Minoritet og majoritet i Noreg

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Samtalestarter 1

Etter sju år i Norge, reiser Sara på besøk til hjemlandet sitt. En dag skal hun på besøk til onkelen og tanten sin. Hun er invitert til middag, og kommer presis klokka seks, som hun tenker er en vanlig middagstid. Hun har med seg en blomsterbukett og en eske sjokolade. Før hun går inn i huset, tar hun av seg skoene i gangen. Når hun kommer inn i stuen, ser tanten på henne og ler. «Så norsk, du har blitt!» utbryter hun.

Hva mente tanten?

Utforsk diagrammet

Innvandrerbefolkningen i Norge

Snakk sammen

Læreren må ta utgangspunkt i situasjonen i deltakergruppens hjemland og styre samtalen etter det.

De fleste mennesker søker fellesskap med det man kjenner fra før, og det er en av grunnene til at innvandrere søker seg til områder der andre fra samme folkegruppe bor. En annen grunn til at mange ønsker å bo i byer kan være muligheter for jobb. Reisevei kan være et argument for ikke å bo på landsbygda. Mange er vant til å ha alle tilbud i nærheten og å bo med mange mennesker rundt seg.

Snakk gjerne om hva som skal til for å føle tilhørighet til et lokalsamfunn/land, for eksempel felles språk, kjennskap til kultur og tradisjoner eller enkel kommunikasjon med folk.

Statens forhold til nasjonale minoriteter varierer fra land til land og gjennom tidene. Hvordan er dette i deltakernes hjemland?

Tips til undervisninga

Samtalestartar 1

Sara reiser på besøk til heimlandet sitt etter å ha budd sju år i Noreg. Ein dag skal ho på besøk til tanta og onkelen. Ho er boden til middag og kjem presis klokka seks, som ho tenkjer er vanleg middagstid. Ho har med seg ein bukett blomar og ei konfektøskje. Før ho går inn i huset, tek ho av seg skoa i gangen. Når ho kjem inn i stova, ser tanta på henne og ler. «Så norsk du har blitt!» utbryt ho.

Kva meinte tanta?

Innvandrarbefolkninga i Noreg

Snakk saman

Læraren må ta utgangspunkt i situasjonen i heimlanda til deltakargruppa og styre samtalen deretter.

Dei fleste menneske søkjer fellesskap med det ein kjenner frå før, og dette er ein av grunnane til at innvandrarar gjerne søkjer seg til område der det bur andre frå same folkegruppe. Ein annan grunn til at mange vil bu i byar kan vere moglegheiter for å finne jobb. Reiseveg kan vere eit argument mot å busetje seg på landsbygda. Mange er vane med å ha alt av tilbod i nærleiken og bu med mange menneske omkring seg.

Snakk gjerne om kva som skal til for å kjenne at ein høyrer til i eit land eller eit lokalsamfunn, til dømes felles språk, kjennskap til kultur og tradisjonar, eller at det er enkelt å kommunisere med folk.

Korleis staten ser på nasjonale minoritetar, varierer frå land til land og gjennom tidene. Korleis er situasjonen i heimlanda til deltakarane?

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Muntlige ferdigheter
Digitale ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

gi eksempler på mangfold i Norge med vekt på ulike familieformer, levesett, boformer og folkegrupper, inkludert det samiske urfolket

Kjerneelement

Demokratiforståelse og deltakelse

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Minoritet og majoritet i Noreg

AdobeStock

Menneske har til alle tider flytta rundt i verda. Utvandringa frå Europa til Amerika er eit døme frå nyare tid. Meir enn tretti millionar europearar reiste til Amerika i perioden 1820–1930. Frå Noreg flytta om lag åtte hundre tusen menneske.

Mennesker kommer med båt til New York. Illustrasjon.
GettyImages

Størsteparten av dei som bur i Noreg, har norsk familiebakgrunn. I løpet av dei siste seksti åra har det kome mange innvandrarar til Noreg. Somme har kome som flyktningar, og andre kom for å finne seg arbeid. Dei har kome både frå Europa og resten av verda.

