Merke- og helgedagar

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Start med å snakke om merkedager i egen kultur. Kanskje noen av disse markeres i nærmiljøet i Norge også? Her bør læreren ha undersøkt på forhånd og tipse deltakerne.

Læreren bør også kunne fortelle litt om ulike skikker, små ritualer o.l. som hører til de ulike hellig- og merkedagene i Norge. Slikt kan det være nyttig for deltakerne å kjenne til.

Nasjonaldagen, 17. mai, er et typisk eksempel på dager som deltakerne kan føle for å feire etter hvert.

Samtalestarter

Meryam
Meryam og familien hennes har nettopp kommet til Norge. Det er snart jul, og på skolen jobber klassen med ulike oppgaver om jul og julefeiring. De skal også ha adventskalender og gå rundt juletreet. Meryams foreldre er ikke kristne. Meryam skal lære om kristne tradisjoner på skolen og foreldrene er usikre på hva dette innebærer.

  • Hva tenker du om foreldrenes situasjon?
  • Hva tenker du om Meryams situasjon?

Amir
Amir går i andre klasse på skolen. Han og familien kom til Norge for kort tid siden. Nå er Amir invitert i bursdagsselskap til en klassekamerat. Foreldrene hans er usikre. De vet ikke hvordan et slikt selskap foregår, og hva som forventes av dem.

  • Tror du Amir får gå i selskapet?
  • Hvilke grunner kan foreldrene ha til å si ja eller nei?
  • Hvilke konsekvenser kan det få for Amir om han får gå i selskapet eller ikke?

Tips til undervisninga

Start med å snakke om merkedagar i deltakarane sin eigen kultur. Kanskje blir nokre av desse merkedagane markerte i nærmiljøet her i Noreg òg? Her bør læraren ha undersøkt litt på førehand og tipse deltakarane.

Læraren bør òg kunne fortelje litt om ulike skikkar, små ritual og liknande som høyrer til dei ulike helge- og merkedagane i Noreg. Det kan vere nyttig for deltakarane å kjenne til slikt.

Nasjonaldagen, 17. mai, er eit typisk døme på ein dag som deltakarane etter kvart kan føle for å feire.

Samtalestartar

Meryam
Meryam og familien hennar er nettopp komne til Noreg. Det er snart jul, og på skulen jobbar klassen med ulike oppgåver som har med jul og julefeiring å gjere. Dei skal òg ha adventskalender og gå rundt juletreet. Foreldra til Meryam er ikkje kristne. Meryam skal lære om kristne tradisjonar på skulen, og foreldra er usikre på kva dette inneber.

  • Kva tenkjer du om situasjonen til foreldra?
  • Kva tenkjer du om situasjonen til Meryam?

Amir
Amir går i andre klasse på skulen. Det er ikkje så lenge sidan han kom til Noreg med familien sin. No har ein klassekamerat invitert Amir til bursdagsselskap. Foreldra er usikre. Dei veit ikkje korleis eit slikt selskap går føre seg eller kva som er venta av dei.

  • Trur du at Amir får gå i selskapet?
  • Kva grunnar kan foreldra ha for å seie ja eller nei?
  • Kva følgjer kan det få for Amir om han får eller ikkje får gå i selskapet?

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

gi eksempler på viktige merke- og helligdager, og hvordan disse markeres

Kjerneelement

Demokratiforståelse og deltakelse

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Merke- og helgedagar

Første nyttårsdag

En kalender som viser første januar. Foto
GettyImages

Den første dagen i året er 1. januar. Denne dagen kallar vi første nyttårsdag. Då er butikkane stengde, mange har fri frå jobben, og barna har fri frå skulen.

Samefolket sin dag

Det samiske flagget. Foto
GettyImages

Den 6. februar feirar samar i Finland, Noreg, Russland og Sverige samefolket sin dag. Dagen er offisiell flaggdag i Noreg, men ikkje fridag.

Kvinnedagen

Markering av kvinnedagen på Youngstorget, Oslo. Foto
Håkon Mosvold Larsen/NTB

Åttande mars er den internasjonale kvinnedagen. Dagen blei markert for første gong i Norge i 1915. På 1970-talet var det mange som engasjerte seg i arbeidet for likestilling og rettane til kvinner, og den internasjonale kvinnedagen har blitt markert i Noreg kvart år sidan 1972. Nokre går i 8. mars-tog, og det blir halde talar og appellar. Åttande mars er ikkje ein offisiell fridag.

Påske

Barnehender maler et egg. Illustrasjon for påske. Foto.
GettyImages

I mars eller april er det påske. Tidspunktet varierer frå år til år. Påska er ei kristen høgtid som blir feira til minne om at Jesus døydde og stod opp. For mange som bur i Noreg, handlar ikkje påska først og fremst om religion, men om nokre ekstra fridagar etter ein lang vinter.

