Lover og reglar i arbeidslivet

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Det er regjeringen som foreslår lover og lovendringer, men Stortinget som vedtar dem. Siden det er folket som gjennom demokratiske valg velger hvilke partier som har flertall på Stortinget, kan man si at det egentlig er folket som bestemmer lover og regler.

Lover og regler for arbeidslivet har endret seg og utviklet seg over lang tid. Fagforeningene har jobbet for saker som regulering av arbeidstid, ferie, forbud mot barnearbeid, sikkerhet på arbeidsplasser, osv. Noen av disse sakene har kostet lange kamper, streiker m. m., mens andre lover kommer som en naturlig utvikling av samfunnet.

I Norge har vi lover og regler som gir arbeidstakere godt vern. Det er viktig å snakke om at selv om lovene beskytter, legger de også et ansvar på hver enkelt arbeidstaker. Alle må følge de vedtatte reglene. Dette er som regel ikke noe problem, siden det norske samfunnet både er regelstyrt og preget av stor tillit mellom befolkning og styresmakter.

Tips til undervisninga

Det er regjeringa som gjer framlegg om lover og lovendringar, men Stortinget som vedtek dei. Sidan det er folket som gjennom demokratiske val vel kva for parti som har fleirtal på Stortinget, kan ein seie at det eigentleg er folket som fastset lover og reglar.

Lovene og reglane for arbeidslivet har endra og utvikla seg over lang tid. Fagforeiningane har jobba for saker som regulering av arbeidstid, ferie, forbod mot barnearbeid, tryggleik på arbeidsplassen osv. Nokre av desse sakene har kosta lange kampar, streikar m.m., medan andre lover kjem som ei naturleg utvikling av samfunnet.

I Noreg har vi lover og reglar som gjev arbeidstakarar godt vern. Det er viktig å snakke om at sjølv om lovene gjev vern, legg dei òg eit ansvar på kvar einskild arbeidstakar. Alle må følgje dei reglane som er vedtekne. Dette er som regel ikkje noko problem, sidan det norske samfunnet både er regelstyrt og prega av stor tillit mellom folket og styresmaktene.

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

gi eksempler på rettigheter og plikter man har som arbeidstaker, knyttet til for eksempel fagorganisering, medbestemmelse og arbeidsmiljø

Kjerneelement

Demokratiforståelse og deltakelse
Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Lover og reglar i arbeidslivet

Seks personer i en sirkel på en arbeidsplass. Noen sitter og noen står. De er glade og diskuterer noe. En person rekker opp hånda. Bildet illustrerer medbestemmelse på arbeidsplassen og et godt arbeidsmiljø. Foto
GettyImages

I arbeidslivet har vi lover, reglar og avtalar som arbeidsgjevarane og arbeidstakarane må følgje.
Politikarane på Stortinget vedtek lover, medan arbeidsgjevarane og arbeidstakarane blir samde om avtalar gjennom organisasjonane sine. Lovene gjeld for alle arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, medan avtalane gjeld for dei bransjane som har laga dei.

Arbeidsmiljølova

Alle arbeidsgjevarar og arbeidstakarar må følgje arbeidsmiljølova. Denne lova handlar mellom anna om

  • tilsetjing og kontraktar
  • arbeidstid
  • fråvær frå jobben
  • arbeid med helse, miljø og tryggleik (HMT)

Arbeidsgjevaren har hovudansvaret for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen, medan arbeidstakaren har plikt til

  • å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø
  • å vere med på å gjennomføre tiltaka som blir sette i verk for å betre arbeidsmiljøet
  • å delta i bedrifta sitt organiserte verne- og miljøarbeid

Ferielova

Ferielova seier mellom anna noko om

  • kor mykje ferie ein har krav på
  • når ferien skal takast
  • ferie i oppseiingstida
  • sjukdom i ferien
  • feriepengar
  • Arbeidstakarar i Noreg har rett til fire veker + éin dag ferie kvart år, men mange har fem veker ferie.
  • Vi får ikkje løn i ferien, men feriepengar.
  • Kor mykje vi får i feriepengar, kjem an på kor mykje vi tente året før.

Snakk saman

  • Kven har laga lovene som styrer arbeidslivet i Noreg?
  • Korleis har lovene blitt til?
  • Kvifor er det viktig at både arbeidsgjevarane og arbeidstakarane kjenner lovene og reglane?
  • Gjev lovene og reglane fridom, eller set dei avgrensingar?

Vel rett svar.

Kven må følgje arbeidsmiljølova?

Vel rett svar.

Kor lang ferie har ein rett på i Noreg i løpet av arbeidsåret?

Fullfør setninga.

Kor mykje vi får i feriepengar, kjem an på ...

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Ferielova seier mellom anna noko om feriepengar og kor mykje ferie ein har krav på.
Ei lov og ein avtale er det same.
Arbeidsmiljølova handlar mellom anna om sjukdom i ferien og om når ein kan ta ferie.
Fagforeiningane vedtek lover.
Arbeidsgjevaren har hovudansvaret for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Arbeidstakaren har plikt til å skape eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsgjevarar og arbeidstakarar blir samde om avtalar gjennom organisasjonane sine.
Arbeidstakarar har ikkje plikter.
Arbeidsmiljølova handlar mellom anna om arbeidstid, tilsetjing og kontraktar.
Lova gjeld for alle arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.