Religion og livssyn
Religion og livssyn
Noreg er eit fleirkulturelt og sekulært samfunn. At eit samfunn er sekulært, tyder at det ikkje er prega av religion. Dette gjeld både for privatpersonar og når lovene for landet skal skrivast. Nordmenn sitt syn på religion har endra seg mykje i løpet av dei siste par generasjonane. I tidlegare tider styrte religionen i stor grad liva til folk. I dag har mange nordmenn eit mykje meir avslappa forhold til religion, sjølv om mange tyr til kyrkja i samband med viktige livshendingar som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd.
Fram til 2012 var protestantismen statsreligion i Noreg, og Den norske kyrkja var ei statskyrkje. Fram til 1845 var det forbode for nordmenn å melde seg ut av statskyrkja, og først rundt 1850 blei det lov for ikkje-kristne trussamfunn å organisere seg i Noreg. Noreg har altså ikkje lenger noka statskyrkje eller ein offisiell religion. Men framleis er fleirtalet av det norske folket medlemar av Den norske kyrkja. Resten av folket fordeler seg på andre trussamfunn eller høyrer ikkje til noko trussamfunn i det heile teke.
Det er full religionsfridom i Noreg. Det tyder at ein kan praktisere religionen sin utan at ein treng å vere redd for å bli forfølgd eller straffa for det. Det tyder òg at kvart individ står fritt til å avgjere kva for ein religion han eller ho ønskjer å høyre til. Like viktig er det at kvart individ òg står fritt til å velje å ikkje høyre til nokon religion.
Trus- og livssynssamfunna kan få økonomisk støtte frå staten og kommunen. Godkjende trus- og livssynssamfunn får like mykje støtte for kvar av medlemane sine som det Den norske kyrkja får.
Snakk saman
- Korleis pregar religion livet til menneske i Noreg i dag? Korleis er dette i andre land du kjenner til?
- Er det positivt eller negativt at eit land er sekulært?
- Korleis lever ulike religionar side om side i det fleirkulturelle landet Noreg har blitt i dag?
- Til tider har det vore konfliktar mellom ulike religiøse grupper. Korleis er situasjonen i dag, både i Noreg og internasjonalt?
- Er det viktig og rett å vise den religiøse ståstaden sin gjennom korleis ein kler seg og oppfører seg eller med smykke?
I lunsjpausen på jobben fortel Kåre om dåpen han var i dagen før. «Det var vakker korsang, og presten heldt ei flott preike! Eg blei reint rørt.» «Eg visste ikkje at du var religiøs?» sa kollegaen hans. «Nei, eg er no ikkje det. Men det er noko med stemninga, tradisjonen og høgtida likevel.»
- Sjølv om religion er mindre viktig for mange nordmenn i dag, er det mange som vel å gifte seg i kyrkja, døype barna sine der osv. Diskuter forholdet mellom religion og tradisjon.
Vel rett svar.
Kva tyder det at eit samfunn er sekulært?
Vel rett svar.
Kva slags forhold har mange nordmenn til religion?
Vel rett svar.
Kva var statsreligionen i Noreg fram til 2012?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?