Dei første nordmennene

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Læreren bør sjekke ut tidlig historie i deltakernes hjemland.

Snakk om overgangen til kristendommen. De eldste stavkirkene bærer preg av at menneskene ikke var villige til helt å forkaste den gamle gudetroen. De inkluderte symboler fra førkristen gudetro, for eksempel dragehoder (Midgardsormen) i bygningene.

Tips til undervisninga

Læraren bør orientere seg om den tidlege historia i heimlanda til deltakarane.

Snakk om overgangen til kristendomen. Dei eldste stavkyrkjene ber preg av at menneska ikkje var villige til å forkaste den gamle gudetrua heilt. Dei brukte symbol frå den førkristne religionen, til dømes drakehovud (Midgardsormen), i bygningane.

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

gi eksempler på noen av de viktigste historiske hendelsene og prosessene som har dannet grunnlaget for framveksten av demokratiet i Norge  

Kjerneelement

Demokratiforståelse og deltakelse

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Dei første nordmennene

Et kart over Europa. Kartet er fra 1778, og er gammelt og brunt.
GettyImages

Istida

For lenge, lenge sidan var den nordlege delen av Europa dekt av eit islag som var opptil tre tusen meter tjukt. Etter kvart byrja temperaturen å stige, og litt etter litt smelta isen.

Steinalderen (10 000 f.Kr.–2000 f.Kr.)

Syv trepinner med forskjellige former for stein knyttet til dem ligger på et pelsunderlag. Foto
GettyImages

Dei første menneska kom til Noreg for om lag tolv tusen år sidan. Om vinteren låg det is mellom fastlandet sør i Europa og norskekysten, og vi trur at både menneske og dyr kom til Noreg over isen. Arkeologiske funn fortel oss at menneska levde av bær, sopp, fisk og dyr dei fanga. Dei brukte reiskapar og våpen av stein, bein og tre. Difor kallar vi gjerne denne perioden for steinalderen.

For om lag fire tusen år sidan byrja ein med jordbruk i Noreg.

Bronsealderen (1800 f.Kr.–500 f.Kr.)

Rike bønder kunne etter kvart få tak i reiskapar, våpen og smykke laga av bronse. Bøndene byrja å bruke hesten som trekkdyr, og kvinnene lærte å spinne garn og veve tøy av ulla til sauen.

Denne perioden kallar vi for bronsealderen. Klimaet i Noreg var mildare i bronsealderen enn det er i dag.

Jernalderen (500 f.Kr.–1050 e.Kr.)

I denne perioden blei klimaet likt det vi kjenner i dag. Menneska i Noreg lærte seg å lage jern av smelta jernmalm som dei fann i myrene og brukte jernet til å lage reiskapar og våpen. Med desse reiskapane blei det lettare å dyrke jorda, og det blei meir mat. Folketalet auka. Denne perioden kallar vi jernalderen.

Vikingtida (800 e.Kr.–1050 e.Kr.)

Dei rikaste og mektigaste bøndene budde på dei største gardane. Desse storbøndene blei kalla hovdingar. Dei hadde soldatar som forsvara landområda deira. På slutten av 700-talet reiste nokre av hovdingane frå Noreg til andre land i Europa. Nokre var dyktige handelsfolk, men dei kriga og plyndra òg. Dei blei kalla vikingar.

I år 872 blei vikingen Harald Hårfagre konge over heile Noreg.

Religionen til vikingane var knytt til forteljingar om dei norrøne gudane og korleis dei kunne hjelpe til med god avling, fruktbarheit og krigføring. Nokre av vikingane blei kjende med kristendomen på reisene sine i Europa og tok den nye trua med seg heim. Kristendomen blei innført i Noreg på 1000-talet. Året 1030 er eit viktig år i norsk historie. Det året stod det eit slag på Stiklestad i Trøndelag. Der slost den kristne Olav Haraldsson mot mektige hovdingar frå Trøndelag som trudde på den gamle vikingreligionen. Sjølv om Olav tapte slaget, fekk kristendomen meir og meir fotfeste hos folk. Etter kvart tok kristendomen over for den gamle norrøne gudetrua.

Tegning av vikinger på vikingferd. Illustrasjon.
Nasjonalmuseet «Olav og Rane i Viking» teikna av Halfdan Egedius (1899)
Detaljer fra en stavkirke
GettyImages

Snakk saman

  • Kjenner du til den tidlegaste historia i heimlandet ditt?
  • Kan du samanlikne kva som hende i dei ulike tidsperiodane i Noreg, med det som hende i heimlandet ditt på same tid?
  • Hadde du høyrt om vikingane før du kom til Noreg?
  • Hadde vikingane noko å seie for historia til heimlandet ditt?
  • Snakk saman om korleis og kvifor menneska kunne skifte frå éin religion til ein annan. Korleis kunne det prege livet til menneska? Har det skjedd noko liknande i heimlandet ditt?

Vel rett svar.

Når kom dei første menneska til Noreg?

Vel rett svar.

Kva hende i Noreg under bronsealderen?

Vel rett svar.

I kva for periode blei klimaet likt det vi kjenner i dag?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Vikingtida varte frå 800 etter Kristus til 1050 etter Kristus.
Under istida var Nord-Europa dekt av eit tjukt lag med is.
Vikingane var i utgangspunktet kristne.
Vi trur at menneske og dyr kom til Noreg over havet med båt.
For om lag fire tusen år sidan byrja ein med jordbruk i Noreg.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Vikingane trudde på dei norrøne gudane.
Kristendomen blei innført i Noreg i jernalderen.
Nokre vikingar var dyktige handelsfolk.
Slaget på Stiklestad stod i år 1030.
I bronsealderen brukte ein våpen av stein, bein og tre.

Vel rett bilete.

Kva for eit bilete illustrerer vikingtida?

Klikk i biletet.

Klikk på rett periode på tidslinja. Når var jernalderen?

choice-image

Klikk i biletet.

Klikk på rett periode på tidslinja. Når var vikingtida?

choice-image

Klikk i biletet.

Klikk på rett periode på tidslinja. Når var bronsealderen?

choice-image