Løn og skatt
Løn og skatt
Løn
Når vi snakkar om løn i Noreg, snakkar vi ofte om årsløna eller timeløna. Den gjennomsnittlege brutto årsløna i Noreg er på rett under seks hundre og sytti tusen kroner før skatt (2023). Kvinner tener i gjennomsnitt mindre enn menn. Dette kan mellom anna forklarast med at kvinner oftare jobbar deltid og at dei oftare vel yrke med lågare lønsnivå.
Løn er ei forhandlingssak. Forhandlingane går anten føre seg direkte mellom ein arbeidsgjevar og ein arbeidstakar eller mellom representantar for arbeidsgjevaren og arbeidstakarane. Når arbeidstakarar er organiserte i ei fagforeining, forhandlar ofte fagforeininga på vegner av medlemane.
Det er vanleg å få løna betalt inn på ein bankkonto på ein fast dato éin gong i månaden. Arbeidstakarar får òg ein lønsslipp med informasjon om løn og skattetrekk.
Kjelde: SSB
Skatt
Den norske samfunnsmodellen er heilt avhengig av at innbyggjarane betaler ulike skattar og avgifter. Skattar og avgifter finansierer mellom anna velferdsgoda våre. Alle arbeidstakarar i Noreg betaler skatt til kommunen dei bur i og til staten. Arbeidsgjevarar betaler òg skatt til kommunen og staten.
Alle som tener meir enn eit visst minimumsbeløp i året, må betale skatt. Ikkje alle betaler like mykje skatt. Dei som tener mykje, betaler mest skatt. Dei som tener lite, betaler mindre skatt. Tanken er at dei som har mykje, skal gje mykje til fellesskapet.
Når du skal byrje i ein jobb, må arbeidsgjevaren vite kor mykje skatt dei skal trekkje av løna. Skatteetaten reknar ut kor mykje skatt du skal betale. Det er ditt ansvar at skatteetaten har rett informasjon om deg. Du kan sjå opplysningane om deg og gjere endringar på nettsidene til skatteetaten. Arbeidsgjevaren hentar ut skattekortet ditt digitalt.
Arbeidsgjevarar har plikt til å trekkje skatt frå arbeidstakarar si bruttoløn før løna blir utbetalt. Arbeidsgjevaren overfører skattepengane til det offentlege.
Skattemelding
Skatten du skal betale, blir rekna ut på grunnlag av opplysningane skatteetaten har om deg. I mars/april får alle ei oversikt over inntekter og liknande for året før. Denne oversikta kjem digitalt, og ein må logge seg inn på www.skattetaten.no for å kontrollere tala. Dersom ein har betalt for mykje skatt, får ein pengar att. Dersom ein har betalt for lite skatt, må ein betale ein faktura.
Internett
Arbeidsavtale
Alle som blir tilsette ein stad, har rett på ein skriftleg arbeidsavtale. Både arbeidstakaren og arbeidsgjevaren skal skrive under på avtalen. Det står i arbeidsmiljølova kva ein arbeidsavtale skal innehalde. Mellom anna skal ein arbeidsavtale gje ei skildring av stillinga, løna og avtalt arbeidstid.
Svart arbeid
Å arbeide svart tyder å jobbe utan kontrakt og utan å betale skatt. Arbeidsgjevaren betaler heller ikkje arbeidsgjevaravgift eller trygdeavgift for arbeidstakaren. Svart arbeid er ulovleg og blir rekna for økonomisk kriminalitet. Både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar kan bli straffa for svart arbeid.
Svart arbeid er dessutan umoralsk. Ein arbeidstakar som ikkje betaler skatt, bidreg ikkje til fellesskapet. Kvart år taper staten mange millionar kroner i skatteinntekter, arbeidsgjevaravgift og trygdeavgifter på grunn av svart arbeid. Desse pengane skulle ha vore med på å betale for velferdsgoda.
I tillegg til å vere ulovleg og umoralsk, kan svart arbeid få store konsekvensar for arbeidstakaren:
- inga løn under sjukdom
- ingen feriepengar
- ingen pensjonspoeng
- ingen rett til dagpengar ved arbeidsløyse
- inga arbeidsulukkesforsikring
- inga moglegheit til å låne pengar i banken
- ingen arbeidsavtale, ingen sluttattest, ingen dokumentert arbeidserfaring – dette vil gjere det vanskeleg å få nytt arbeid
Snakk saman
- Korleis er skattesystemet i heimlandet ditt?
- Kva konsekvensar ville det hatt for det norske samfunnet om innbyggjarane ikkje betalte skatt?
- Kvifor er det viktig å ha ein skriftleg arbeidsavtale?
- Diskuter konsekvensane av svart arbeid for den einskilde og for samfunnet.
Vel rett svar.
Kva er bruttoløn?
Vel rett svar.
Kva er ein lønsslipp?
Vel rett svar.
Kva er svart arbeid?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?