Familieliv

  • Kva er ein familie?
  • Kva ulikskapar og likskapar er det mellom ulike kulturar du kjenner til når det gjeld familieliv og korleis barna blir oppseda?
  • Korleis påverkar det familielivet å flytte til eit anna land? Kan familiemedlemar oppleve dette ulikt?

Det er triveleg å leve saman i ein familie, men nokre gonger er det òg utfordrande. Når familien i tillegg flyttar til eit anna land, kan det oppstå utfordringar som ein kanskje ikkje har tenkt over på førehand. Barn og vaksne møter eit nytt språk og ein ny kultur på skulen og på arbeid. Samstundes kan dei kjenne djupt sakn etter menneske og stader dei har reist frå. Dei ulike medlemane av familien kan reagere ulikt på dette. Då er det viktig å støtte kvarandre, snakke saman og finne måtar å kome seg vidare på.

Tips til undervisningen

Hva en tenker på når en snakker om familie, kan være individuelt. Noen tenker på kjernefamilien, andre inkluderer fettere og kusiner, tanter og onkler.

Hva som defineres som familie i Norge har endret seg den siste tiden. Nå kan en kjernefamilie bestå av en enslig mor eller far med barn, to mødre med barn eller to fedre med barn osv.

Snakk om kunstverket

En mor fletter håret til sin datter. Maleri.
Foto: Nasjonalmuseet «Håret flettes» malt av Christian Krogh (1888).

Tips til undervisninga

Det kan vere individuelt kva folk tenkjer på når vi snakkar om familie. Nokre tenkjer på kjernefamilien, medan andre inkluderer fetrar og kusiner, tanter og onklar.

Kva som blir definert som familie her i Noreg, har endra seg dei siste åra. No kan ein kjernefamilie vere ei einsleg mor eller ein einsleg far med barn, to mødrer med barn eller to fedrar med barn osv.

Snakk om kunstverket

En mor fletter håret til sin datter. Maleri.
Foto: Nasjonalmuseet «Håret flettes» malt av Christian Krogh (1888).