Jobbsøking

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Se filmen

Videoen viser en kvinne sin reise fra hun finner en jobb å søke på til hun er ferdig med jobbintervju. Klippene viser kvinnen ved en datamaskin på leting etter jobber før hun sender en søknad. Så har hun et digitalt intervju. I neste klipp kan vi se at kvinnen har tatt på seg et profesjonelt antrekk. Hun går inn i en bygning og møter arbeidsgiveren, og de har et fysisk intervju. På slutten av intervjuet smiler hun og gir intervjueren et fast håndttrykk.

Forslag til spørsmål

Hvordan bør man oppføre seg på jobbintervju? Hvordan bør man ikke oppføre seg?
Hvis ville du sett etter i en arbeidstaker hvis du var sjef? Hva ville fått deg til å tenke at en jobbsøker ikke passet til jobben?
Hva tror du er lurt å skrive i en jobbsøknad? Hva bør man ikke skrive?
Kan man lære noe av å dra på jobbintervju, også hvis man ikke får jobben?
Hvilke råd ville du gitt til en venn som var nervøs før et jobbintervju?

En søknad bør inneholde disse punktene:

  • hvor du hørte om jobben
  • kort om deg selv og hva du gjør nå
  • kort om bakgrunnen din
  • beskrivelse av hvorfor du passer til jobben

Tips til undervisninga

Sjå filmen

Videoen viser ei kvinne si reise frå ho finn ein jobb å søkje på fram til ho er ferdig med jobbintervjuet. Klippa viser kvinna ved ei datamaskin på leiting etter jobbar før ho sender ein søknad. Så har ho eit digitalt intervju. I neste klipp kan vi sjå at kvinna har teke på seg eit profesjonelt antrekk. Ho går inn i ein bygning og møter arbeidsgjevaren, og dei har eit fysisk intervju. På slutten av intervjuet smilar ho og gjev intervjuaren eit fast handtrykk.

Framlegg til spørsmål

Korleis bør ein oppføre seg på jobbintervju? Korleis bør ein ikkje oppføre seg?
Kva ville du ha sett etter i ein arbeidstakar dersom du hadde vore sjef? Kva ville fått deg til å tenkje at ein jobbsøkjar ikkje passa til jobben?
Kva trur du det er lurt å skrive i ein jobbsøknad? Kva bør ein ikkje skrive?
Kan ein lære noko av å dra på jobbintervju, sjølv dersom ein ikkje får jobben?
Kva råd ville du gjeve ein ven som var nervøs før eit jobbintervju?

Ein søknad bør innehalde desse punkta:

  • kvar du høyrde om jobben
  • kort om deg sjølv og kva du gjer no
  • kort om bakgrunnen din
  • ei skildring av kvifor du passar til jobben

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Muntlige ferdigheter
Digitale ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

bruke kunnskap om arbeidslivet til å ta hensiktsmessige valg knyttet til opplæring, utdanning og arbeid

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet
Video

Sjå filmen

Jobbsøking

Fem personer sitter på rekke på hver sin stol. Alle har papirer i hendene. De venter på å komme inn på jobbintervju. Foto
GettyImages

Søknad og CV

Sjølv om arbeidsløysa i Noreg er låg, kan det vere stor konkurranse om ledige jobbar. Den som vil arbeide, må sjølv leite aktivt etter ein jobb. Det er viktig å bruke kontaktar og nettverk, og å vise at du er interessert i å jobbe. Når du har funne ein jobb du vil søkje på, må du truleg levere ein skriftleg søknad og ein CV.

Søknaden er eit brev der du fortel litt om deg sjølv og bakgrunnen din. CV-en er eit dokument der du kort fortel om arbeidserfaringa og utdanninga di. Søknaden og CV-en bør vere skrivne på korrekt norsk. All informasjonen du gjev, må vere rett. Det er viktig at dokumenta er oversiktlege.

Ein arbeidsgjevar som skal tilsetje ein ny medarbeidar, vil leggje vekt på kven som passar best i jobben. Han eller ho vil sjølvsagt sjå på om ein søkjar har den rette utdanninga eller kompetansen, men andre ting er òg viktige.

Har den som skal tilsetjast

  • erfaring?
  • gode referansar?
  • ein veremåte som passar i arbeidsmiljøet?
  • eigenskapar som passar til stillinga?

Intervju

En kvinne sitter med en PC ved et bord. Hun smiler, har øyekontakt og gir et fast håndtrykk til en mann. Hun er på jobbintervju. Foto
GettyImages

Før ein arbeidsgjevar bestemmer seg for kven som skal få jobb, er det vanleg å kalle inn til eitt eller fleire intervju. På intervjuet får søkjaren moglegheita til å presentere seg sjølv og kompetansen sin, og den som tilset får danna seg eit inntrykk av søkjaren. Begge kan stille spørsmål.

Tips til intervjuet:

  • Finn ut kvar intervjuet skal vere og korleis du kjem deg dit.
  • Tenk på kva slags klede du skal ha på deg og kva for inntrykk du vil gje.
  • Ver ute i god tid.
  • Eit fast handtrykk og blikkontakt er viktig og rett.
  • Ver positiv, smil og prøv å få god kontakt med dei du snakkar med på intervjuet.

Snakk saman

  • Blir det lagt vekt på skriftlege søknader i heimlandet ditt?
  • Diskuter kva ein skriftleg søknad bør innehalde.
  • Kva er det bra å spørje om på eit intervju, og kva er det ikkje bra å spørje om?
  • Diskuter kva ein bør ha på seg på eit intervju.
GettyImages
GettyImages

Vel rett svar.

Kva er ein jobbsøknad?

Vel rett svar.

Kva er ein CV?

Vel rett svar.

Kven kan stille spørsmål på jobbintervju?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Det er ikkje stor konkurranse om jobbane i Noreg.
Eit fast handtrykk og blikkontakt er viktig på jobbintervju.
I Noreg ser arbeidsgjevarar berre på kva for utdanning du har.
Det er vanleg å gå på eitt eller fleire jobbintervju før ein blir tilsett.
CV-en er eit brev der ein fortel litt om seg sjølv og bakgrunnen sin.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Det er viktig å bruke kontaktar og nettverk når ein søkjer jobb.
Arbeidsløysa er høg i Noreg.
Ein arbeidsgjevar som skal tilsetje ein ny medarbeidar, ser mellom anna etter utdanning, erfaring og framferd.
Det er lurt å tenkje på kva slags klede ein har på seg på eit jobbintervju.
Det er viktig at CV-en og søknaden er skrivne på korrekt norsk.