Fakta om Noreg
Sjå filmen
Fakta om Noreg
- Noreg er eit monarki. Statsoverhovudet er kong Harald. Tittelen som monark går i arv.
- Det bur 5,5 millionar menneske i Noreg (01.01.2024). Omtrent syttifem prosent av innbyggjarane bur langs kysten. Halvparten av innbyggjarane i Noreg bur på Austlandet.
- Noreg har to offisielle språk med nasjonal status, norsk og samisk. Norsk har to skriftspråk, bokmål og nynorsk.
- Noreg har eit areal på 385 178 kvadratkilometer. India er nesten ti gonger så stort.
- Noreg grensar til Sverige, Finland og Russland.
- Hovudstaden heiter Oslo. Oslo er den største byen i Noreg og har om lag sju hundre tusen innbyggjarar (2024).
- Dei fire største byane er Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.
- Det sørlegaste punktet i Noreg heiter Lindesnes.
- Det nordlegaste punktet er Knivskjelodden på Nordkapp.
- Svalbard er ei øygruppe som høyrer til Noreg.
- Noreg er delt inn i 15 fylke.
- Noreg er delt inn i 356 kommunar.
Kjelder: www.ssb.no, www.fn.no, www.oslo.kommune.no
Landskap
Noreg har store område med fjell, og her er òg mykje skog. Store skog- og fjellområde er aude, og det bur ingen der. I nokre fjellområde finn vi isbrear der snøen og isen aldri smeltar.
Dersom vi strekkjer ut den norske kystlinja, er ho 25 148 kilometer lang. Det er lenger enn frå Nordpolen til Sørpolen! Naturen langs kysten varierer frå sør til nord. Mange stader skjer små og store bukter og fjordar seg djupt inn i landskapet. Det ligg òg rundt femti tusen øyer langs kysten, men det bur berre menneske på ein brøkdel av dei. Nokre øyer er knytte til fastlandet med bru eller tunnel, medan andre øyer berre har ferjesamband.
Det er nokså lett å reise rundt i Noreg. Det offentlege transportnettet er ganske godt utbygd. Ein kan reise med bil, buss, tog, båt eller fly.
Kjelde: SSB
Utforsk landskap i Noreg
Klima
Noreg har fire årstider: vinter, vår, sommar og haust.
Noreg ligg langt mot nord. Klimaet er likevel mildare enn ein skulle tru. Det kan vi takke Golfstraumen for. Golfstraumen fraktar store mengder oppvarma vatn frå det sørlege Atlanterhavet og opp langs norskekysten. Dette gjer at temperaturen her er høgare enn breiddegraden elles skulle tilseie.
Klimaet varierer frå landsdel til landsdel. Det er òg store skilnader mellom kysten og innlandet. I Nord-Noreg er vintrane lange, kalde og mørke. Somrane er korte, men på grunn av midnattssola er dei lyse og fine. I Sør-Noreg er det mykje snø i innlandet om vinteren, medan det er lite snø ved kysten. Sørlandet og Austlandet har som regel fine, varme somrar. På Vestlandet kjem våren tidleg. Det regnar meir på Vestlandet enn på Austlandet. Om hausten kan det blåse stormar langs heile kysten frå Vestlandet og nordover.
I Noreg tykkjer vi det er varmt når termometeret viser 25 grader celsius. Den høgaste temperaturen som er målt i Noreg, var pluss 35,6 grader celsius. Denne temperaturen blei målt på Nesbyen på Austlandet den 20. juni 1970. Den lågaste temperaturen som er målt i Noreg, var minus 51,4 grader celsius. Denne temperaturen blei målt i Karasjok i Nord-Noreg den 1. januar 1886.
Snakk saman
- Skildr eit land du kjenner godt: Korleis er klimaet? Kvar bur det folk? Kva har naturen og klimaet å seie for korleis menneska lever der?
- Diskuter om klimaet har noko å seie for arbeidslivet og samfunnsutviklinga i eit land.
- Korleis er klimaet og temperaturen i den delen av Noreg der du bur?
- Kva moglegheiter og avgrensingar skaper klimaet for livet i Noreg?
Bestemora: Nei, no har det regna i fleire dagar. Kor lenge kjem dette til å vare, trur du?
Mora: Det er ikkje godt å seie. Men dei sa på vêrmeldinga på radioen at vêret skulle bli betre til helga.
Dottera: De skal no alltid snakk om vêret, de!
Mora: Alle nordmenn likar å snakke om vêret.
Kvifor likar nordmenn å snakke om vêret?
Vel rett svar.
Kor mange offisielle språk med nasjonal status har vi i Noreg?
Vel rett svar.
Kva heiter Noregs lengste elv?
Vel rett svar.
Kva er den lågaste temperaturen som er målt i Noreg?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett bilete.
Kva for eit bilete viser haust?