Velferdsstaten
Velferdsstaten
Noreg er eit velferdssamfunn som er bygd på tanken om likeverd. Det tyder at alle menneske er like viktige, og at det skal vere mogleg for alle å leve eit godt liv. Staten og kommunane har hovudansvaret for å tilby folket velferdsgode. Vi kallar Noreg ein velferdsstat.
Velferdsstaten er ikkje sjølvsagd. Den norske velferdsstaten er bygd opp ordning for ordning i løpet av dei siste hundre åra. Alle ordningane kostar staten mange pengar. Politikarane bestemmer kva for ordningar vi skal ha. Difor kan ordningane endre seg, både etter kva for parti som sit ved makta og etter samfunnet sin økonomi.
Ein velferdsstat er avhengig av at flest mogleg jobbar og betaler skatt. Dei fleste menneske likar då òg best å forsørgje seg sjølve og vere sjølvstendige. Velferdsstaten kan likevel gje økonomisk hjelp til dei som treng det.
Døme på velferdsordningar er:
- løn under sjukdom
- arbeidsløysetrygd
- introduksjonsstønad
- gratis skule
- gratis sjukehusopphald
- barnetrygd
Bruken av velferdsgoda er i stor grad bygd på tillit. Staten og innbyggjarane har tillit til kvarandre. Innbyggjarane stolar på at dei får hjelp frå staten når det trengst, og staten stolar på at innbyggjarane ikkje misbrukar velferdsgoda.
Nav
Alle kommunar i Noreg har eit Nav-kontor. På Nav-kontoret kan vi få hjelp dersom vi treng støtte til å kvalifisere oss for å kome i arbeid, eller dersom vi treng økonomisk hjelp under sjukdom eller andre vanskelege periodar i livet. Dessutan har Nav ansvaret for alle trygdeordningar i Noreg. Nav har òg ansvaret for sosialhjelp, dagpengar, sjukepengar, pensjon, barnetrygd og kontantstøtte m.m.
Nav forvaltar om lag ein tredel av statsbudsjettet og har om lag tjueto tusen tilsette.
Velferdssamfunnet skaper arbeidsplassar
Eit velferdssamfunn treng mange arbeidstakarar. I dag jobbar rundt tretti prosent av dei yrkesaktive i Noreg i det offentlege. Det trengst mange ulike yrkesgrupper for at det norske velferdssamfunnet skal fungere.
Her er nokre døme:
- lærarar, kontorpersonale, reingjeringspersonale og andre tilsette i skulen
- legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, kontorpersonale, reingjeringspersonale og andre tilsette på sjukehus og sjukeheimar
- rettleiarar, kontorpersonale og andre tilsette i Nav
Snakk saman
- Kva er likeverd? Kva er velferd? Kva er eit godt liv?
- Diskuter velferdsgoda i det norske samfunnet.
- Snakk saman om kva Nav har å seie for den norske velferdsstaten.
- Nav forvaltar ein tredel av det norske statsbudsjettet. Kva fortel dette om den norske velferdsstaten? Kvar kjem pengane frå?
Vel rett svar.
Kven har hovudansvaret for å tilby velferdsgode til innbyggjarane i Noreg?
Vel rett svar.
Kva er døme på velferdsordningar? Det kan vere fleire rette svar.
Vel rett svar.
Kva oppgåver har Nav? Her er fleire rette svar.
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett bilete.
Kva for yrke finn vi ofte i offentleg sektor? Det kan vere fleire rette svar.