Sosiale arenaer
Sosiale arenaer
Sosiale arenaer er stader der menneske møtest for å vere saman. Menneske har gjerne ulike sosiale arenaer i liva sine. Familien, både den næraste familien og den større slekta, kan vere sosiale arenaer. For mange er skulen og arbeidsplassen er viktige sosiale arenaer. Mange møter venene sine på fritida. Kanskje dei treffest ute på kafé eller liknande, eller dei kan treffest heime hos kvarandre. Mange vaksne går på ulike kurs eller tek etterutdanning på fritida. Nokre syng i kor eller speler eit instrument, og andre er med i ulike organisasjonar. Dette er òg sosiale arenaer.
Organiserte fritidsaktivitetar
Mange barn er med i ulike organiserte fritidsaktivitetar. Kanskje er dei med i eit idrettslag eller speler i korps. Nokre er med i speidaren, andre i ei fotogruppe. Foreldra er involverte i mange av desse aktivitetane. Kanskje er ei mor trenar for handballaget? Kanskje foreldra byter på å køyre barna til og hente dei frå ulike aktivitetar? For ein som er ny i Noreg eller har flytta til ein ny stad, kan dette vere ein fin måte å bli kjend med folk i nærmiljøet på.
Frivillig arbeid
Frivillig arbeid er arbeid der ein ikkje er tilsett på vanleg måte. Ein får heller ikkje løn for arbeidet. Frivillig arbeid er jobbar som går over korte periodar – ingen jobbar full tid som frivillig! Frivillig arbeid er ofte knytt til organisasjonar med eit samfunnsnyttig føremål. Raudekrossen, idrettslag og kulturarrangement er nokre døme på slike organisasjonar.
I dei skandinaviske landa er mange med i frivillige organisasjonar. Her kan ein lære nye ting og få nye vener. Mange av desse organisasjonane fungerer òg som ei slags opplæring i demokrati. Deltakarane får erfaring med demokratiske spelereglar som å delta på møte, val og avstemmingar. Fleire frivillige organisasjonar påverkar òg dei politiske prosessane, både i lokalsamfunnet og nasjonalt.
Ved å engasjere seg i éin eller fleire frivillige organisasjonar kan ein bli kjend med menneske der ein bur og kjenne at ein høyrer til i lokalsamfunnet sitt. Ein vil dessutan få eit større nettverk, og det kan ha positive utslag både når det gjeld jobb, utdanning og kvardagsliv.
Å vere saman
Alle samfunn har mange skrivne lover og reglar. Det finst òg mange reglar som alle kjenner til, men som ikkje er skrivne ned. Desse uskrivne reglane er ulike frå kultur til kultur. Eit døme er korleis vi helser på kvarandre. I Noreg er det vanleg å handhelse, både for menn og for kvinner. Det er òg vanleg å ta kvarandre i handa når vi går frå kvarandre. Vener helser ofte på kvarandre ved å seie «hei», klemme kvarandre eller slå kvarandre på skuldra. Ei vanleg opningshelsing er: «Hei, korleis går det?» Det vanlege svaret er: «Takk, berre bra. Og med deg?»
Innvandraren: Vil du kome på besøk til meg ein dag?
Nordmannen: Ja, det hadde vore kjekt.
Ein månad seinare:
Innvandraren: Kvifor har du ikkje besøkt meg?
Nordmannen: Du har jo ikkje invitert meg.
Kva hende? I Noreg må ein invitere til ein spesiell dag og ei tid. Nordmenn går sjeldan på besøk til vener utan at det er avtala på førehand.
Snakk saman
- Er det viktig at foreldre legg til rette for at barna skal få vere med på organiserte fritidstilbod? Kvifor eller kvifor ikkje?
- Kjenner du til nokre frivillige organisasjonar der du bur?
- Diskuter utsegna «Utan den frivillige innsatsen stoppar Noreg».
- Kva positive sider har frivillig arbeid?
- Finn døme på uskrivne reglar du kjenner frå før.
- Finn døme på uskrivne reglar i Noreg.
- Det er store ulikskapar i korleis vi i ulike kulturar ser på gjester, overnattingsbesøk, kva som krevst av den som har besøk, kor lenge ein kan vere på besøk osv. Diskuter desse ulikskapane.
Vel rett svar.
Kva er sosiale arenaer?
Vel rett svar.
Kva er frivillig arbeid?
Vel rett svar.
Kva er den vanlege måten å helse på når ein møter nokon for første gong i Noreg?
Vel rett svar.
Kva fordel kan frivillig arbeid ha?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?