Eit liv i Noreg
Sjå filmen
Småbarnstid
- Kva likskapar og ulikskapar finst det mellom livet til ein person i heimlandet ditt og livet til ein nordmann i Noreg?
- Korleis vil det prege livet ditt at du bur i Noreg? Kva vil sannsynlegvis endre seg?
Menneske i Noreg lever sjølvsagt ulike liv. Ingen er like. Likevel kan vi seie noko om korleis mange menneske her i landet lever.
- Det blir fødd litt meir enn femti tusen barn i Noreg kvart år, og kvar kvinne føder i gjennomsnitt 1,4 barn (2023).
- Norske kvinner er i gjennomsnitt omtrent tretti år gamle når dei får det første barnet.
- Det er ikkje vanleg å omskjere gutar i Noreg. Det er uansett strengt forbode å omskjere jenter. Strafferamma for å utføre eller bidra til eit slikt inngrep er opptil femten år. Ein kan òg bli utvist frå Noreg.
- Foreldrepar der begge er i løna arbeid, har til saman rett til opptil 61 veker med foreldrepengar i samband med fødsel (1.7.2024). Du kan finne informasjon om foreldrepengar på nettsidene til Nav.
Barnehage, kontantstøtte og barnetrygd
Foreldre betaler ein eigendel for å ha barn i barnehagen. Foreldre som har barn som er mellom eitt og to år gamle, får kontantstøtte dersom barnet ikkje går i barnehagen. Foreldra får òg barnetrygd for alle barn fram til dei fyller 18 år.
Internett
Snakk saman
- Kvifor går mange barn i Noreg i barnehage?
- Diskuter barnehage og språkutvikling.
- Kvifor får småbarnsfamiliar kontantstøtte og barnetrygd?
Skulealder og ungdomstid
Grunnskulen er delt inn i barnesteget (1.–7. klasse) og ungdomssteget (8.–10. klasse). Meir enn sytti prosent av barna i 1. til 4. klasse går på skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid (2023/2024). Skulefritidsordninga er eit frivillig tilbod. Skulen er gratis, men foreldre betaler som regel for å ha barna i skulefritidsordninga.
Mange barn i Noreg deltek i éin eller fleire organiserte fritidsaktivitetar. Mange av desse aktivitetane blir drivne av foreldra på dugnad. Foreldra får ikkje løn for dette.
Nesten alle ungdomar byrjar i vidaregåande opplæring etter grunnskulen. Om lag halvparten vel eit studieførebuande utdanningsprogram, medan resten vel eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Nesten åtti prosent av ungdomane i vidaregåande opplæring fullfører.
I Noreg blir ein myndig når ein fyller 18 år. Då har ein rett til å bestemme over seg sjølv. Den som er myndig, har stemmerett og kan ta førarkort. I tjueårsalderen flyttar dei fleste heimanfrå for å gå på universitet eller høgskule eller for å jobbe. Dei aller fleste som studerer, lever av studielån og jobbar ved sida av. Mange har meir enn tre hundre tusen kroner i studiegjeld når dei er ferdige med studia.
Snakk saman
- Kva er fordelane med ei skulefritidsordning?
- Kva organiserte fritidsaktivitetar er det aktuelt for deg og familien din å delta på i Noreg?
- Kva vil det seie å vere myndig?
- Når blir ein myndig i andre land du kjenner til?
- Kva tykkjer du om ordninga med studielån?
Vaksenliv og pensjonisttilvære
I Noreg er gjennomsnittsalderen for å gifte seg for første gong mellom tretti og førti år, både for menn og kvinner. Dei fleste par har budd saman ei stund før dei gifter seg.
Det er vanleg at både menn og kvinner har arbeid utanfor heimen og at menn og kvinner deler på husarbeidet. Likevel brukar kvinner mykje meir tid på husarbeid kvar veke enn menn gjer. Det er vanleg å låne pengar i banken for å kjøpe både bustad og bil. Ein vanleg barnefamilie har i gjennomsnitt over to millionar kroner i bustadgjeld.
Pensjonsalderen i Noreg er 67 år både for menn og kvinner. Mange har moglegheita til å gå av med pensjon tidlegare, medan andre vel å jobbe fram til dei er 70 år. Pensjon er pengar ein får utbetalt når ein er pensjonist. Løna ein fekk medan ein jobba, avgjer kor stor pensjonen blir. Folk som ikkje har hatt løna arbeid, til dømes husmødrer, får òg pensjon når dei blir 67 år.
Mange eldre menneske i Noreg lever eit aktivt liv. Dei er med i ulike organisasjonar og er mykje saman med familie og vener. Eldre menneske har ofte ganske god økonomi. Mange har betalt ned gjelda si, og dei forsørgjer ikkje barna sine lenger.
Dei fleste alderspensjonistar greier seg i sin eigen heim utan hjelp frå kommunen. Ein liten prosentdel av alderspensjonistane får helsetenester i heimen og/eller hjelp til daglege gjeremål.
Det er framleis slik at dei fleste som døyr i Noreg, blir gravlagde på ein kyrkjegard, men fleire og fleire blir kremerte. Nokre kyrkjegardar har eigne område for ulike trusretningar. Dersom den som døyr, hadde ektefelle og barn, arvar dei det den avlidne eigde. Kvinner og menn har same arverett. Det gjeld faste reglar for arv. Det er òg mogleg å skrive testamente for ein del av arven.
Snakk saman
- Diskuter samanhengen mellom løn og pensjon.
- Korleis er det å vere pensjonist i Noreg samanlikna med i andre land du kjenner til?
- Kva tykkjer de om at nokre kyrkjegardar har eigne område for ulike trusretningar?
Vel rett svar.
Kor mange barn blir det fødd i Noreg kvart år?
Vel rett svar.
Kor gamle er norske kvinner i gjennomsnitt når dei får det første barnet?
Vel rett svar.
Kva er pensjonsalderen i Noreg?
Vel rett svar
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Klikk i biletet.
Klikk på rett person i biletet. Når blir ein myndig i Noreg?