Demokratiske rettar og plikter

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

I et demokrati har menneskene både rettigheter og plikter, ansvar og frihet. Alle disse fire faktorene bør være til stede for at demokratiet skal fungere på en god måte.

Hva skjer om ett av beina blir borte?

En demokratisk plikt er å følge de lovene som gjelder i samfunnet. Dette kan være plikt til å gi riktige og sannferdige opplysninger til offentlige etater (Nav, Skatteetaten, folkeregisteret o. l.).

Tips til undervisninga

I eit demokrati har menneske både rettar og plikter, ansvar og fridom. Alle desse fire faktorane bør vere til stades for at demokratiet skal fungere på ein bra måte.

Kva hender om eitt av dei fire «beina» blir borte?

Det er ei demokratisk plikt å følgje lovene som gjeld i samfunnet. Det kan til dømes vere plikta til å gje rette og sanne opplysningar til offentlege etatar (Nav, skatteetaten, folkeregisteret og liknande).

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

samtale om menneskerettigheter som ytringsfrihet og vern mot diskriminering
gi eksempler på hvordan demokratiet i Norge fungerer, knyttet til de tre statsmaktene og prinsippet om maktfordeling, politiske partier og valgordningen

Kjerneelement

Demokratiforståelse og deltakelse

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Demokratiske rettar og plikter

Menneske som bur i eit demokrati, har både fridom, ansvar, rettar og plikter. Vi byrjar med å sjå på dei viktigaste rettane.

Menneskerettar

AdobeStock

FN si menneskerettserklæring blei vedteken i 1948 og gjeld for alle menneske i heile verda.

Likestilling

AdobeStock

Alle menneske skal ha like rettar og moglegheiter uavhengig av alder, etnisitet, funksjonsevne, kjønn, religion og seksuell orientering.

Ytringsfridom

Kvinne roper inn i en megafon. Hun har høyre hånd hevet og ser engasjert ut. Foto
GettyImages

Ytringsfridom tyder at ein fritt kan seie meininga si om mellom anna politikk og religion, at ein fritt kan diskutere med andre, og at ein fritt kan skrive om meiningane sine utan å bli straffa for det. Vi har ein del lover som set grenser for ytringsfridomen. Det er til dømes ikkje lov å kome med rasistiske og andre hatefylle ytringar, korkje munnleg eller skriftleg. Ytringsfridomen gjeld både for privatpersonar og for radio, tv og aviser.

Stemmerett

En hånd legger en stemmeseddel inn i en stemmeurne. Foto
GettyImages

I eit demokrati har innbyggjarane rett til å stemme ved politiske val. Stemmerettsalderen i Noreg er 18 år. Vala er hemmelege. Det tyder at andre menneske ikkje veit kva einskildpersonar har stemt. Du må vere norsk statsborgar for å stemme ved stortingsval. For å stemme ved fylkestings- og kommunestyreval må du ha budd i Noreg dei siste tre åra før valet.

Rettstryggleik

Det norske flagget, klubbe og justicia-vekten. Foto.
GettyImages

Rettstryggleik tyder mellom anna at ingen kan dømast til fengsel utan at det har vore ei rettssak først. Ei rettssak i eit demokratisk land inneber at uavhengige domarar avgjer om den tiltalte personen er skuldig eller ikkje, og at uavhengige domarar fastset straffa dersom den tiltalte blir funnen skuldig. Alle tiltalte har rett til eit forsvar.

Religions- og trusfridom

Religiøse symboler. Islam, jødisk, kristen. Foto.
GettyImages

Religions- og trusfridom tyder at menneske er frie til å velje kva religion eller livssyn dei ønskjer å høyre til, og at dei fritt kan praktisere religionen sin eller livssynet sitt. Med andre ord har ingen rett til å tvinge andre inn i eller ut av ei religiøs gruppe eller eit trussamfunn. Ingen skal forfølgjast eller straffast på grunn av kva religion dei høyrer til. Frå ein er 15 år gamal har ein rett til å melde seg ut av eller inn i trus- og livssynssamfunn på eiga hand, uavhengig av kva andre meiner. Like viktig som at alle er frie til å velje religion/livssyn sjølv, er det at vi har den same fridomen til å ikkje høyre til ein religion eller eit livssyn.

Organisasjonsfridom

Organisasjonsfridom tyder fleire ting. Dette er nokre av dei viktigaste tinga fridomen inneber:

  • Ein har rett til å vere medlem av politiske parti eller interesseorganisasjonar utan å risikere å bli forfølgd eller straffa.
  • Ein har rett til å vere medlem av arbeidstakarorganisasjonar utan å risikere å bli forfølgd eller straffa. I visse situasjonar har ein òg rett til å streike.
  • Ein har rett til å gje uttrykk for meiningane sine gjennom lovlege demonstrasjonar.

Ansvar og plikter

Som vi ser, har menneske mange rettar i eit demokrati. Men det følgjer òg ansvar og plikter med fridomen og rettane. Vi må følgje lovene og reglane som fleirtalet har fastsett. Vi har rett til å prøve å endre ting vi ikkje likar i samfunnet, men vi må følgje dei demokratiske spelereglane. Det norske samfunnet er i stor grad basert på gjensidig tillit. Det tyder at styresmaktene lit på at innbyggjarane gjev rett informasjon og rettar seg etter lover og reglar, og innbyggjarane lit på at dei blir behandla rett av t.d. politiet og barnevernet.

Kva kan truge demokratiet?

Desse elementa kan vere trugsmål mot demokratiet:
Låg valdeltaking
Svekt tillit til politikarane
Falske nyhende og hatprat som stansar den opne samfunnsdebatten
Store nasjonale kriser som gjer at ein må gå forbi dei demokratiske prosessane
Lover og reglar som gjeld for fleire land, går framfor eit land sine demokratisk vedtekne lover.

Snakk saman

  • Hvordan er det å leve i et demokratisk land?
  • Hvordan er det å leve i et ikke-demokratisk land?
  • Snakk om hvilke plikter dere tenker hører sammen med rettighetene i et demokrati.
  • Hvilke demokratiske rettigheter og plikter kjenner du fra før?
  • Diskuter kvifor låg valdeltaking og svekt tillit til politikarar er eit trugsmål mot demokratiet.
  • På kva måte er tillit ein viktig eigenskap ved det norske samfunnet? Har de døme på korleis dette kjem til uttrykk?
LØvebakken. Stortinget. Foto.
GettyImages

Vel rett svar.

Har vi fullstendig ytringsfridom i Noreg?

Vel rett svar.

Kva er stemmerettsalderen i Noreg?

Vel rett svar.

Kven har rett til eit forsvar dersom dei blir tiltalte for eit brotsverk?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Menneske som bur i eit demokrati, har fridom, ansvar, rettar og plikter.
Ytringsfridomen i Noreg gjeld for alle typar ytringar.
Innbyggjarar i eit demokrati har rett til å stemme ved politiske val.
Alle som bur i Noreg, kan stemme ved stortingsval.
Du må ha budd i Noreg dei siste tre åra før valet for å kunne stemme ved fylkestings- og kommunestyreval.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Folk som har gjort seg skuldige i eit grovt lovbrot, kan dømast til fengsel utan rettssak.
Alle tiltalte har rett til eit forsvar.
Ingen har rett til å tvinge andre inn eller ut av ei religiøs gruppe eller eit trussamfunn.
Frå ein er 15 år gamal har ein rett til å melde seg ut av eller inn i trus- og livssynssamfunn som ein sjølv vil.
Kristendomen er den einaste religionen som er tillaten i Noreg.