Rettane til barn og unge

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Det at det finnes en barnelov i Norge, er et eksempel på en av kjerneverdiene i samfunnet: Alle mennesker er likeverdige og beskyttet av lover og rettssystemet, uavhengig av legning, funksjonsevne, seksualitet og alder. Barn har det samme rettsvernet som voksne.

Tips til undervisninga

Det at det finst ei barnelov i Noreg, er eit døme på ein av kjerneverdiane i samfunnet, nemleg at alle menneske er likeverdige og er verna av lover og rettssystemet, uavhengig av legning, funksjonsevne, seksualitet og alder. Barn har det same rettsvernet som vaksne.

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Folkehelse og livsmestring

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

gi eksempler på viktige lover, regler og verdier som omhandler barn og unges rettigheter og rettsvern

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Rettane til barn og unge

En jente i toårsalderen står i en eng. Hun holder en løvetann og smiler bredt. Foto
GettyImages

Rettane til barn og unge

I Noreg har vi ei lov som blir kalla barnelova. Denne lova gjeld for barn og unge under 18 år og seier mykje om kva plikter foreldra har overfor barna og kva rettar barna har overfor foreldra.

Her er nokre viktige punkt i barnelova:

  • Når eit barn blir fødd, blir det sendt ei melding til folkeregisteret. Det skal meldast frå om kven som er far og mor til barnet, og om foreldra bur saman.
  • Som regel har foreldra hovudansvaret for barna sine, og barn har krav på omsorg og omtanke frå foreldra.
  • Foreldra må sjå til at barna får mat og klede og andre ting dei treng for å ha eit godt liv, heilt til barnet har fylt 18 år.
  • Foreldra har plikt til å gje barna ei god oppseding, og dei skal alltid tenkje på barna sine interesser og kva dei treng. Barnelova forbyr bruk av vald i oppsedinga.
  • Foreldra skal passe på at barna deltek i den obligatoriske grunnskuleopplæringa, og dei skal sjå til at barna får opplæring som passar til evnene og interessene deira.
  • Barn har rett til samvær med begge foreldra, sjølv når foreldra bur kvar for seg.
  • Foreldra har plikt og rett til å ta avgjerder for barnet når barnet ikkje kan bestemme sjølv. Foreldra skal leggje større og større vekt på kva barnet sjølv meiner etter kvart som det blir eldre. Ein sjuåring har rett til å seie meininga si før foreldra tek avgjerder om personlege saker som gjeld barnet. Lova seier at når eit barn har fylt 12, skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner.
  • Eit barn som har fylt 15 år, har sjølv rett til å avgjere spørsmål om utdanning og melde seg inn i og ut av organisasjonar.
  • I Noreg blir ein myndig når ein fyller 18 år. Det vil seie at ein er gamal nok til å inngå juridiske avtalar og ha kontroll over sine eigne pengar. Foreldra har ikkje ansvaret lenger.

Snakk saman

Jente tenker  på hva slags klær hun vil velge. Foto
Dotter: Eg vil ha den raude genseren!
Far og sønn forbereder seg til fotballtrening. Foto
GettyImages Son: Eg vil ikkje gå på fotballtrening lenger.
Sønn snakker med mot. Foto
Son: Eg vil søkje på bygg og anlegg på vidaregåande.
Mor snakker til sønn. Foto
GettyImages Mor: Trur du ikkje at du ville trivast betre i eit anna yrke? Du er jo så glad i matte. Du kan studere og bli ingeniør.
  • Snakk om bileta. Kva har dei med barnelova å gjere?
  • Er barn verna av ei eiga lov i andre land du kjenner til?
  • Kva tyder det for foreldra at det finst ei barnelov?
  • Kva skal til for at eit barn skal ha eit godt liv?
  • Kva slags rolle bør foreldra ta når ein 15-åring skal velje vidaregåande utdanning?
  • Kva tykkjer du er den viktigaste føresegna i barnelova?

Vel rett svar.

Kven handlar barnelova om?

Vel rett svar.

Kva seier barnelova om vald i oppsedinga?

Vel rett svar.

Kven sitt ansvar er det å passe på at barna deltek i grunnskulen?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Barnelova seier mykje om kva plikter foreldre har i høve til barna sine.
Barn som har fylt 15, bestemmer sjølve om dei vil melde seg ut av eller inn i religiøse og politiske organisasjonar.
Dersom foreldra ikkje bur saman, har barnet berre krav på samvær med mora.
I Noreg blir ein myndig når ein fyller 16 år.
Når ein person fyller 18 år, har ikkje foreldra juridisk og økonomisk ansvar lenger.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Når eit barn blir fødd, blir det sendt ei melding til folkeregisteret.
Barn har krav på omsorg og omtanke frå foreldra sine.
Foreldre må sjå til at barna får mat og klede fram til barnet har fylt 15 år.
Foreldra har plikt og rett til å ta avgjerder for barnet når barnet ikkje kan bestemme sjølv.