Likestilling og likeverd
Sjå filmen
Likestilling og likeverd
Likeverd mellom menneske er ein av dei aller viktigaste verdiane i det norske samfunnet. Det tyder at ein meiner at alle menneske har like stor verdi, uansett kjønn, alder, funksjonsnivå, kulturell bakgrunn, etnisk opphav eller seksuell legning. Samfunnet jobbar for å gje alle like moglegheiter ut frå sine eigne føresetnader. Døme på dette er skuletilbod for elevar med ulike funksjonshemmingar, tilbodet om norskopplæring til innvandrarar og prinsippet om lik løn for likt arbeid.
I 1970-åra blei det retta meir og meir merksemd mot kvinner sine rettar i samfunnet og moglegheitene deira på utdanningsfeltet og i arbeidslivet generelt. Yrkesdeltakinga til kvinnar har gått kraftig opp sidan den gongen, og i dag er nesten like mange kvinner som menn i jobb. Likevel finst det framleis typiske kvinne- og mannsyrke, og mange fleire kvinner enn menn jobbar deltid. I dag er det omtrent like mange kvinner og menn som har høgare utdanning, men dei fleste gjer framleis tradisjonelle val. Kvinner utdannar seg oftare innanfor omsorg og undervisning, medan menn utdannar seg innanfor teknikk og naturvitskap. Sjølv om kvinner no utgjer nesten halvparten av dei som er i jobb, er framleis nesten to av tre leiarar i arbeidslivet menn.
Dei siste tiåra har vi opplevd ei endring i haldningane til menn og kvinner sine oppgåver og deira plass i det offentlege rom, i familien og i heimen. I dei fleste familiar i dag, særleg i yngre familiar, er det vanleg å dele på både arbeidet i heimen og omsorgsarbeidet, men undersøkingar viser at kvinner framleis brukar meir tid enn menn på husarbeid. Det er opp til kvar einskild familie korleis dei vel å organisere livet sitt og oppgåvene sine. Likevel finn vi att tanken om likestilling og likeverd i lover og rettar. Alle som bur i Noreg, må følgje desse reglane. Det gjeld til dømes likestillings- og diskrimineringslova, ekteskapslova og arvelova.
§ 185 i straffelova av 2005 blir gjerne kalla for rasismeparagrafen. Denne lovparagrafen forbyr diskriminerande eller hatefulle ytringar som er retta mot menneske på grunn av deira etnisitet, hudfarge, livssyn, religion, seksuelle legning eller funksjonshemming. Denne paragrafen set grenser for ytringsfridomen. Føremålet med rasismeparagrafen er å verne minoritetar.
Kjelde: SSB
Snakk saman
- Likestilling gjeld ikkje berre mellom kjønna. Det kan òg vere tale om likestilling mellom ulike generasjonar, menneske med ulik økonomisk evne, ulike nasjonalitetar og etniske grupper, ulike grader av funksjonsevne, ulik religiøs tilknyting, ulik seksuell legning osv. Snakk saman om kva dette har å seie for einskildindividet og for samfunnet.
- Kva kan grunnen vere til at ungdom som har foreldre med innvandrarbakgrunn, i større grad enn ungdom med etnisk norske foreldre vel å ta høgare utdanning?
- Snakk saman om kvifor menn og kvinner arbeider utanfor heimen i Noreg i dag. Kva fordelar og ulemper ser de med dette?
- Korleis må familien samarbeide når både mor og far jobbar utanfor heimen?
- Fleire kvinner enn menn jobbar deltid. Kvifor er det slik, trur de? Kva konsekvensar får dette for kvinna og familien på kort og lang sikt?
Fullfør setninga.
Ein av dei aller viktigaste verdiane i det norske samfunnet er ...
Vel rett svar.
Når byrja ein å rette meir merksemd mot kvinner sine rettar?
Fullfør setninga.
Sjølv om kvinner no utgjer nesten halvparten av dei som er i jobb, er framleis nesten ...
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?