Barnevernet
Barnevernet
Det er først og fremst foreldra sitt ansvar å ha omsorg for og oppsede barn. Nokre foreldre kan ha bruk for hjelp i kortare eller lengre tid, til dømes fordi dei har ein vanskeleg livssituasjon. Barnevernet kan hjelpe barn og familiar i slike situasjonar. Det finst barnevernskontor i alle norske kommunar.
Barnevernet si historie i Noreg går attende til 1800-talet. Noreg blei det første landa i verda som oppretta eit offentleg barnevern for å hjelpe barn i sårbare livssituasjonar og barn som har bruk for ekstra hjelp og vern. Den første lova, verjerådslova, tredde i kraft i år 1900.
Barnevernet er der for barn som treng hjelp.
- Barnevernet skal sørgje for at barn og unge får ein trygg oppvekst.
- Barnevernet skal hjelpe og støtte barn, unge og familiar som har det vanskeleg heime.
- Barnevernet har ulike hjelpetiltak, til dømes rettleiing, avlastning og støttekontakt. Foreldre kan sjølve be om desse tenestene.
- Den viktigaste oppgåva til barnevernet er å verne barna, helst i samarbeid med familien.
- Dersom det er naudsynt, kan barnevernet finne ein ny familie til barn som treng å blir verna mot foreldra sine.
- Alle som jobbar i barnevernet, har teieplikt.
- Alle som jobbar med barn, har plikt til å melde frå til barnevernet dersom dei har mistanke om vald i familien.
- Alle som er urolege for eit barn, bør melde frå til barnevernet.
Korleis kan barn og vaksne kontakt barnevernet?
Alle kommunar har ei barnevernteneste som er open på dagtid. Både barn og vaksne kan ta kontakt. På kveldstid, om natta og i helgar kan barn eller andre som er uroleg for eit barn, ringje alarmtelefonen for barn og unge på telefonnummeret 116 111.
Snakk saman
- Diskuter rolla til barnevernet i det norske samfunnet.
- I kva situasjonar kan eit barn trenge å bli verna mot sin eigen familie?
- Mange som er nye i Noreg, er veldig skeptiske til barnevernet. Kvifor er det slik, trur du?
Vel rett svar.
Når tredde den første norske barnevernslova, verjerådslova, i kraft?
Vel rett svar.
Kvar finn ein barnevernskontor?
Fullfør setninga.
Alle som jobbar med barn, har plikt til å melde frå til barnevernet dersom dei har mistanke om ...
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?