Ekteskap og familie

Sjå filmen
Ekteskap og familie

Ekteskap og familie
- Tretti prosent av para som bur saman, er sambuarar. Sytti prosent av para som bur saman, er gifte.
- Gjennomsnittsalderen for å gifte seg for første gong er mellom tretti og førti år, både for menn og kvinner.
- Det blir fødd litt meir enn femti tusen barn i Noreg kvart år.
- Kvinner i Noreg får i gjennomsnitt om lag 1,4 barn kvar (2023)
Kjelde: SSB
Ulike familietypar
Dei fleste menneske er del av ein familie. Nokre bur saman med andre familiemedlemar, medan andre bur åleine. Dei som bur åleine, har som regel ein familie, men familien bur kanskje i eit anna hus, ein annan by eller eit anna land.
Eit hushald er menneske som bur i same bustad og har felles økonomi. Eit hushald kan bestå av éin eller fleire personar. I gjennomsnitt bur det litt over to personar i kvart hushald i Noreg.
Her er noen eksempler på hvordan en husholdning kan se ut i Norge:






Ekteskap
Kvart år er det om lag tjue tusen par som gifter seg i Noreg. For å gifte seg må ein vere over 18 år og gifte seg frivillig. Sidan 2009 har det vore mogleg for to menneske av same kjønn å gifte seg i Noreg. Når ein er gifte, har ein plikt til å forsørgje kvarandre. Når eit ektepar tek opp lån, står begge ansvarlege for lånet. Tinga eit ektepar kjøper, eig dei saman. Dette gjeld sjølv om berre den eine av ektefellane har arbeid utanfor heimen. Foreldre til barn som er fødde i Noreg frå og med 1. januar 2020, har i utgangspunktet felles foreldreansvar. Dette gjeld både om foreldra er gifte eller er sambuarar, og om dei ikkje bur saman.


Sannsynlegvis vil om lag førti prosent av dei som gifter seg, skilje seg seinare. Både menn og kvinner kan be om skilsmål. Hovudregelen er at ein må vere separert i eitt år før ein kan be om skilsmål. Dersom ekteskapet blei inngått ved bruk av tvang eller det har blitt nytta vald i ekteskapet, kan ein få skilsmål med ein gong.
Om lag syttifem prosent av alle barn bur saman med både mor og far. Etter eit skilsmål har både mora og faren plikt og rett til omsorg for barnet.
Mange menneske vel å leve saman ei tid utan å vere gifte. Sambuarar har ikkje automatisk dei same økonomiske eller juridiske rettane og pliktene overfor kvarandre. Difor går mange til ein advokat for å skrive avtalar om arv eller fordeling av verdiar dersom dei går frå kvarandre.
Snakk saman

- Kva er ein familie?
- Snakk om ulike måtar å leve saman på.
- Snakk om storleiken på hushalda i Noreg og i heimlandet ditt. Kva kan dette fortelje om ulike samfunn? Kva sosiale og økonomiske konsekvensar får dette for innbyggjarane sine liv?
- Diskuter korleis foreldre som skil seg, best kan ta vare på barna sine.
- Snakk saman om kvifor mange vel å vere sambuarar i staden for å gifte seg.
Anna og Morten er gifte og har to små barn. Barna går i barnehagen, og både Anna og Morten er i full jobb. Dei har nettopp kjøpt eit hus i nærleiken av foreldra til Anna. Huset var dyrt, så dei har eit stort banklån. I tillegg har begge to studielån og billån. Begge er slitne. Dei kranglar ofte om kven som skal gjere husarbeidet, og om korleis dei skal få pengane til å strekke til. Under ein heftig krangel utbryt Anna: «No orkar eg ikkje meir. Eg vil skiljast!»
- Snakk saman om situasjonen til Anna og Morten. Kva kan dei gjere for å gjere kvardagane lettare?
- Kva konsekvensar vil det få for familien om Anna og Morten vel å skilje seg?

Vel rett svar.
Kva er eit hushald?
Vel rett svar.
Kor mange personar bur det i eit gjennomsnittleg norsk hushald?
Vel rett svar.
Kven får foreldreansvaret når eit ektepar får barn?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?