Tvangsekteskap

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Snakk sammen

Grensene mellom de tre typene ekteskap er flytende. Press og forventninger til å gifte seg (av og til med en spesiell kandidat) fra omgivelsene varierer fra kultur til kultur og fra familie og familie.

Grensen mellom arrangert ekteskap og tvangsekteskap kan være ekstra vanskelig å trekke. Når blir forventing til press? Når blir press til tvang?

Mina

Diskusjonen her kan være ulik avhengig av deltakernes bakgrunn og kultur. Er dette en kjent situasjon for dem? Nyankomne kan kanskje reflektere rundt endringer i familien/barneoppdragelsen/barnas liv med bakgrunn i foreldrenes avgjørelse om å migrere. Foreldre flest vil det aller beste for barna sine. Men noen ganger kan hva foreldrene mener er det beste og hva barna mener er det beste komme på kollisjonskurs.

Tips til undervisninga

Snakk saman

Grensene mellom dei tre typane ekteskap er flytande. Press og forventningar frå omgjevnadene om å gifte seg (av og til med ein spesiell kandidat) varierer frå kultur til kultur og frå familie til familie.

Særleg kan det vere vanskeleg å skilje mellom arrangert ekteskap og tvangsekteskap. Når blir forventningar til press? Når blir press til tvang?

Mina

Her kan diskusjonen variere med deltakarane sin bakgrunn og kultur. Er dette ein kjend situasjon for dei? Folk som nyleg er komne til landet, kan kanskje reflektere rundt endringar i familien/barneoppsedinga/livet til barna på bakgrunn av foreldra si avgjerd om å migrere. Dei fleste foreldre vil berre det beste for barna sine. Men nokre gonger har barn og foreldre ulike syn på kva som er det beste.

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Folkehelse og livsmestring

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

samtale om hva negativ sosial kontroll, vold i nære relasjoner, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse er, om juridiske og personlige konsekvenser av dette, og om aktuelle hjelpetilbud

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Tvangsekteskap

Frå ekteskapslova:

  • Alle som er over 18 år, som ikkje er gifte frå før, og som har lovleg opphald i Noreg, kan inngå ekteskap her.
  • Alle ekteskap skal inngåast frivillig. Kvinner og menn har same rett til å fritt velje ektefellen sin sjølv. Straffelova slår fast at den som med vald, fridomsfråtaking, press eller trugsmål tvinger nokon til å inngå ekteskap, kan straffast med fengsel i opptil seks år. Medverknad blir straffa på same måten.
  • To personar av motsett eller same kjønn kan inngå ekteskap.

Å finne ein ektefelle

Kjærleiksekteskap: Dei to som skal gifte seg, finn kvarandre sjølve og bestemmer seg for å gifte seg.

Arrangert ekteskap: Foreldra eller familien speler ei viktig rolle i å finne ektefeller til barna sine. Barna godtek foreldra sitt val.

Tvangsekteskap: Foreldra finn ein ektefelle til barna sine og utset dei for meir eller mindre press til å gifte seg. I Noreg er det forbode å tvinge nokon til å gifte seg. Den som tvingar eller pressar nokon til å gifte seg, kan bli straffa med opptil seks år i fengsel. Tvangsekteskap er ugyldige etter norsk rett. Den som blir tvungen eller pressa til å gifte seg, kan difor gå til ein norsk domstol og få ekteskapet annullert. Det må gjerast seinast fem år etter at ein gifte seg.

Snakk saman

  • Er det klare grenser mellom desse tre typane ekteskap?
  • Kan det vere ulikt kva vi definerer som tvang?

Mina er 18 år. Ho kom til Noreg saman med foreldra då ho var 10 år gamal. No er ho nettopp ferdig med vidaregåande og gler seg til å byrje å studere. Ho har søkt på sivilingeniørstudiet og er spent på om ho får plass.

Ein gong i framtida vil ho gjerne gifte seg og få barn. Ho vil sjølvsagt bestemme sjølv både når ho skal gifte seg og kven ho skal gifte seg med. Men no har foreldra byrja å snakke mykje om ekteskap. Dei snakkar om ein slektning i heimlandet som passar perfekt for Mina. Mina søv dårleg om natta. Ho har respekt for foreldra sine ønske, men vil òg bestemme over sitt eige liv.

  • Diskuter situasjonen til Mina.
  • Korleis tenkjer foreldra hennar?
  • Kva vil vere den beste løysinga for denne familien?
GettyImages

Vel rett svar.

Når har ein lov til å gifte seg i Noreg?

Vel rett svar.

Kven kan inngå ekteskap?

Vel rett svar.

Kva slags ekteskap har som kjenneteikn at foreldra eller familien speler ei viktig rolle i å finne ein ektefelle til barna sine?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Alle ekteskap skal inngåast frivillig.
Dersom ein trugar eller tvingar nokon til å gifte seg, kan ein straffast med seks år i fengsel.
Tvangsekteskap er når foreldra eller familien speler ei viktig rolle i å finne ein ektefelle til barna sine.
Tvangsekteskap er lovleg i Noreg.
Kjærleiksekteskap er når dei to som skal gifte seg, sjølve finn kvarandre og bestemmer seg for å gifte seg.

Vel rett svar