Familieplanlegging, svangerskap og oppfølging av barn
Familieplanlegging
Familieplanlegging
I Noreg diskuterer politikarane korleis dei kan oppmuntre par til å få fleire barn. I nokre andre land opplever kvinner at styresmaktene set strenge grenser for kor mange barn dei får lov til å få, medan i andre land att er fødselstalet fem barn per kvinne i gjennomsnitt.
Familieplanlegging tyder at par sjølve kan planleggje når kvinna kan bli gravid og kor mange barn dei skal ha. I praksis betyr familieplanlegging å hindre uønskte graviditetar. Dette kan ein gjere ved hjelp av ulike prevensjonsmiddel.
Nokre vanlege prevensjonsmiddel:
- P-piller er piller som inneheld hormona østrogen og gestagen/progesteron. Pillene hindrar eggløysing.
- P-stav er ein liten plaststav som blir lagd inn under huda. Staven inneheld hormonet gestagen og skil ut ei lita mengd hormon kvar dag. Hormonet hindrar eggløysing. P-staven må setjast inn og fjernast av ein lege.
- Spiral blir sett inn i kvinna si livmor av ein lege. Spiralen hindrar sædcellene si rørsle og gjer at eit eventuelt befrukta egg ikkje vil feste seg til livmorveggen.
- Kondom er det einaste prevensjonsmiddelet som vernar mot å bli smitta av seksuelt overførbare sjukdomar. Det er òg det einaste prevensjonsmiddelet som kan nyttast av menn. Det er tilrådd å bruke sæddrepande krem saman med kondom for å vere endå meir sikker mot uønskt graviditet. Sæddrepande krem åleine er ikkje nok.
Svangerskapskontroll og fødsel
Gravide kvinner i Noreg har rett til gratis svangerskapskontrollar. Det er helsestasjonane eller fastlegane som utfører kontrollane. Desse kontrollane er frivillige. Føremålet er å tryggje helsa til mor og barn under graviditeten, under fødselen og etter fødselen. I Noreg blir gravide rådde til å gå til mellom åtte og tolv kontrollar i løpet av svangerskapet. Dei fleste føder på sjukehus, og dette er gratis.
Helsekontrollar og vaksiner
Alle barn og unge som bur i Noreg, får tilbod om jamlege helsekontrollar. Frå barna er babyar og fram dei byrjar på skulen, går desse helsekontrollane føre seg på helsestasjonen. Etter at barna har byrja på skulen, er det skulehelsetenesta som står for kontrollane. Dei fleste kommunar har dessutan helsestasjonar for ungdom. Alle barn og unge som bur i Noreg, får tilbod om å bli vaksinerte mot alvorlege sjukdomar. Vaksinane vernar dei mot sjukdomane på ein enkel, effektiv og ufarleg måte. Tenestene på helsestasjonane og i skulehelsetenesta er gratis.
Dersom barnet blir sjukt, er det fastlegen som skal undersøkje og, dersom det trengst, behandle barnet.
Abort
I Norge seier lov om svangerskapsavbrot (abortlova) at ei kvinne sjølv kan ta avgjerda om å avbryte eit svangerskap dersom det blir gjort i løpet av dei første 12 vekene av svangerskapet. Kvinna må fylle ut og levere eit skjema der ho skriv under på at ho ønskjer abort og at ho har fått informasjon om dei medisinske sidene ved aborten og om moglegheita for å få meir informasjon om alternativ til å ta abort. Abortlova regulerer òg kva som skjer dersom ei kvinne ønskjer abort etter den tolvte veka av svangerskapet.
Snakk saman
- Kva tenkjer ein om familieplanlegging i land du kjenner godt? Er det vanleg å bruke prevensjonsmiddel?
- Kvifor blir svangerskapskontrollar rekna for å vere så viktige at dei er gratis for kvinna?
- Kvifor er det viktig at foreldre tek imot tilbodet som helsestasjonane gjev?
- Kva tykkjer du om at dei fleste barn i Noreg blir vaksinerte mot ei rekkje sjukdomar?
- Kvifor er vaksinasjonsprogrammet for barn gratis?
Diskuter påstanden:
- Abortlova er eit kompromiss mellom kvinner sin rett til å bestemme sjølv og rettsvernet til fosteret.
Vel rett svar.
Kor mange barn får norske kvinner i gjennomsnitt?
Vel rett svar.
Kva tyder familieplanlegging? Her er fleire rette svar.
Vel rett svar.
Kva er oppgåva til ein helsestasjon?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?