Retten til eit fritt og sjølvstendig liv

  • Kva tyder det å leve eit fritt og sjølvstendig liv?
  • Kan vi menneske ta eigne sjølvstendige val utan å ta omsyn til andre sine ønske og meiningar?
  • Kven påverkar vala våre?

Det er ein viktig verdi i det norske samfunnet at alle menneske har retten og fridomen til å ta sine eigne val. Sjølv om vi lever eit fritt liv og har moglegheita til å bestemme sjølv, vil det alltid vere menneske nær oss som vi vil høyre på og ta omsyn til. Alle menneske har rett til å leve eit fritt og sjølvstendig liv med støtte og kjærleik frå sine næraste, utan vald og trugsmål.

Vald i nære relasjonar er eit omgrep som dekkjer ulike former for vald og overgrep mellom noverande og tidlegare familiemedlemar, og det dekkjer òg barn som er vitne til slik vald. Negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting fell òg inn under dette omgrepet.

Kjelde: nkvts.no

  • Vald i familien skjer over heile verda. Kva kan årsaka til dette vere?

Tips til undervisningen

Det finnes en ressursside som kan være til god hjelp i undervisningen. Siden har et undervisningsopplegg med deltakerhefte på mange språk samt lærerveiledning og diskusjonsoppgaver.

Snakk sammen

Alle mennesker vil være påvirket av andre når vi skal gjøre ulike livsvalg. Hva betyr det å være «påvirket»? Vil dette bety det samme for alle mennesker? Hvor går grensen mellom påvirkning og press? Og mellom press og pålegg? Vil muligheten til å ta egne valg på tvers av andres ønsker være de samme alle steder i verden? Vil konsekvensene av å gjøre dette være de samme overalt?

Eksempler på årsaker til vold i familien kan være makt, kontroll, skam, ære, maktbalanse i familien, problemer med økonomi, rus.

Snakk om kunstverket

Vandrer med sekk og stav som ser mot noe glitrende langt framme. Maleri.
Foto: Nasjonalmuseet/Børre Høstland «Langt, langt borte så han noe lyse og glitre» malt av Theodor Kittelsen (1900).

Tips til undervisninga

Det finst ei ressursside som kan vere til god hjelp i undervisninga. Sida inneheld eit undervisningsopplegg med deltakarhefte på mange språk, lærarrettleiing og diskusjonsoppgåver.

Snakk saman

Alle menneske blir påverka av andre når vi skal gjere ulike livsval. Men kva vil det seie å vere «påverka»? Tyder dette det same for alle menneske? Kvar går grensa mellom påverknad og press? Og mellom press og tvang? Vil menneske ha den same moglegheita til å ta eigne val på tvers av andre sine ønske alle stader i verda? Vil konsekvensane av å ta slike val vere dei same overalt?

Makt, kontroll, skam, ære, maktbalanse i familien, problem med økonomi og rus er alle døme på årsaker til vald i familien.

Snakk om kunstverket

Vandrer med sekk og stav som ser mot noe glitrende langt framme. Maleri.
Foto: Nasjonalmuseet/Børre Høstland «Langt, langt borte så han noe lyse og glitre» malt av Theodor Kittelsen (1900).