Fagforeiningar
Fagforeiningar
Både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i Noreg har eigne organisasjonar som skal fremje rettane deira og moglegheitene til å samarbeide om viktige avtalar. Om lag halvparten av arbeidstakarane i Noreg er organiserte i ei fagforeining eller annan arbeidstakarorganisasjon.
Den viktigaste oppgåva til fagforeiningane er å forhandle med arbeidsgjevarane om løn og andre rettar. Desse rettane kan vere arbeidstid, ferie og rett til opplæring i jobben. Når forhandlingane er over, blir det skrive avtalar som både arbeidsgjevarane og arbeidstakarane pliktar å følgje. Dersom partane ikkje blir samde, kan arbeidstakarane ha rett til å gå ut i streik.
Arbeidsgjevaren og arbeidstakarane må samarbeide om dei ulike avtalane for å skape eit godt miljø på arbeidsplassen. Det er difor lagt til rette for ulike former for medbestemming og bedriftsdemokrati i det norske arbeidslivet. Kvar einskild arbeidstakar skal bli høyrd og få vere med på å tilretteleggje sin eigen arbeidssituasjon. Gjennom fagforeininga deltek dei tilsette i drøftingar og får informasjon om verksemda.
Alle arbeidsgjevarar er pålagde å sørgje for at helse, miljø og tryggleik (HMT) blir sikra på arbeidsplassen. Dette arbeidet skal organiserast og følgjast opp av ein representant for dei tilsette, eit verneombod og ein representant for leiinga.
Snakk saman
- Kva har fagforeiningane å seie i heimlandet ditt?
- Diskuter streikeretten og i kva for situasjonar denne retten kan bli brukt.
- Kvifor vel mange å vere medlem av ei fagforeining, trur du?
- Kvifor vel nesten halvparten av arbeidstakarane å ikkje vere medlem av ei fagforeining, trur du?
Vel rett svar.
Kor mange prosent av arbeidstakarane i Noreg er med i ei fagforeining eller ein fagorganisasjon?
Vel rett svar.
Kva er den viktigaste oppgåva til fagforeiningane?
Vel rett svar.
Kva kan arbeidstakarane gjere dersom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar ikkje blir samde?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?