Vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar

Kva er vald?
- Vald er eit overgrep mot andre.
- Valden kan vere fysisk, psykisk, seksuell eller materiell.
Kva er vald i nære relasjonar?
- vald mellom familiemedlemar eller andre som står kvarandre nær
- vald mellom barn og vaksne der den vaksne har eit omsorgsansvar for barnet
Norsk lov forbyr all bruk av vald. Samfunnet kan ikkje godta vald i noka som helst form, heller ikkje den som går føre seg i familien eller i andre nære relasjonar Dette gjeld uansett årsaka til valden. Med andre ord: vald i nære relasjonar er ikkje ei privatsak. Negativ sosial kontroll kan òg innebere vald.
Det er minst like skadeleg for barn å vere vitne til vald som det er å bli utsette for vald sjølve. Lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, interkjønn-personar og andre LHBTIQ+-personar kan vere ekstra utsette for slik vald.
Tvangsekteskap og kjønnslemlesting er òg vald og kan ikkje godtakast. Samfunnet har ansvar for å verne og ta vare på alle menneske som blir utsette for vald og sikre at alle kan delta og bli integrerte i storsamfunnet.
«Vold i nære relasjoner er alvorlig kriminalitet, et angrep på grunnleggende menneskerettigheter og et folkehelseproblem.»
Kjelde: Et liv uten vold, Handlingsplan mot vold i nære relasjoner 2014–2017, Justis- og beredskapsdepartementet
Internett

Snakk saman

- Diskuter skilnaden mellom vald i nære relasjonar og annan vald.
- Kva kan årsaka vere til at somme brukar vald mot andre familiemedlemar?
- Kva kan årsaka vere til at somme fortset å leve saman med ein ektefelle som brukar vald?
- Kan ulike kulturar ha ulikt syn på vald?
- Korleis har familiemedlemane det i ein familie der det blir brukt vald?

Vel rett svar.
Kva står det om vald i Noregs lover?
Vel rett svar.
Kva slags vald finst? Her er fleire rette svar.
Fullfør setninga.
Samfunnet kan ikkje akseptere noka form for vald, ...
Fullfør setninga.
Vald i nære relasjonar ...
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?