Dette er Noreg

  • Korleis er folket i landet du kjem frå? Består det av ulike folkegrupper? Har landet nasjonale minoritetar? Blir det snakka mange ulike språk i landet? Korleis er det vanleg å bu saman?
  • Kva veit du om folket i Noreg?

I dag bur det 5,5 millionar menneske i Noreg (01.01.2024). Folketalet aukar. I 1970 budde det i underkant av 3,9 millionar menneske i landet. Desse tala fortel oss at folketalet i Noreg har auka med om lag førti prosent i løpet av dei siste femti åra!

Sjølv om Noreg har eit samansett folk, er det likevel ein del ting som sameiner oss som nasjon. Samfunnet er gjennomsyra av verdiar som likestilling og likeverd, dei fleste har ein nokså høg materiell levestandard, og utdanningsnivået er ganske høgt.

Det er full religionsfridom i Noreg. Mange er kristne, og lovene er bygde på kristne og humanistiske verdiar.

Tips til undervisningen

Læreren må ta i bruk prinsippet om å gå fra det kjente til det ukjente. Begynn med å få deltakerne interessert og nysgjerrige på Norge gjennom å snakke om egne erfaringer og sammenligne med Norge. Kanskje det sitter deltakere som kommer fra helt ulike land/kulturer i samme gruppe? De kan ha felles språk, men likevel ha ulik bakgrunn.

Snakk om kunstverket

Brudefølge i båt på Hardangerfjorden. Maleri.
Nasjonalmuseet/Børre Høstland «Brudeferd i Hardanger» malt av Hans Gude og Adolph Tidemand (1848).

Tips til undervisninga

Læraren må nytte prinsippet om å gå frå det kjende til det ukjende. Start med å få deltakarane interesserte og nyfikne på Noreg ved å snakke om sine eigne erfaringar og samanlikne med Noreg. Kanskje sit det deltakarar frå heilt ulike land og kulturar saman i gruppa? Dei kan godt ha ulik bakgrunn sjølv om dei har eit felles språk.

Snakk om kunstverket

Brudefølge i båt på Hardangerfjorden. Maleri.
Nasjonalmuseet/Børre Høstland «Brudeferd i Hardanger» malt av Hans Gude og Adolph Tidemand (1848).