Å leve i to kulturar

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Samtalestarter

Samtale 1

A: Har du hørt at nabojenta skal ha barn?
Hun er bare 16 år og ikke gift.
B: Hva er det du sier? Stakkars jente.
Hva skal hun gjøre nå? Hun er jo så ung.
Hvordan skal hun ta vare på barnet?
A: Kanskje hun må slutte på skolen.
Hvordan skal framtiden hennes bli?

Samtale 2
A: Har du hørt at nabojenta skal ha barn?
Hun er bare 16 år og ikke gift.
B: Hva er det du sier? Stakkars familien hennes.
Hva skal de gjøre nå? Dette er vanskelig for
faren og moren hennes.
A: Ja, for en skam. Nå blir hun kanskje aldri gift.
Hvordan skal fremtiden hennes bli?

Snakk sammen

Hvilken av disse samtalene kjenner du deg igjen i?
Hva er forskjellen på samtalene?
Hvilken av disse samtalene er mest typisk for din kultur?
Hvilken av disse samtalene er mest typisk for norsk kultur?

For å få en bedre forståelse av jeg- og vi-kulturer må læreren presentere listen over forskjellene og diskutere dette med gruppa.

Samtalestarter 2

Manar
Manar går i tredje klasse. Hun og foreldrene har bodd i Norge et par år. Hun leker mye sammen med en norsk jente, Karine, på skolen. Karine har invitert Manar med seg hjem etter skolen flere ganger. Men foreldrene til Manar sier nei. De vil at Manar skal komme rett hjem fra skolen. Nå har Karine sluttet å invitere Manar. Manar og Karine leker ikke så mye sammen i friminuttene lenger, heller. Manar er lei seg.

Snakk sammen

Hvilke grunner kan foreldrene til Manar ha for å nekte Manar å være med andre barn hjem?
Hva kan konsekvensene av foreldrenes valg bli for Manar?

Les/hør mer

Bok: Mulighetens barn (Loveleen Kumar, Cappelen 1997)

Bok: Third Culture Kids (Gyldendal, 2019)

Tips til undervisninga

Samtalestartar

A: Har du høyrt at nabojenta skal ha barn?
Ho er berre 16 år og er ikkje gift.
B: Kva er det du seier? Stakkars jente.
Kva skal ho gjere no? Ho er jo så ung.
Korleis skal ho ta vare på barnet?
A: Kanskje ho må slutte på skulen.
Korleis skal framtida hennar bli?

A: Har du høyrt at nabojenta skal ha barn?
Ho er berre 16 år og er ikkje gift.
B: Kva er det du seier? Stakkars familien hennar.
Kva skal dei gjere no? Dette er vanskeleg for faren og mora hennar.
A: Ja, for ei skam. No blir ho kanskje aldri gift.
Korleis skal framtida hennar bli?

Snakk saman

Kva for ein av desse samtalane kjenner du deg att i?
Korleis skil desse to samtalane seg frå kvarandre?
Kva for ein av samtalane er mest typisk for din kultur?
Kva for ein av samtalane er mest typisk for norsk kultur?

For at ein skal forstå eg- og vi-kulturar betre må læraren presentere lista over ulikskapane og diskutere det med gruppa.

Samtalestartar 2

Manar
Manar går i tredje klasse. Ho og foreldra har budd i Noreg i eit par år. På skulen leikar ho mykje med ei norsk jente som heiter Karine. Karine har invitert Manar med seg heim etter skulen fleire gonger, men foreldra til Manar seier nei. Dei vil at Manar skal kome rett heim etter skulen. No har Karine slutta å invitere Manar. Manar og Karine leikar ikkje så mykje saman i friminutta lenger, heller. Manar er lei seg.

Snakk saman

Kva grunnar kan foreldra til Manar ha for å nekte Manar å vere med andre barn heim?
Kva konsekvensar kan valet til foreldra få for Manar?

Les/høyr meir

Bok: Mulighetens barn (Loveleen Kumar, Cappelen 1997)

Bok: Third Culture Kids (Gyldendal, 2019)

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Folkehelse og livsmestring

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

gi eksempler på hvordan fysisk og psykisk helse kan bli påvirket av livsstil og ulike hendelser, som for eksempel migrasjon
gi eksempler på viktige lover, regler og verdier som omhandler barn og unges rettigheter og rettsvern

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Å leve i to kulturar

AdobeStock

Alle menneske er fødde inn i eit samfunn og ein kultur. I denne kulturen lærer vi korleis vi skal leve saman, kva som er rett og gale, og korleis vi ser på vår plass i verda. Barn lærer både av foreldra og av kulturen dei har rundt seg. Ulike kulturar har ulike syn på einskildmennesket si rolle. For å gjere det litt enklare å forstå ulikskapane kan vi dele inn kulturane i to hovudgrupper. Desse gruppene kallar vi for eg-kulturar og vi-kulturar.

I ein eg-kultur er einskildmennesket viktigast. Døme på positive verdiar i ein slik kultur er sjølvstende, likeverd og likestilling. I ein vi-kultur er det gruppa som er viktigast. Døme på positive verdiar her er lydnad, respekt og gode relasjonar.

Av og til må barn som veks opp med to kulturar, leve etter eit sett reglar heime og eit anna regelsett utanfor heimen. Det kan vere ulike meiningar om kva som er høfleg eller rett, og det kan vere ulike forventningar til korleis barnet skal oppføre seg.

Snakk saman

  • Diskuter ulikskapane mellom vi-kulturar og eg-kulturar. Er det heilt klare grenser mellom dei?
  • Er den norske kulturen ein vi-kultur, ein eg-kultur eller noko midt imellom?
  • Kva for dilemma vil ein som kjem frå ein vi-kultur, møte på i ein eg-kultur?
  • Kva for dilemma vil ein som kjem frå ein eg-kultur, møte på i ein vi-kultur?
  • Diskuter barneoppseding i ein eg-kultur og i ein vi-kultur.
GettyImages
GettyImages

Vel rett svar.

Kven og kva lærer barn av?

Vel rett svar.

Vi kan dele inn kulturane i to hovudgrupper for å gjere det litt enklare å forstå kulturskilnader. Kva kallar vi dei to gruppene?

Vel rett svar.

Kva kjenneteiknar vi-kulturar?

Vel rett svar.

Kva er typisk for eg-kulturar? Her er fleire rette svar.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Barn lærer både av foreldra og av kulturen dei har rundt seg.
Dei fleste kulturar har like haldningar, verdiar og meiningar.
Eg-kulturar er gruppeorienterte kulturar.
Respekt er viktig i vi-kulturar.
Likestilling er viktig i eg-kulturar.