêr målt over lang tid. I løpet av dei siste hundre åra har det skjedd store endringar i klimaet på jorda. Dei fleste klimaforskarane i verda meiner dei store og raske endringane vi ser i dag, kjem av at menneska slepper ut karbongass.

Dette er nokre av endringane vi opplever:

  • Temperaturen på kloden stig.
  • Havet stig og blir surare.
  • Isen smeltar.
  • Det blir variert nedbør og meir ekstremvêr.
Person i gult regntøy på oversvømt vei. Det regner kraftig. Foto
GettyImages

Fornybare ressursar

Fornybare ressursar er eit omgrep som blir brukt om naturressursar som fornyar seg sjølve. Menneska kan bruke av desse ressursane, men dersom vi utnyttar dei rett, blir dei ikkje oppbrukte.

Døme på fornybare ressursar:

  • dyr, tre og plantar
  • nedbør, vind og vatn
  • solstrålar

Døme på ikkje-fornybare ressursar:

  • olje
  • gass
  • kol

Kortreist mat

Bonde med ulike kåltyper. Foto
GettyImages

Kortreist mat er mat som blir produsert nær forbrukaren. Når maten blir produsert lokalt, blir det ikkje bruk for så mykje transport, og vi sparer mykje klimagassutslepp. Det vil òg vere lettare å ha kontroll med produksjonen av lokalt produsert mat. Det kan handle om sprøytemiddel, bruk av antibiotika i kjøt- og fiskeindustrien og om dyra sine levekår.

Snakk saman

  • Snakk om klimaendringane. Korleis blir dei opplevde i heimlandet ditt? Korleis blir dei opplevde her i Noreg?
  • Snakk om fornybare ressursar. Kva hender når menneska brukar av desse ressursane mykje fortare enn naturen
    kan fornye seg?
  • Snakk om fordelar og ulemper ved kortreist mat.
  • Er det viktig at eit land er sjølvforsynt? Kvifor eller kvifor ikkje?
  • Snakk om FN sine berekraftsmål. Tykkjer du at nokre av dei er viktigare enn andre? Er heile verda samde om denne planen?

Vel rett svar.

Kva er klima?

Vel rett svar.

Kva meiner dei fleste klimaforskarane er årsaka til dei raske og store endringane vi ser i klimaet?

Vel rett svar.

Kva er ein fornybar ressurs?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Temperaturen på kloden stig.
Berekraftsmåla til FN er ein felles plan for berekraftig utvikling for heile verda.
Klima og vêr tyder det same.
Ei av klimaendringane vi opplever, er at isen smeltar.
Dei fleste klimaforskarar meiner at klimaendringane er menneskeskapte.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Solstrålar, tre og vind er ikkje-fornybare ressursar.
Olje er ein ikkje-fornybar ressurs.
Vatn er ein fornybar ressurs.
Når maten blir produsert lokalt, blir det ikkje bruk for så mykje transport, og vi sparer klimagassutslepp.
Det er vanskelegare å ha kontroll med produksjonen av lokalt produsert mat enn mat produsert andre stader.

Trykk på rett bilete.

Kva for eit bilete viser ein ikkje-fornybar ressurs?