Samane
Samane
Samane er urfolket i Noreg. Samane bur i fire land: Noreg, Sverige, Finland og Russland. Samane er den eldste folkegruppa i Noreg, og det finst fleire samiske språk. Dei samiske språka er heilt ulike norsk. Det er ikkje mogleg for ein person som berre snakkar norsk, å forstå samisk. I dag kan nesten alle dei norske samane snakke norsk. Mange snakkar òg samisk.
Nasjonaldagen til samane er 6. februar. Då blir det samiske flagget heist over heile landet. Samane har folkedrakter som blir kalla for kufter. Samane brukar framleis kufta ved spesielle høve, til dømes i bryllaup. Nokre brukar òg kufta til kvardags.
For om lag hundre og femti år sidan prøvde nordmennene å gjere samane «norske». Barna måtte gå på norsk skule, og dei fekk ikkje lære samisk. I 1959 blei det igjen tillate å bruke samisk språk i skulen. Ei lov frå 1902 sa at berre norske statsborgarar som kunne snakke, lese og skrive norsk, kunne kjøpe jord. Denne lova gjaldt heilt fram til 1965. I dag er situasjonen heilt annleis. I 1989 blei Sametinget opna. Sametinget jobbar for rettane til samane i Noreg, særleg når det gjeld kultur og utdanning. Det er val til Sametinget kvart fjerde år.
Snakk saman
- Finst det eit urfolk i heimlandet ditt? Korleis er livssituasjonen deira?
- Snakk om situasjonen til ulike minoritetsfolk.
Vel rett svar.
Kva for land bur samane i?
Vel rett svar.
Kva har samane tradisjonelt levd av?
Vel rett svar.
Ei lov frå 1902 sa at berre norske statsborgarar som kunne snakke, lese og skrive norsk, kunne kjøpe jord. Når blei denne lova oppheva?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?