Tannhelse

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Se filmen

Videoen består av ti klipp. I det første klippet ser vi en ung gutt som har mistet en melketann. Deretter ser vi klipp som er knyttet til tannhelse: pussing av tenner, bruk av tanntråd og bruk av munnskyllevann. De tre siste klippene viser besøk hos tannlegen. I disse klippene ser vi en tannlege vise pasienten røntgenbilder av tenner, og til slutt ser vi en person i tannlegestolen.

Forslag til spørsmål

Hvilke andre ting enn de vi ser på filmen kan vi gjøre for å passe på tennene våre?
Hva kan skje hvis man ikke passer på tennene sine?
Synes du staten eller foreldre burde betale for tannlegetimene til barn? Hvorfor?
Synes du tannlege burde betales av staten eller av personen som er hos tannlegen? Hvorfor?

Snakk sammen

Unngå hyppig inntak av syreholdig mat og drikke som brus, juice og sure godterier.
Foreldre må hjelpe barna til å få gode vaner, som å unngå hyppig småspising, eller hyppig drikking. Gode vaner kan være: vann som tørstedrikk, og godteri en gang i uka (lørdagsgodteri).
Hvis barnet drikker om natta, gi det vann!
Sørg for ren munnhule også før de første tennene kommer ut, pusse fra frembrudd av første tann. Viktig å hjelpe barnet å pusse helt til barnet klarer det godt selv, vanligvis ved 10 års alder.
For barn er det anbefalt å ha myk tannbørste, eventuelt ekstra fluortabletter og etter hvert fluorskylling og tanntråd.

Tips til undervisninga

Sjå filmen

Videoen er sett saman av ti klipp. I det første klippet ser vi ein gut som har mista ei mjølketann. Så ser vi klipp som har med tannhelse å gjere: pussing av tenner og bruk av tanntråd og munnskyljevatn. Dei siste tre klippa viser tannlegebesøk. I desse klippa ser vi først tannlegen vise pasienten røntgenbilete av tennene, og til slutt ser vi ein person i tannlegestolen.

Framlegg til spørsmål

Kva andre ting enn dei vi ser på filmen, kan vi gjere for å ta vare på tennene våre?
Kva kan hende dersom ein ikkje passar på tennene sine?
Synest du at staten eller foreldra burde betale for barn sine tannlegetimar? Kvifor?
Synest du at staten eller pasienten burde betale for tannlegen? Kvifor?

Snakk saman

Syrehaldig mat og drikke, som brus, jus og surt snop, bør ein ikkje ete eller drikke ofte.
Foreldre må hjelpe barna med å leggje seg til gode vanar, slik som å ikkje småete eller drikke heile tida. Gode vanar kan vere å drikke vatn som tørstedrikk og ete snop éin gong i veka (laurdagsgodt).
Dersom barnet skal ha noko å drikke om natta, gje det vatn!
Sjå til at munnhola er rein òg før barnet får dei første tennene, og puss frå den første tanna kjem fram. Det er viktig å hjelpe barn med tannpussen heilt til dei greier det godt sjølve, vanlegvis i tiårsalderen.
Mjuk tannkost, eventuelt ekstra fluortablettar og etter kvart òg fluorskyljing og tanntråd.

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Muntlige ferdigheter
Digitale ferdigheter

Tverrfaglige tema

Folkehelse og livsmestring

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

bruke kunnskap om det norske helsevesenet til å få tilgang til ulike helsetjenester

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet
Video

Sjå filmen

Tannhelse

Elektriske tannbørster og vanlige tannbørster mot blå bakgrunn. Foto
GettyImages
En ung jente med tannregulering sitter i tannlegestolen. Hun smiler mot kamera. Foto
GettyImages
  • Barn og unge blir kalla inn til jamlege tannkontrollar i den offentlege tannhelsetenesta fram til dei er 18 år gamle. Det offentlege betaler for denne tannlegebehandlinga.
  • Personar som er mellom 18 og 24 år gamle, betaler 25 prosent av kostnadene for tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta, medan det offentlege betaler 75 prosent.
  • Vaksne betaler elles full pris for tannlegebehandling.
  • Vaksne må sjølve oppsøkje ein privat tannlege. Det er vanleg å gå til kontroll hos tannlegen éin gong i året.
  • Dersom eit barn eller ein ungdom treng tannregulering, må foreldra betale ein eigendel for det.

Tannhelsa til barn

Foreldra har ansvaret for barna si tannhelse. Sukker er skadeleg for tennene. Det er sukker i mykje av det vi et og drikk, til dømes sjokolade, kjeks, brus, saft, kaker og snop. Alle bør pusse tennene to gonger om dagen, om morgonen og om kvelden. Dårlege mjølketenner kan føre til at dei nye tennene òg blir dårlege. Difor er det viktig å stelle tennene heilt frå barna er små.

En tannbørste ligger ved en vask. Det er tannkrem på tannbørsten, og den er klar til bruk. Foto
GettyImages

Snakk saman

  • Diskuter kva god tannhelse er.
  • Kor ofte tykkjer du det er naudsynt å gå til tannlegen?
  • Diskuter samanhengen mellom kosthald og tannhelse.
  • Kva tykkjer de om at det offentlege betaler for tannbehandling for barn, men ikkje for vaksne?
  • I Noreg legg barna mjølketennene dei har mista, i eit glas med vatn. Om natta kjem tannfea og legg pengar i glaset. Kjenner du til andre slike skikkar?

Fullfør setninga.

Barn og unge blir kalla inn til jamlege tannkontrollar fram til dei er ...

Vel rett svar.

Kor ofte bør ein pusse tennene?

Vel rett svar.

Kven betaler full pris for tannhelsetenester?

Vel rett svar.

Kor mykje betaler unge vaksne mellom 18 og 24 år for tannhelsetenester?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Sukker er skadeleg for tennene.
Det er mykje sukker i sjokolade, brus og kake.
Det er vanleg å gå til kontroll hos tannlegen éin gong i månaden.
Mjølketenner varer ikkje heile livet, og difor er det ikkje så viktig med sunne mjølketenner.
Foreldre må betale ein eigendel dersom barnet deira skal ha tannregulering.

Klikk i biletet.

I kva for alder dekkjer det offentlege 75 prosent av tannlegebehandling?

choice-image