Dugnad

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

De fleste deltakere vil kjenne til dugnad i en eller annen form. Dugnad i storfamilien eller i naboskapet er kanskje noe de har vært med på. Vil dugnad i f. eks. barnehagen eller i borettslaget oppleves like forpliktende og selvfølgelig? Hva skal til for at man skal føle seg forpliktet? Kan deltakelse i dugnad føre til at man knytter nye kontakter og får et større nettverk?

Se filmen

Videoen består av ti klipp som illustrerer dugnadsarbeid. De første seks klippene viser vanlige dugnadsoppgaver: barn og voksne som raker en hage, mennesker som plukker søppel og planter blomster, og et klipp fra et loppemarked. Deretter vises klipp av vafler med syltetøy og kaffe i pappkopper, som er typisk norsk dugnadsmat. Videoen avsluttes med to klipp av et par som maler bord sammen, og en gjeng som gir hverandre high fives etter å ha satt opp en vegg i fellesskap.

Forslag til spørsmål

Har dere dugnad, eller noe som ligner, i ditt hjemland?
Hva er positivt med dugnad?
Har du vært på dugnad? Hva gjorde dere?

Snakk sammen

Selv om dugnad i utgangspunktet er frivillig, vil de fleste føle seg forpliktet til å delta. Det blir også forventet at en deltar.
Vil det snakkes om de som ikke deltar? På hvilken måte? Hva om det er de samme som ikke stiller opp hver gang? Snakk om konsekvenser ved ikke å delta i et slikt fellesskap (snakk, utenforskap, manglende tilhørighet i lokalmiljøet, manglende integrering osv.)

Diskuter om disse konsekvensene også gjelder for andre arenaer (f. eks. oppmøte på foreldremøter, følge barn på fritidsaktiviteter, sosiale tilstelninger på jobb osv.)

Tips til undervisninga

Dei fleste deltakarane vil kjenne til dugnad i ei eller anna form. Kanskje har dei vore med på dugnad i storfamilien eller nabolaget. Vil ein dugnad til dømes i barnehagen eller burettslaget kjennest like forpliktande og sjølvsagt? Kva skal til for at ein skal kjenne seg forplikta? Kan ein knyte nye kontaktar og få eit større nettverk ved å delta på dugnad?

Sjå filmen

Videoen er sett saman av ti klipp som illustrerer dugnadsarbeid. Dei første seks klippa viser vanlege dugnadsoppgåver: barn og vaksne som rakar ein hage, menneske som plukkar søppel og plantar blomstrar, og eit klipp frå ein loppemarknad. Deretter blir det vist klipp av vaflar med syltetøy og kaffi i pappkoppar, som er typisk norsk dugnadsmat. Videoen blir avslutta med to klipp av eit par som målar bord saman, og ein gjeng som gir kvarandre «high fives» etter å ha sett opp ein vegg i fellesskap.

Framlegg til spørsmål

Har de dugnad, eller noko som liknar, i heimlandet ditt?
Kva er positivt med dugnad?
Har du vore på dugnad? Kva gjorde de der?

Snakk saman

Sjølv om dugnad i utgangspunktet er frivillig, vil dei fleste kjenne seg forplikta til å delta. Det blir òg venta at ein deltek.
Blir det snakka om dei som ikkje deltek? På kva måte? Kva om det er dei same som ikkje stiller opp kvar gong? Snakk om konsekvensane ved å ikkje delta i ein slik fellesskap (snakk, utanforskap, mangel på tilhøyrsle i lokalmiljøet, manglande integrering o.a.)

Diskuter om desse konsekvensane òg gjeld for andre arenaer (til dømes å gå på foreldremøte, følgje barn på fritidsaktivitetar, vere med på sosiale samkomer på jobb, osv.).

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

bruke kunnskap om omgangsformer i det norske samfunnet og om hvordan man kan delta aktivt på sosiale, frivillige og politiske arenaer

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet
Video

Sjå filmen

Dugnad

Fire personer raker løv. Dette er en typisk oppgave når det er dugnad i borettslaget. Foto
GettyImages

Dugnad er frivillig, ubetalt arbeid. Dugnadsarbeid blir gjort i ein fellesskap. Dugnad er ei vanlig arbeidsform i lag og foreiningar. I eit burettslag, til dømes, er dei som bur i laget gjerne med på ein dugnad om våren for å gjere det fint ute etter vinteren. I mange barnehagar er det vanleg at foreldra samlar seg til dugnad éin eller fleire gonger om året. Kanskje leikene skal vaskast eller uteområda treng å bli fiksa opp.

Mange barn i Noreg er med på organiserte fritidsaktivitetar, og mange av desse aktivitetane blir drivne av foreldra på dugnad. Til dømes kan foreldra stelle i stand loppemarknad eller halde eit kulturarrangement for å få inn pengar til foreininga.

Dugnad er ein gamal skikk i Noreg. Dei fleste landbrukssamfunn i verda har ein liknande tradisjon.

I 2004 blei ordet dugnad kåra til Noreg sitt nasjonalord.

Et bilde tatt ovenfra. Vi ser en sofa og sofastoler. På bord er det plassert tallerkener, kopper og kar. Bildet er fra et loppemarked.
GettyImages

Snakk saman

  • Kva tykkjer du om dugnad? Kjenner du til dugnad frå før?
  • Har du blitt invitert til dugnad nokon gong i Noreg?
  • Nokre lag og foreiningar har som praksis at ein kan betale ein viss sum i staden for å vere med på dugnaden. Kva tykkjer du om det?

Det er måndag. To fedrar er i barnehagen for å hente barna sine. Dei snakkar om dugnaden som var i barnehagen i helga.

Henrik: Takk for sist! Det var utrolig så mykje vi fekk gjort! Den nye leikestova blei jo svært så fin!

Arne: Ja. Og det er så kjekt å jobbe saman på den måten òg. Men foreldra til Truls kjem aldri når det er dugnad.

Henrik: Eg har lagt merke til det, eg òg. Sjølv om dugnaden er frivillig, så tek det seg jo dårleg ut.

Arne: Ja. Eg skjønar at det kan hende at det ikkje passar somme gonger, men kvar gong…?

Henrik: Mm. Og eg er sikker på at Truls kjem til å bruke leikestova like mykje som dei andre ungane.

  • Snakk om situasjonen over. Kvifor reagerer Henrik og Arne som dei gjer?
  • Kva trur du kan bli konsekvensen av å ikkje stille opp på ein dugnad?
GettyImages

Vel rett svar.

Kva er dugnad?

Vel rett svar.

Kva er typiske arbeidsoppgåver for ein dugnad i barnehagen?

Vel rett svar.

Kven brukar å arrangere dugnad?

Vel rett svar.

Er dugnad særnorsk?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

I 2004 blei ordet dugnad kåra til Noreg sitt nasjonalord.
Mange fritidsaktivitetar for barn blir drivne av foreldra på dugnad.
Dugnad er vanleg i bedrifter og løna arbeidsplassar.
Ein får timeløn for å vere med på dugnad.
Mange burettslag har dugnadar for å gjere det fint etter vinteren.

Vel rett bilete.

Kva for bilete viser typiske dugnadsoppgåver? Det kan vere fleire rette svar.