Ved starten av 2024 bur det 5,5 millionar menneske i Noreg. Meir enn éin million av dei er fødde i utlandet eller har foreldre som er fødde i utlandet. Det utgjer rundt tjue prosent av innbyggjarane i Noreg. Ein stor del av innvandrarane i Noreg har norsk statsborgarskap. Dei største innvandrargruppene kjem frå Polen, Litauen, Ukraina, Sverige og Syria. Det bur innvandrarar i kvar einaste kommune i Noreg. Likevel bur det fleire innvandrarar i byane enn på landsbygda.

Nasjonale minoritetar

Det bur fleire folkegrupper i Noreg som har hatt tilknyting til landet i fleire hundre år. Desse gruppene kallar vi for nasjonale minoritetar. Dei nasjonale minoritetane er:

  • samar
  • jødar
  • kvenar/norskfinnar
  • skogfinnar
  • romar
  • romanifolk/taterar

Kjelde: regjeringen.no

Noreg ratifiserte ein avtale om rettane til nasjonale minoritetar i 1999. I denne avtalen forpliktar staten seg til å leggje til rette for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar, kan bevare og utvikle kulturen sin, til dømes religion, språk, tradisjonar og kulturarv.

Integrering

Det er eit politisk mål at Noreg skal vere eit samfunn der majoriteten og minoritetane kan leve godt i lag og oppleve eit fellesskap og kjenne at ein høyrer til i landet vi alle bur i. Hovudmålet for integreringspolitikken er at innvandrarar og barna deira òg skal få bruke ressursane sine og vere med på å bidra til fellesskapet på lik linje med majoriteten i folket. Nøkkelen til å lukkast med dette er at alle som bur i landet, har gode norskkunnskapar.

Barn i barnehage. Foto
GettyImages

Snakk saman

  • Er opphavslandet ditt prega av innvandring eller utvandring?
  • Kvifor flyttar menneske frå heimlandet sitt?
  • Kvifor bur det fleire innvandrarar i byane enn på landsbygda, trur du?
  • Nokre byar har bydelar der ein svært stor del av innbyggjarane er innvandrarar. Kvifor er det slik, trur du? Tykkjer du dette er positivt? Kvifor eller kvifor ikkje?
  • Bør innvandrarar lære seg språket i det landet dei flyttar til? Kvifor eller kvifor ikkje?
  • Bør innvandrarar ta til seg tankar og levereglar frå det landet dei flyttar til? Kvifor eller kvifor ikkje?
  • Finst det nasjonale minoritetar i heimlandet ditt?
  • Snakk om staten sitt ansvar for å leggje til rette for at kulturen til nasjonale minoritetar blir bevart.
Fire ungdommer med ulikt opphav. Foto.
GettyImages

Vel rett svar.

Om lag kor mange av innbyggjarane i Noreg er fødde i utlandet eller har foreldre som er fødde i utlandet?

Vel rett svar.

Kvar bur det flest innvandrarar?

Fullfør setninga.

For at innvandrarar skal få brukt ressursane sine, er det viktig at dei har ...

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Noreg ratifiserte ein avtale om rettane til nasjonale minoritetar i 1999.
Det er eit politisk mål at Noreg skal vere eit samfunn der majoriteten og minoritetane kan leve godt i lag.
Størsteparten av dei som bur i Noreg, har ikkje norsk familiebakgrunn.
Om lag femti prosent av innbyggjarane i Noreg er fødde i utlandet eller har foreldre som er fødde i utlandet.
Samar, kvenar og jødar er nasjonale minoritetar i Noreg.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Meir enn tretti millionar europearar flytta til Amerika i perioden 1820–1930.
Om lag åtte hundre nordmenn utvandra til Amerika i åra mellom 1820 og 1930.
I løpet av dei siste seksti åra har det kome mange innvandrarar til Noreg.
Dei største innvandrargruppene i Noreg kjem frå Sverige, Danmark, England, Island og Polen.
Nasjonale minoritetar er grupper som har hatt tilknyting til Noreg i fleire hundre år.