Kjønnslemlesting

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Muntlige ferdigheter
Digitale ferdigheter

Tverrfaglige tema

Folkehelse og livsmestring

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

samtale om hva negativ sosial kontroll, vold i nære relasjoner, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse er, om juridiske og personlige konsekvenser av dette, og om aktuelle hjelpetilbud

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Kjønnslemlesting

Kjønnslemlesting, eller kvinneleg omskjering, er inngrep som skadar eller fjernar dei ytre kjønnsdelane utan at det er medisinsk naudsynt. Slike inngrep blir rekna som omskjering uansett kor mykje eller lite som er skadd eller fjerna. Kjønnslemlesting er forbode i Noreg. Kjønnslemlesting er skadeleg og kan påføre ei jente store plager resten av livet.

Likeverd og likestilling mellom kjønna er viktige verdiar i det norske samfunnet. Det er sjølvsagt at alle skal få bestemme over sin eigen kropp. Kjønnslemlesting av jenter bryt med desse verdiane. Det bryt òg med internasjonale konvensjonar. Kjønnslemlesting er òg forbode i fleire land der det blir praktisert.

  • Det er forbode å skade kjønnsorgana til ei jente eller kvinne med vilje.
  • Det er forbode å gje nokon hjelp og moglegheit til å skade kjønnsorgana til ei jente eller kvinne.
  • Det er forbode å ta ei jente ut av Noreg og få kjønnsorgana hennar skadde i utlandet.
  • Kjønnslemlesting er framleis forbode sjølv dersom jenta eller kvinna seier ja til det.
  • Det er òg forbode å fornye eller attskape ei tidlegare kjønnslemlesting.
  • Straffa for å bryte lova er fengsel i opptil 6 år.
  • Ved grov kjønnslemlesting kan den som har utført inngrepet, bli straffa med fengsel i opptil 15 år.
  • Tilsette i mange yrke og i trussamfunn har plikt til å prøve å avverje kjønnslemlesting. Dersom dei ikkje gjer det, bryt dei avverjingsplikta si og kan straffast med bøter eller opptil eitt år i fengsel.

Kjelde: Lovdata

Personar som er utsette for kjønnslemlesting eller står i fare for å bli kjønnslemlesta, kan få hjelp frå:

  • fastlegen
  • helsestasjonen
  • politiet
  • Kompetanseteamet mot tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og negativ sosial kontroll, tlf.: 478 090 50
  • Raudekross-telefonen 815 55 201
  • I utlandet kan ein ta kontakt med ein norsk ambassade.

Snakk saman

  • Kvifor er det ein tradisjon i nokre kulturar å omskjere jenter?
  • Kva kan ulike grupper gjere for å få ein slutt på denne tradisjonen?
  • Korleis kan dei strenge reglane i Noreg hindre at jenter blir omskorne?

Vel rett svar.

Kva er kjønnslemlesting?

Vel rett svar.

Kor mange år i fengsel kan ein få for grov kjønnslemlesting?

Vel rett svar.

Kor lang straff kan ein få dersom ein bryt avverjingsplikta?

Fullfør setninga.

Dersom jenta eller kvinna seier ja til kjønnslemlesting, er det ...

Vel rett svar