Val og politiske parti

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Gå inn på hjemmesidene til noen av de største politiske partiene og les om hva de står for. Læreren bør også ha oversikt over og formidle de politiske forholdene lokalt i kommunen der deltakerne bor.

Da norske kvinner fikk stemmerett i 1913, var det som et av de første landene i verden. Sammenlikn gjerne med land deltakerne kjenner til.

Diskusjonsspørsmål, om aktuelt: Vil det at kvinner også har stemmerett gjøre noen forskjell på resultatene av politiske valg, tror dere?

Tips til undervisninga

Gå inn på heimesidene til nokre av dei største politiske partia og les om kva dei står for. Læraren bør òg ha oversikt over og formidle dei lokale politiske tilhøva i kommunen der deltakarane bur.

Noreg var eit av dei første landa i verda der kvinner fekk stemmerett. Det hende i 1913. Samanlikn gjerne med andre land som deltakarane kjenner til.

Diskusjonsspørsmål dersom det er aktuelt: Trur de at det har noko å seie for resultata av politiske val at kvinner òg har stemmerett?

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

gi eksempler på hvordan demokratiet i Norge fungerer, knyttet til de tre statsmaktene og prinsippet om maktfordeling, politiske partier og valgordningen

Kjerneelement

Demokratiforståelse og deltakelse

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet
Utforsking

Val og politiske parti

Det blir halde politiske val i Noreg annakvart år. Vala vekslar mellom stortingsval og lokalval (fylkestings- og kommuneval).

Dei politiske partia vedtek program på landsmøta sine. I programmet skriv partia kva for saker dei ønskjer å arbeide med dei neste fire åra, altså i den komande valperioden.

Det er hemmelege val i Noreg. Det tyder at vi ikkje treng å fortelje andre kva for eit parti vi stemmer på. Det hender ofte at medlemer av same familie stemmer på ulike parti. Det er viktig å ha ei sjølvstendig meining om kva for eit parti ein støttar.

Stemmerett

  • Stemmerettsalderen i Noreg er 18 år.
  • Du må vere norsk statsborgar for å stemme ved stortingsval.
  • For å stemme ved kommune- og fylkestingsval må du ha budd i Noreg dei siste tre åra.
  • Norske menn fekk allmenn stemmerett i 1898, medan norske kvinner fekk allmenn stemmerett i 1913.

Politiske parti

Det finst om lag tjue ulike politiske parti i Noreg, så det finst mange alternativ å velje mellom når det er val.

Vi kan plassere dei største partia på ein skala frå «sosialistisk» til «borgarleg» slik:

Snakk saman

  • Korleis går politiske val føre seg i land du kjenner til?
  • Synest du det er viktig å stemme ved politiske val? Kvifor? / Kvifor ikkje?
  • Kva veit du om dei ulike politiske partia i Noreg?
  • Kva kan du gjere for å få meir informasjon om dei politiske partia og kva dei står for?
  • Kva heiter statsministeren i Noreg? Kva for eit politisk parti representerer han eller ho?

Vel rett svar.

Kor ofte har vi politiske val i Noreg?

Vel rett svar.

Kva tyder det at vi har hemmelege val i Noreg?

Vel rett svar.

Kor mange politisk parti finst det i Noreg?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Norske menn fekk stemmerett i 1913.
Vi kan plassere partia på ein skala frå «sosialistisk» til «borgarleg».
Ein må ha budd i Noreg i sju år for å stemme ved kommune- og fylkestingsval.
Stemmerettsalderen i Noreg er 16 år.
Du må vere norsk statsborgar for å stemme ved stortingsval.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Det er stortingsval annakvart år.
Dei politiske partia vedtek program på landsmøta sine.
Det er ikkje hemmelege val i Noreg.
Menneske som er i same familie, må stemme på same partiet.
Det finst om lag tjue politisk parti i Noreg.

Klikk i biletet.

Klikk på sirkelen med dei borgarlege partia.

choice-image

Klikk i biletet.

Klikk på sirkelen med dei sosialistiske partia.

choice-image