Arbeidsliv

  • Korleis har arbeidslivet i Noreg endra seg i løpet av dei siste åra, trur du?
  • Kva arbeidserfaring har du, og kva ønskjer du å jobbe med i framtida?
  • Kva må du gjere for at det skal vere mogleg for deg å få den jobben du ønskjer deg?
  • Korleis er det vanleg å finne jobb i heimlandet ditt?
  • Korleis er skattesystemet i heimlandet ditt? Kva blir skattepengane brukte til?
  • Kva veit du om det norske skattesystemet? Kva blir skattepengane brukte til i Noreg?

Det er eit mål at så mange som mogleg av dei vaksne innbyggjarane i Noreg er i arbeid. Arbeidsløysa i Noreg er relativt låg. Den norske staten brukar store ressursar kvart år på tiltak for å skape eller halde oppe arbeidsplassar.

Her er nokre døme på slike tiltak:

  • Staten kan gje økonomisk støtte til bedrifter som har det vanskeleg i ein periode, slik at dei ikkje må leggje ned eller minke talet på tilsette.
  • Styresmaktene kan påverke inntektene til folk gjennom lønsforhandlingar og rentepolitikk.
  • Staten kan senke avgiftene og skattane bedriftene må betale.
  • Det offentlege kan påverke kor mange som er sysselsett i offentleg sektor.

Tips til undervisningen

Snakk sammen

De fleste spørsmålene er åpne og handler om deltakernes ønsker og erfaringer.

Det norske arbeidslivet er i stadig endring, For et par hundre år siden levde de fleste av jordbruk, skogbruk og fiske. Så ble samfunnet mer industrialisert, mange flyttet til byene og jobbet i industrien, byene vokste og flere flyttet dit. Nye næringsveier som handel og service, åpnet seg og økte i omfang. Etter hvert som samfunnet blir mer og mer digitalisert, oppstår nye yrker, mens andre kanskje forsvinner. Hva vil for eksempel skje med detaljhandelen fremover, når det blir mer og mer vanlig å handle på Internett?

Det norske skattesystemet er progressivt. Det betyr at man betaler mer i skatt jo mer man tjener. Ikke bare summen av skatteinnbetaling, men også prosentsatsen øker.

Skatteinntekter, både fra privatpersoner og fra bedrifter, finansierer velferdssystemet vårt (gratis skoler, gratis sykehus, subsidierte legebesøk, osv.)

Snakk om kunstverket

Maleri. Kvinnelige arbeidere på et veveri.
Foto: Nasjonalmuseet/Børre Høstland «Hjula veveri» malt av Wilhelm Peters (1888).

Tips til undervisninga

Snakk saman

Dei fleste spørsmåla er opne og handlar om deltakarane sine ønske og erfaringar.

Det norske arbeidslivet endrar seg heile tida. For eit par hundre år sidan levde dei fleste av jordbruk, skogbruk og fiske. Så blei samfunnet meir industrialisert, mange flytta til byane for å jobbe i industrien, byane vaks og fleire flytta dit. Nye næringsvegar, mellom anna handel og service, opna seg og auka i omfang. Etter kvart som samfunnet blir meir og meir digitalisert, oppstår det nye yrke medan andre kanskje forsvinn. Kva kjem til dømes til å hende med detaljhandelen framover, no som det blir meir og meir vanleg å handle på internett?

Det norske skattesystemet er progressivt. Det tyder at ein betaler meir i skatt jo meir ein tener. Det er ikkje berre summen ein betaler i skatt som aukar, men òg prosentsatsen.

Skatteinntekter, både frå privatpersonar og frå bedrifter, finansierer velferdssystemet vårt (gratis skular, gratis sjukehus, subsidierte legetimar osv.)

Snakk om kunstverket

Maleri. Kvinnelige arbeidere på et veveri.
Foto: Nasjonalmuseet/Børre Høstland «Hjula veveri» malt av Wilhelm Peters (1888).