Skjærtorsdag, langfredag og 1. påskedag er helgedagar. På desse dagane er butikkane stengde, og mange har fri frå jobben. Skulebarn har fri heile påska, og mange arbeidstakarar tek ut ferie i tillegg til helgedagane.

Kristi himmelfartsdag og pinse

En hvit kirke. Utenfor er det en kirkegård. Bak kirken kan vi se fjell og en blå himmel med noen skyer. Foto
GettyImages

Kristi himmelfartsdag og pinse er to andre kristne høgtider. Kristi himmelfartsdag er ein torsdag 40 dagar etter påske. Pinsa kjem 10 dagar etter Kristi himmelfartsdag. Kristi himmelfartsdag og 2. pinsedag er fridagar for mange, og butikkane er stengde.

Arbeidardagen

Faner og folk på Youngstorget. Foto
Birna Rørslett/NTB

Første mai er den internasjonale arbeidardagen. På denne dagen går mange i tog og viser kva for politiske saker dei er opptekne av. Første mai er ein offentleg fridag, og butikkane er stengde.

Nasjonaldagen

Audun Braastad/NTB

Den norske nasjonaldagen er 17. mai. Vi feirar at Noreg fekk si eiga grunnlov 17. mai 1814. Den 17. mai er først og fremst barna sin dag. Nesten alle barnehage- og skulebarn pyntar seg, går i tog, viftar med det norske flagget og syng. Musikkorps i flotte uniformer går i toget. Mange barn speler i desse korpsa.

På 17. mai får barna gjerne ete så mykje is og pølser dei vil. Barn i Noreg gler seg svært til denne dagen. Nasjonaldagen 17. mai er ein offentleg fridag, og butikkane er stengde.

Jul

Jente holder en julegave. Juletre med lys i bakgrunnen. Foto.
GettyImages

I desember feirar mange i Noreg jul. Jula er ei kristen høgtid som markerer at Jesus blei fødd. Jula og julefeiringa er ein viktig tradisjon for dei fleste. Jula er først og fremst ei familiefeiring.

Den 24. desember kallar vi julaftan. Då er det vanleg å ete ein tradisjonell julemiddag saman med familien. Det er ulike tradisjonar i ulike landsdelar. Dessutan har dei fleste familiar sine eigne tradisjonar som dei tykkjer at det er viktig å halde på. Det er vanleg å gje kvarandre gåver på julaftan – julegåver.

Første og andre juledag er helgedagar. På desse dagane er butikkane stengde, og mange har fri frå jobben. Skulebarn har fri heile jula, og mange arbeidstakarar tek ut ferie i tillegg til helgedagane.

Nyttårsaftan

Fyrverkeri med mange farger. Foto
GettyImages

Den siste dagen i året er 31. desember. Denne kvelden blir kalla nyttårsaftan, og mange feirar saman med familie og vener. Ved midnatt ser vi ofte rakettar og anna fyrverkeri som lyser opp den mørke nattehimmelen. Nyttårsaftan er ikkje ein fridag.

Tradisjonar og merkedagar som ikkje følgjer kalenderen er fødselsdagar, bryllaup, dåp, konfirmasjon og gravferd.

Snakk saman

  • Kva merkedagar kjenner du frå før? Korleis er du van med at desse dagane blir markerte?
  • Kvifor feirar ulike menneske ulike merkedagar?
  • Kva for merkedagar er viktige for deg? Korleis vil måten du markerer desse dagane på, endre seg no som du bur i Noreg?
  • Kan det tenkjast at nokre av dei typisk norske merkedagane kjem til å bli viktige for deg etter kvart?
To barn som har tent lysene i en lysestake som blir brukt under den jødiske lysfesten hanukka. Foto.
GettyImages
Far og datter feirer Divali. Foto.
GettyImages
Jente pynter juletre. Julegaver ved siden av. Foto
GettyImages
Audun Braastad/NTB

Vel rett svar.

Kva for dagar er ikkje fridagar?

Vel rett svar.

Når er den norske nasjonaldagen?

Vel rett svar.

Kva kallar vi den siste dagen i året?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Den første dagen i året blir kalla første nyttårsdag.
Samefolket sin dag er 6. februar.
Kvinnedagen er 8. februar.
Tidspunktet for påska varierer frå år til år.
I pinsa går mange i tog for å vise kva for politiske saker dei er opptekne av.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Skjærtorsdag er ein helgedag.
På nasjonaldagen får barna ofte ete så mykje is og pølser dei vil.
Det er vanleg å gje kvarandre gåver på nyttårsaftan.
På nasjonaldagen feirar vi at Noreg fekk si eiga grunnlov i 1905.
Kristi himmelfartsdag er 40 dagar etter påske.

Vel rett bilete.

Kva for ein av desse merkedagane er ein offisiell fridag i Noreg?