Menneskerettar
Menneskerettar
Menneskerettane gjeld for alle menneske. Dei er rettar vi har fordi vi er menneske – ikkje fordi vi bur på ein viss plass i verda eller høyrer til ein viss religion eller ei viss folkegruppe. Vi seier at menneskerettane er universelle.
I 1948 blei FN si verdserklæring om menneskerettar vedteken. Alle dei 193 landa som er med i FN, har slutta seg til denne erklæringa. Store delar av menneskerettserklæringa til FN er innarbeidd i dei norske lovene.
Menneskerettserklæringa seier mellom anna at
- alle menneske er fødde frie med same menneskeverd og menneskerettar
- alle menneske har dei same menneskerettane uavhengig av kjønn, religion, etnisitet, politisk syn, nasjonalitet osv.
- alle menneske har rett til fridom og personleg tryggleik
- alle former for tortur er forbodne
- alle menneske skal ha rettstryggleik
- alle menneske har rett til å påverke den politiske situasjonen i landet sitt ved å stemme ved frie, hemmelege val
Snakk saman
- Kjenner du til FN si menneskerettserklæring?
- Trur du at menneskerettserklæringa har noko å seie for livsvilkåra rundt om i verda?
- Følgjer alle land i verda det som er fastsett i menneskerettserklæringa?
Vel rett svar.
Når blei FN si verdserklæring om menneskerettar vedteken?
Vel rett svar.
Kven gjeld menneskerettane for?
Vel rett svar.
Kva for eit alternativ er ikkje ein menneskerett?
Vel rett eller gale.
Les setningane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?