Negativ sosial kontroll
Negativ sosial kontroll
Sosial kontroll er eit omgrep som blir brukt om rammene for åtferd og levesett som blir sette rundt kvart einskilt individ. Til dømes set foreldre slike rammer for barna sine liv gjennom oppsedinga, og samfunnet set rammer for kva som er akseptabel åtferd i form av skrivne og uskrive reglar og lover.
Nokre gonger kan barn, unge eller vaksne tykkje at dei reglane som den næraste familien set for dei, er altfor strenge. Då blir reglane oppfatta som urimelege, og den sosial kontrollen blir opplevd som negativ. Rammene som blir sette av foreldra eller menneske i andre nære relasjonar, kan òg vere på kollisjonskurs med dei rammene som samfunnet elles ser på som naturlege. Negativ sosial kontroll kan ta frå eit individ den personlege fridomen og retten til å leve eit sjølvstendig liv. Negativ sosial kontroll kan hindre barn og unge i å bli integrerte i det norske storsamfunnet.
Snakk saman
Merhet er 14 år og går på ungdomsskulen. Då ho var barn, levde ho eit fritt liv, og foreldra sette få grenser for henne. No er ho komen i puberteten, og ho merkar at foreldra hennar har blitt mykje strengare. Ho får ikkje vere med vener heim, men må gå rett heim etter skulen. Ho har blitt nøydd til å slutte å spele handball fordi far hennar ikkje likar at ho brukar shorts når ho speler. Kvar kveld sjekkar mora telefonen hennar for å sjå kven ho har snakka med og sendt meldingar til.
Bror til Merhet er to år eldre. Dei er ikkje så strenge med han. Merhet er lei seg og tenkjer at foreldra har slutta å stole på henne. Trur dei verkeleg at ho kjem til å gjere noko gale dersom dei ikkje passar på henne til ei kvar tid?
Diskuter situasjonen til Merhet.
- Korleis tenkjer foreldra hennar?
- Kva konsekvensar kan slik kontroll ha?
- Korleis skal Merhet og foreldra hennar få ein betre kvardag?
To år seinare:
Merhet har byrja på vidaregåande. Livet hennar har blitt endå vanskelegare. Ho merkar stor forskjell på sin eigen kvardag og kvardagen til dei norske skuleveninnene. Dei andre jentene i klassen treffest ofte etter skuletid og gjer kjekke ting i lag. Dei overnattar hos kvarandre i helgene og snakkar om mote og gutar. Merhet kjenner seg meir og meir utanfor i det norske miljøet. Sjølv om ho elskar familien sin, kjenner ho seg kontrollert og fanga. Ho har høyrt at det finst ein minoritetsrådgjevar på skulen. Skal ho tore å snakke med henne?
- Kva råd ville de ha gjeve Merhet?
Vel rett svar.
Kva er sosial kontroll?
Vel rett svar.
Kva er negativ sosial kontroll?
Fullfør setninga.
Når personar tykkjer at reglane som den næraste familien set for dei, er for strenge, kan ...
Fullfør setninga.
Negativ sosial kontroll ...
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?