Fritid

  • Kva tenkjer du på når vi snakkar om fritid?
  • Kva er det vanleg å gjere i fritida i land du kjenner godt?
  • Kan du gjere dei same tinga i fritida di her i Noreg som du kunne før?
  • Kva likar du best å gjere i fritida di?
  • Har menn og kvinner like mykje fritid?

Fritid er den tida i løpet av døgnet som vi ikkje brukar til å jobbe, ete, sove eller gjere andre oppgåver som er lagde på oss. Vi kan seie at fritida er den tida vi bestemmer over sjølve, meir eller mindre. Det er ikkje alltid så lett å setje ei klar grense mellom fritid og arbeid, eller mellom fritid og ei oppgåve i heimen.

Kona: Du må klippe graset! Det har blitt så langt.
Mannen: Eg tykkjer det er fint som det er, eg.
Kona: Nei! Det er for langt!

Kona: Eg set meg ned med datamaskina ein halvtimes tid. Eg må gå gjennom nokre e-postar frå jobben.
Mannen: Du har jo fri no. Du jobbar vel ikkje gratis?
Kona: Eg tykkjer det er greitt å vere oppdatert. Då stiller eg betre budd i morgon.

  • Snakk saman om situasjonane over. Kva er fritid? Kva er arbeid?

Tips til undervisningen

Begrepet fritid kan være fremmed for en del deltakere. Kvinner og menn kan ha ulikt forhold til bruken av fritid. Skillet mellom arbeid og fritid er ikke nødvendigvis like tydelig i alles liv. Er organiserte fritidsaktiviteter et kjent fenomen for deltakerne? Er f .eks. husarbeid en del av fritiden?

Snakk om kunstverket

Jente og gutt som slapper av og prater sammen. Maleri.
Foto: Nasjonalmuseet «Søndag» malt av Jacob Bratland (1891).

Tips til undervisninga

Fritid kan vere eit framandt omgrep for ein del deltakarar. Kvinner og menn kan ha ulike meiningar om korleis ein brukar fritid. Skiljet mellom arbeid og fritid treng ikkje å vere like tydeleg i alle sine liv. Er organiserte fritidsaktivitetar noko deltakarane er kjende med? Er t.d. husarbeid ein del av fritida?

Snakk om kunstverket

Jente og gutt som slapper av og prater sammen. Maleri.
Foto: Nasjonalmuseet «Søndag» malt av Jacob Bratland (1891).