Barneoppseding
Sjå filmen
Barneoppseding
Barneoppseding kan variere mellom ulike familiar, samfunn og kulturar. Foreldra har hovudansvaret for oppsedinga til barna sine, sjølv om dei òg blir påverka av andre vaksne i barnehagen, på skulen og i samband med fritidsaktivitetar. Målet med oppsedinga er mellom anna at barna skal lære å delta i samfunnet, at dei skal få gode grunnleggjande verdiar, og at dei skal kunne leve eit godt liv.
Foreldre ønskjer å vere mykje saman med barna sine og å vite mykje om livet til barna i den tida dei ikkje er saman. Difor legg dei stor vekt på å ha eit godt samarbeid med barnehagen og skulen. Dei fleste foreldre tykkjer òg at det er viktig å kjenne venene til barna og foreldra deira.
Synet på barneoppseding har endra seg. Tidlegare såg ein på barn som «små vaksne», og dei måtte ofte jobbe for å hjelpe til med å skaffe inntekter til familien. I dag er barndomen ei tid for leik og læring, og det blir ikkje stilt krav til barn på same måten som før.
Det er ei stor glede og eit stort ansvar å ha barn, men dei aller fleste foreldre tykkjer av og til at det kan vere vanskeleg å oppsede barna. Barn gjer ikkje alltid som foreldra vil, og nokre gonger blir foreldra slitne, sinte og oppgitte. Då kan dei til dømes spørje nokon som kan mykje om dette til råds, diskutere med andre foreldre, lese bøker om emnet eller finne informasjon på internett. Det er godt å ha tenk gjennom korleis ein kan te seg som foreldre i problematiske situasjonar før situasjonen oppstår.
Snakk saman
- Korleis kan barnehagen og skulen vere med på å støtte foreldra i oppsedinga av barna?
- Snakk saman om synet på barn og barneoppseding i Noreg.
- Snakk saman om utfordringar i oppseding av barn.
Vel rett svar.
Tidlegare såg ein på barn som «små vaksne». Kva måtte barn gjere før som dei ikkje må no lenger?
Vel rett svar.
Kven har hovudansvaret for barn si oppseding?
Fullfør setninga.
Det er ei stor glede å ha barn, og de aller fleste foreldre tykkjer ...
Vel dei rette svara.
Kva kan ein gjere dersom ein tykkjer det er vanskeleg å vere foreldre?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?